– Odion kjem til å bli verande i Manchester fordi han har kome frå Kina innan dei siste to vekene, og nyheitene om viruset gjer oss usikre på om han får lov til å reise inn att i England om han forlét landet no, seier Ole Gunnar Solskjær i eit intervju på Manchester United sine eigne nettsider.
Slit med skader
Ighalo skal i staden for trene med sin eigen personlege trenar, og få tid til å finne seg til rette i Manchester saman med familien. Det meiner Solskjær er eit pluss, sjølv om det også betyr at den nye spelaren ikkje får trene saman med resten av laget.
Ighalo jublar etter at han scora for Lyn i kampen mot Vålerenga. Her er han saman med Indridi Sigurdsson (til venstre) og Kim Holmen.
Foto: Kyrre LienDen tidlegare Lyn-spissen er på lån frå Shanghai Shenhua ut sesongen, og Solskjær håper han skal kunne bidra med å lage mål for eit Manchester United som både slit med skader og litt for mange tap og uavgjort den siste tida.
Stjernespissen Marcus Rashford er blant dei som slit med skade, og blir ute i fleire veker.
– Me ønskjer å ha spelarar her som vil gje alt dei har, og eg kjenner Odion frå før. Han spelte i Noreg, og han har ein veldig fin personlegheit, ein god karakter og han kjem til å komme inn og vere ein stor, stor «boost» for både seg sjølv, familien hans, landet hans og gruppa vår, seier Solskjær til nettsida til Manchester United.
Marcus Rashford, til høgre, er ute med skade. Difor har Ole Gunnar Solskjær måtte finne ein erstattar. Har jublar dei to saman med Anthony Martial etter ein kamp mot Partizan Beograd i meisterligaen.
Foto: Marko Djurica / Reuters– Håper på restart
No er det ein liteb pause i kampprogrammet til det britiske laget, og Solskjær håper på ein restart når United reiser til Spania på treningsleir.
– Turen til Spania gjev oss ein sjanse til å omgruppere og evaluere det som har vore bra, for me har ikkje hatt tid til å trene så mykje. No får me gode sju, åtte eller ni dagar med trening før kampen mot Chelsea (17. februar) og resten av sesongen kor me vil ha to kampar nesten kvar einaste veke, seier Solskjær.
Den norske trenaren har ikkje heilt klart å leve opp til dei høge forventningane i Manchester, og det tidlegare storlaget ligg på sjuande plass etter 25 kampar.
Det er seks poeng opp til Chelsea på fjerdeplassen - ein ligaplassering som kvalifiserer laget til meisterligaen.