Om sommaren er det internasjonale overgangsvindauget ope frå 1. juli og ut august. To av profilane til landslaget har allereie bytt arbeidsgivar.
Birger Meling og Kristoffer Ajer har signert for høvesvis Rennes (Ligue 1) og Brentford (Premier League).
Landslagssjef Ståle Solbakken meiner at det har vore eit problem at fleire av utanlandsproffane har fått for lite speletid.
– På generelt grunnlag haltar vi litt av for lite speletid i dei fem øvste ligaene. Målet er å få flest mogleg til å spele regelmessig i dei ligaene, seier Solbakken til NRK.
Meiner fleire kunne trengt klubbskifte
Det meiner landslagstrenaren at fleire av spelarane er klare for.
– Ja, det trur eg. Men det handlar om å få tillit frå trenaren og finne riktig klubb med ein spelestil som passar.
Til TV 2 seier han at fleire kunne trengt eit klubbskifte. Til NRK trekkjer han fram nokre konkrete spelarnamn:
– Det er nokon som heilt sikkert treng det. Ørjan Nyland har ingen klubb, Sander Berge skal ikkje spele i Sheffield United, påpeikar landslagssjefen.
Jens Petter Hauge har òg slite med speletid sidan overgangen til AC Milan. NRK veit at han no er i dialog med Frankfurt i Bundesliga.
– Eg er overtydd om at det løyser seg. Det verkar som ting er i rørsle. Anten får han tillit i Milan, eller så vil han spele ein annan stad.
– Moi er tilbake i Southampton, og om han får spele der er det topp, legg Solbakken til.
Fornøgd med Ajer og Melings overgangar
Solbakken fortel at han er fornøgd med overgangane til Ajer og Meling. Han trur det er klubbskifte som kan passe spelarane.
– Det trur eg. Meling, viss han får tillit, kjem til å spele på eit lag som har ballen i laget mykje meir enn klubben han spelte for i fjor.
– Ajer skal spele i ein liga med eit mykje høgare tempo, og med skandinaviske trenarar som har litt av det tankesettet og spelestilen som eg trur han kjem til å trivast i, legg han til.
NRKs fotballekspert Carl-Erik Torp meiner det var på høg tid at dei to fekk byte klubb.
– Ajer har vore overmoden for å kome seg bort frå Skottland og Celtic. Sånn som eg ser det, vil han gå rett inn på sitt nye lag. Det er ein nyopprykt klubb som vil få det tøft i Premier League, men eg meiner likevel det var eit positivt byte av Ajer, seier Torp.
– Det same vil eg seie om Meling, som rykte ned med Nîmes og no er klar for Rennes. Det er ein strålande overgang. Spelar han seg inn på laget, har vi plutseleg ein back som spelar fast på ein stor klubb i ein av dei store ligaene, påpeikar han.
Torp legg òg til:
– Reint sportsleg trur eg Hauge har det fint i Milan, men eg kunne sett for meg eit utlån til ein mindre serie A-klubb, der sjansen for å spele fast ville vore større.
Spent på Ødegaard
Carl-Erik Torp meiner til liks med Solbakken at det har vore ei utfordring for landslaget i lang tid at spelarane ikkje har fått nok speletid på klubblaga.
– Vi har fått ein del overgangar no som eg trur vil slå bra ut for landslaget, men at Martin Ødegaard er tilbake i Real Madrid luktar litt problem.
– Han kan bli sitjande som ein ekstra «back up» eller bli leigd ut igjen. Då blir det veldig spennande å sjå der han hamnar, kommenterer han.
Nokre spelarar i Eliteserien har vorte testa på landslaget dei siste samlingane.
Aron Dønnum vart klar for belgiske Standard Liège tidlegare i sommar. Fredrik Aursnes gjennomførte overgangen sin frå Molde til Feyenoord førre veke.
Spelarar som Fredrik André Bjørkan (Bodø/Glimt) og Patrick Berg (Bodø/Glimt) har ikkje flytta på seg endå.
Det uroar ikkje landslagssjefen.
– Den tida kjem. Bjørkan har kort tid igjen av kontrakten, og Patrick Berg blir jo matcha i Europa no, seier han.