– Krafttapet ein har under Tour de France er enormt. Derfor kan vi ikkje kaste bort krefter på avslutningar som viser seg å vere verdilause, seier trenar Stein Ørn.
I fjor ga Alexander Kristoff alt i to Tour de France-spurtar han eigentleg var sjanselaus på å vinne.
Etappane var for bratte på slutten, men det visste ikkje Kristoff fordi det i utgangspunktet var vanskeleg å sjå på løypeprofilen frå arrangøren.
Ørn meiner dette også øydela for sjansane på påfølgande, paddeflate etappar fordi Kristoff då var svekka.
– Vi baserte oss på informasjon frå arrangøren. Den var ikkje nøyaktig nok. Denne fella skal vi unngå i år.
Har reist rundt og tatt bilder av løypa
I år har trenar Ørn og Katusja henta inn informasjonen sjølv. Arbeidet har vore omfattande.
Når NRK møter Ørn viser han fram meir grundige analyser av etappane som ifølge arrangøren kan vere potensielle Kristoff-etappar.
Dokumenta på laptopen inneheld bilete av avslutningane. Kvar sving og bakke er undersøkt med hjelp av Google Maps.
Men kun dette er ikkje nok.
– Maksimalgradient på spurtprofilane er vanskeleg å oppdage på Google Maps. Derfor har vi sett av folk til å reise rundt og ta bilder av løypa for å forsikre oss, seier Ørn.
– Blei overraska
Blemmer på etappar som fjorårets 13. etappe skal ikkje skje igjen.
– Eg blei overraska over den, for på profilen såg innspurten bare ut som ein liten dump, seier Kristoff.
Då han fekk ein reell sjanse på 15. etappe blei han slått av André Greipel.
– Feilen frå 13. etappe blei ein følgefeil. Alexander kunne ha vunne den spurten, men hadde mista litt av trøkket i beina etter førre forsøk, som også var på ein svært varm dag.
Alt kan ikkje analyserast
No er Kristoff langt tryggare på løypene, men likevel ikkje hundre prosent sikker på alt han møter.
– Eg har ei klar oppfatning av kor store vegane er, kor svingane går og sånn, men eg får ikkje sett korleis barrierene er. Det kan jo forandre vegen litt. Kor mykje av vegen dei tar vekk for å lage barrierer for publikum, seier han.