Hopp til innhold

Skapte overskrifter med festavsløring – så smadra ho alle

Sophia Laukli var først opp «monsterbakken» i Val di Fiemme. Ein essensiell del av suksessoppskrifta til 23-åringen er fest og moro.

Cross-Country Skiing, Tour de Ski, day 9, Women's final climb

FESTLØVE PÅ TOPP: Sophia Laukli vann den berykta sisteetappen opp «monsterbakken» i Tour de Ski.

Foto: MATHIAS BERGELD / BILDBYRÅN

23 år gamle Sophia Laukli, med far frå Noreg, flytta frå USA til Oslo for å nå draumen om OL-medalje. I Noreg er ho ein del av Team Aker Dæhlie.

I helga tok den allsidige utøvaren eit viktig steg på vegen mot målet sitt. Ho var først opp «monsterbakken» i Val di Fiemme, og har for alvor markert seg i langrennstoppen.

– Eg var overraska då eg kom til mål. Eg trur det hjelpte meg veldig å følgja Heidi Weng, og det gav meg mykje energi, sa Laukli til NRK etter målgong.

Internasjonal pall: Heidi Weng på toppen av slslåmbakken sammen med vinner Sophia Laukli (USA) og franske Delphine Claudel.

BEST OPP «MONSTERBAKKEN»: Laukli vann rennet. Heidi Weng (til venstre) tok andreplassen og franske Delphine Claudel (t.h.) vart nummer tre.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Neste vinter-OL blir arrangert i nettopp Italia, og på laurdag fekk Laukli prøvd seg i dei olympiske løypene.

– Etter at eg konkurrerte her for første gong for nokre år sidan, visste eg at eg liker løypene her. Å gå her igjen, og ha eit av mine beste klassiske løp, gjer at eg gler meg veldig til å komma tilbake. Dette er ein god plass for meg, smiler 23-åringen.

Festløve

Ein viktig del av kvardagen til den unge langrennsløparen, som på sommarhalvåret er i verdstoppen i stilauping, skil seg ut frå ein del andre toppidrettsutøvarar.

Laukli gjer nemleg som dei fleste andre 23-åringar.

Ho festar.

I podkasten «Skirious problems», med langrennsløparane Mika Vermeulen og James Clugnet, avslørte Laukli at ho festa kvar helg gjennom sommaren.

– Det er ein del av identitet min, vil eg seia, sa Laukli i podkasten, som har vore omtalt av Dagbladet tidlegare.

sophia laukli

ALLSIDIG: Sophia Laukli er best i motbakke, både med og utan ski på beina.

Foto: AFP

På ein treningsleir i oktober innsåg ho at festinga var ein del av rutinen hennar.

– Eg vakna på søndag og kjende at «dette er galskap». Det er lenge sidan eg vakna utan bakrus på ein søndag. Eg talde bakover og fann ut at eg har festa kvar einaste laurdag frå første veke i april til slutten av oktober. Eg kjende meg ikkje så stolt då, forklarte Laukli.

– Var ikkje intensjonen

Det skapte fleire overskrifter i media før jul. No fortel ho NRK om reaksjonane.

– Eg trur det var ein ganske unik ting å komma ut med. Det er nok derfor det fekk den merksemda. Det var ikkje intensjonen min at det skulle komme ut slik det gjorde i media. Det er viktig for meg å visa at eg har eit liv utanfor langrenn òg, sjølv om ski er superviktig for meg, seier norskamerikanaren.

Sophia Laukli

BALANSE: For Laukli er festinga eit viktig sosialt avbrekk, der ho får tankane bort frå treningskvardagen, som hjelper henne å finna motivasjon til å vinna renn.

Foto: AP

Ho understrekar at distraksjonar og balanse er viktig for å halde motivasjonen oppe.

– Det er essensielt for meg. Sidan eg spring på sommaren, så blir det konkurransar 11 av 12 månader i året. Det er mykje å finna motivasjon for. For å halda det gåande må eg separera meg sjølv frå trening mentalt. Eg må ha ein sosial balanse på utsida, for å kunna gle meg mest mogleg over sport.

Balansegangen mellom fest og moro og trening på ski og på sti har vist seg å vera særs god. Men sjølv om Laukli knuste alle konkurrentane sine opp alpinbakken i Val di Fiemme, tør ho ikkje tru på OL-medalje heilt enno.

– Eg trur ikkje eg er typen til å tenkja så langt fram, men det hadde vore fantastisk. Eg er veldig gira for å forhåpentleg komma til OL, og har tanken om medaljar bakarst i hovudet. Eg skal først gle meg over sigeren her.

Sophia Laukli og Jessie Diggins

PÅ SAME LAG: Om vinteren er Sophia Laukli på lag med verdas beste langrennskvinne, Jessie Diggins.

Foto: EMMA WALLSKOG / BILDBYRÅN

Diggins: – Stolt av ho

Tour de Ski-vinnar Jessie Diggins er full av lovord om sin lagvenninne, og takkar for hjelpa på den siste etappen.

– Vi hadde ein plan om å finne kvarandre og beskytte kvarandre, og det hjelpte meg verkeleg. Eg er veldig stolt av ho, seier Diggins til NRK.

Stolt er også trenar Jostein Vinjerui i Team Aker Dæhlie. Han ler av festoverskriftene.

Det er nok litt overdrive. Ho har trent kanonbra i sommar, fortel Vinjerui.

Han kjenner seg trygg på at Laukli er på veg til å etablere seg som ei av dei aller beste i verda, utan å legge press på henne før OL i 2026.

– Men me trur at OL i 2026 kan bli artig, seier han.

null
Spiller nå
Hvor er keeperen? 00:38
Neste

Sportsnyheter

Bayern München raste 12 minutter på overtid – hevder dommeren innrømte feil

Nesten tretten minutter på overtid satte Bayern München ballen i mål, men dommeren blåste av for offside like før. Det skaper reaksjoner.

Siste nytt

  • Regjerende mester Molde slapp med skrekken – snudde til seier etter Sarpsborg-utvisning

    Sarpsborg 08 var nær en skikkelig cupbombe, før Sondre Ørjasæter ble sendt i dusjen. Da snudde de regjerende mesterne Molde til 4-2-seier på hjemmebane.

    Dermed lever fortsatt Moldes drøm om å forsvare NM-tittelen.

    Det var Sarpsborg som kom best ut fra startblokkene da Peter Reinhardsen sendte Sarpsborg i ledelsen etter en drøy halvtime.

    Tre minutter inn i 2. omgang utlignet Kristian Eriksen for Molde, men det resultatet holdt seg ikke i ett minutt engang før Sondre Ørjasæter sendte østfoldingene i ledelsen igjen.

    Dessverre for 20-åringen var veien kort fra helt til syndebukk da han satte inn en grisetakling på Eirik Haugan. Det resulterte i hans annet gule kort og marsjordre.

    Dermed åpnet det seg store rom for de regjerende mesterne, som satte inn to raske mål signert Anders Hagelskjær og Magnus Wolff Eikrem.

    Med åtte minutter igjen på klokken fastsatte Eirik Hestad resultatet for vertene.

    I Bærum tok Stabæk seg videre med 5-1-seier over divisjonskollega Bryne, mens Sandnes Ulf vant 5-3 borte over Eidsvold Turn. Fredrikstad sikret seg også avansement med 3-2 borte over Raufoss.

    Etter ekstraomganger klarte også KFUM å ta seg videre med 3-2-seier over Lysekloster, mens Vålerenga tok seg videre på straffet på bekostning av HamKam. (NTB)

    Kristian Eriksen
    Foto: NTB
  • Beltran sendte Fiorentina til conferenceligafinalen – 4-3 sammenlagt over Vetlesen og Nusas Brugge

    Lucas Beltran ble den store helten da han sikret 1-1 til Fiorentina borte mot Brugge i semifinalen i conferenceligaen.

    Italienerne hadde nemlig en 3-2-ledelse fra det første oppgjøret og er dermed klar for finalen i conferenceligaen med 4-3-seier sammenlagt.

    Hugo Vetlesen startet kampen for Brugge og pådro seg et gult kort før han ble byttet ut etter 70 minutter. Antonio Nusa startet på benken, men kom inn etter 86 minutter.

    Brugge fikk en drømmestart på kampen da Maxim De Cuyper stanget vertene i ledelsen etter 20 minutter. Dermed sto det også likt mellom lagene.

    Dessverre for belgierne pådro de seg en straffe da det bare sto igjen fem minutter på klokken. Den banket Beltran i nettmaskene bak Simon Mignolet.

    Vetlesen
    Foto: AP
  • Hoppkvinnene får utvidet skiflygingsrenn i Vikersund neste sesong: – Et veldig stort skritt

    Neste sesong skal for første gang 25 kvinnelige hoppere få delta i et skiflygningsrenn i Vikersund. Det blir også renn i Holmenkollen, tross VM i Trondheim.

    Det ble klart da hoppkomiteen i Det internasjonale ski- og snowboardforbundet (FIS) hadde møte i slovenske Portoroz onsdag.

    – Vi er stolte over at vi får til en Raw Air-turnering også i VM-året i Trondheim, og vi gleder oss ekstra til å vise fram VM-heltene i Holmenkollen og Vikersund bare noen dager etter mesterskapet, forteller prosjektleder for turneringen, Ståle Villumstad.

    Til tross for at det skal arrangeres ski-VM i Trondheim mellom 28. februar og 9. mars, har også Holmenkollen fått hopprenn bare fire dager etter mesterskapet, på en torsdag.

    Forrige sesong satte Silje Opseth verdensrekord i Vikersund, og hun gleder seg nå over at 25 kvinner skal få delta i 2025. Denne sesongen var det 17. (NTB)

    Silje Opseth
    Foto: NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal