Hopp til innhold

Solskjær før skjebnekampen: – Mine 18 år skal ikkje bli definert av dette

Ein offensiv Ole Gunnar Solskjær har planar om å slå tilbake mot Tottenham laurdag. Han er klar på ein ting.

bpXR4ieMgYc

FRYKTELEG: Ole Gunnar Solskjær fekk eit ordentleg slag i trynet etter 5-0-tapet mot Liverpool, det største tapet mot erkerivalen på lang, lang tid.

Foto: OLI SCARFF / AFP

Ole Gunnar Solskjær og hans Manchester United står overfor ei tøff oppgåve når dei møter Tottenham på bortebane laurdag.

Etter det knusande 5-0-tapet mot Liverpool på heimebane, har spekulasjonane florert om kristiansundaren kjem til å få sparken i klubben.

Det er ikkje tvil om at dei raude djevlane er i ei dårleg form for tida, men det vil ikkje Solskjær ha snakk om. Han er klar for å slå tilbake.

– Mine 18 år i klubben skal ikkje bli definert av desse få vekene. Eg har hatt gode og dårlege periodar som spelar, som manager, som trenar for reservelaget, og for meg handlar det om at eg alltid skal sørge for å slå tilbake, seier Solskjær i eit større intervju med Sky Sports.

Hatt fleire kriser tidlegare

Fleire ekspertar har vore ute og meldt at Solskjær ikkje lenger sit trygt etter det fryktelege tapet mot erkerivalen.

Solskjær fortel at han kommuniserer med klubben og styret fortløpande, og at dei er opne med sine meiningar overfor han.

– Sjølvsagt forventar eg ikkje at dei skulle forsvare den framferda mot Liverpool. Vi er i ein dårleg form for tida. Eg har trua på meg sjølv, men det handlar ikkje om meg, det handlar om å gå framover. Vi nådde botnen då vi tapte mot rivalen på den måten, seier han.

Britain Soccer Premier League. Ole Gunnar Solskjær.

MISFORNØGD: Ole Gunnar Solskjær under kampen mot Liverpool.

Foto: Rui Vieira / AP

Han er ikkje bekymra, og refererer til tidlegare periodar i åra han har sete i trenarstolen.

– Vi har vel hatt to eller tre slike «kriser» i dei åra eg har vore her. Laget og spelarane har komme sterkare ut av det, seier han og held fram:

– Alle lag har ein dårleg periode i løpet av ein sesong, men det er slike periodar gode spelarar trivast i, det presset. Dei er her fordi dei er gode personar, gode spelarar, som kan handtere slike situasjonar, seier Solskjær.

Forventar endringar

Dei tre kommande kampane blir trekt fram som avgjerande, og allereie laurdag er ein spent på om laget klarer å snu trenden.

Solskjær har gjort grep i formasjonen, og stiller med ei defensiv tremannslinje i forsvar.

Fotballekspert Alan Shearer trekk fram fleire ting han meiner bør sjå tydelege endringar på:

– Fleire ting må endrast. Haldning er ein av dei, og arbeidsmoral. Uansett kor høg lønn du har, bør det ligge til grunn. No har dei fått ein ny sjanse, og no spelar dei for Solskjær si framtid. Vi får sjå om dei har lyst å behalde han i jobben, seier Shearer til BBC 5 Live Sport og held fram:

Alan Shearer

KRITISK: Alan Shearer.

Foto: LINDSEY PARNABY / AFP

– Folk kan akseptere nederlag, men fansen godtar ikkje at spelarane ikkje prøver ein gong. Det var mangel på innsats, mangel på profesjonalitet og ein mangel på organisering, seier han.

Det har i alle fall Solskjær planar om.

– Vi må bevise overfor oss sjølv at vi er eit betre lag. Dette er ein stor kamp, og kvar einaste kamp for denne klubben er stor, men etter denne veka vi har hatt er det sjølvsagt ein litt større ein, seier Solskjær berre timar før kampstart.

Forsvararen Harry Maguire er klar i talen:

– Det har vore ei tøff veke, men vi er nøydd til å legge det bak oss. No må vi spele ein kamp som fansen kan vere stolt av, seier Maguire.

Sportsnyheter

Kastet ut av landslaget etter dette intervjuet – får støtte av norsk profil

Like etter at Josef Alami ble svensk mester i taekwondo gikk han hardt ut mot landslagsledelsen i et direktesendt intervju med SVT. Det fikk alvorlige konsekvenser.

Siste nytt

  • Haaland blir karakter i mobilspill

    Erling Braut Haaland har inngått et samarbeid med det populære mobilspillet Clash of Clans.

    Det skriver selskapet bak spillet, Supercell, i en pressemelding tirsdag formiddag.

    Samtidig har det blitt laget en egen Haaland-karakter i spillet, som spilles av millioner verden over. Haalands karakter har fått navnet «Barbarian King».

    – Det har vært vanskelig å holde dette hemmelig, sier Haaland i pressemeldingen, hvor han avslører at har god kjennskap til spillet.

    – Jeg har vært en stor fan av spillet i lang tid og vet alt om det, så å dukke opp som en karakter i spillet er virkelig kult, sier Haaland.

    Haaland Clash of Clans
    Foto: Supercell
  • Norsk lag tok VM-tittelen i cheerleading

    Norske Viqueens Cheerleaders kunne i natt slippe jubelen løs etter å ha blitt verdensmestre for klubblag i Orlando.

    Viqueens konkurrerte i International Open Level 7 og vant foran amerikanske GymTyme All-Stars og Gothenburg Cheer One fra Sverige.

    Det norske cheerleading-laget har lagt ut en rekke innlegg på historiefunksjonen til Instagram, der de feirer verdensmestertittelen.

  • Forlenger med storklubben – får superlønn

    Travis Kelce tar to nye år hos Superbowl-mester Kansas City Chiefs. Den amerikanske NFL-stjernen, som også er kjent som Taylor Swifts kjæreste, har signert en avtale som gir ham hele 34,3 millioner dollar, eller 378 millioner kroner etter dagens kurs. Det opplyser NFL selv på sine nettsider, ifølge danske Ritzau.

    Kelce, som er tight end, har spilt 11 sesonger i NFL. Avtalen gjør han til en av de best betalte spillerne i denne posisjonen.

    Travis Kelce
    Foto: PATRICK T. FALLON / AFP

Sendeplan

Kl. Program Kanal