Esset heiter Bernardo Cueva. Meksikanaren er i skrivande stund oppteken med å skreddarsy Norges taktikk på offensive dødballar.
Cueva har allereie presentert eit utkast for landslagssjefen, men planane må bli stokka om no som mellom anna Erling Braut Haaland er ute av biletet.
Taltaktikk
Cueva jobbar til dagleg i Brentford som «taktisk statistikar».
Brentford har bygd opp eit heilt støtteapparat med talknusarar. Eigaren Matthew Benham har lenge svore til det såkalla «Moneyball»-prinsippet, altså at vala blir tekne på bakgrunn av statistikk og data.
Denne filosofien blir brukt både utanfor banen (spelarkjøp), og på banen. Brentford brukar tal og statistikk for å vurdere prestasjonane til spelarane, men også for å bestemme taktikk – ikkje minst på dødballar.
– Han får all makt på offensive dødballar, svarer Solbakken på NRKs spørsmål om kor mykje makt Cueva får.
– Sjølv om det inneber ein viss risiko?
– Altså. Det kan ikkje bli dårlegare.
Midtjylland, som fekk same eigar som Brentford i 2014, skåra 45 prosent av måla på dødballar då klubben vart seriemeister for første gong i 2015.
Så langt denne sesongen har den engelske Premier League-klubben skåra fire (40 prosent) av måla på dødballar:
– Frie taumar, sjølvsagt
Podkasten AI Under Pressure la merke til korleis Brentford tek tydeleg risiko med å få flest mogleg spelarar i boksen til motstandaren.
Éin av teoriane er at Brentfords risiko aukar sannsynet for mål meir enn sannsynet for kontring og mål i motsett ende.
– Brentford er jo kjent for å ta nokon sjansar? nemner NRK for landslagssjefen.
– No har han presentert det for meg, så det blir ikkje sånn at vi set ti i feltet og berre målvakta står igjen. Vi er ikkje der. Men han har frie taumar, sjølvsagt. Vi tek ikkje ein mann inn her viss han ikkje har det. Og så må eg blåstemple det, då. Slik at det ikkje er «god natt». Det er det ingen ting som tyder på. Det trur eg dei har sett, dei som har sett Premier League med Brentford i det siste, seier Solbakken.
Legg slagplan
NRKs oppteljing viser at Norge har fått 68 hjørnespark på dei åtte landskampane under Solbakkens leiing.
Det har resultert i tre mål, noko som gir ei utteljing på fire prosent, eller skåring på kvart 23. hjørnespark.
Det er ikkje langt unna «normalen» internasjonalt, og det vart til dømes skåra på 3,7 prosent av hjørnesparka i VM i 2014.
Likevel ser Solbakken eit klart forbetringspotensial.
– Eg har fått utkastet på kva vi skal gjere. Grunnen til at vi ikkje har teke steg to, er fordi han (Cueva) har studert hjørnesparka våre og kven som har gjort kva. No blir det jo ikkje heilt dei same spelarane som går opp, så han må få eit hint av meg i dag (måndag) om kven som meir sannsynleg enn andre kan bli putta i dei situasjonane, seier Solbakken.
NRKs fotballekspert, Carl Erik Torp, meiner det blir spennande å sjå kva Norge får ut av dødballeksperten til Brentford.
– Det kan kanskje vere lurt å kopiere noko av det, ut frå kva som passar til det Norge har ute på banen når dødballane blir tekne. Han har nok gode vurderingar og argument for å gjere det på den eine eller andre måten, og det er ikkje berre magekjensle, men tal bak det, seier Torp.