– Eg håpar det aldri blir ulovleg, då har vi eit problem, seier 23-åringen med ein smil.
Når VM i Doha startar neste fredag er han eit av våre største gullhåp. Og du har heilt sikkert sett han på startstreken før eit løp. Han brøler og slår seg sjølv i hovudet og andletet.
– Brøla er noko eg har utvikla på trening for å få opp tenninga. Det har eg tatt med meg vidare, det fungerer for meg, det har blitt rutine.
For sjølv om han under stemnet i Zürich i slutten av august var i superduellen mot Rai Benjamin, er det nemleg ikkje kvar gong han får bryne seg på like stor motstand.
Difor meiner han denne oppvarminga er heilt nødvendig.
– Eg trenar veldig mykje med meg sjølv, og i år har eg pusha tidene mykje sjølv også.
Fleksar musklar og tek armhevingar
Men det er ikkje berre før løpa Warholm sine brøl og spesielle feiringar har skapt overskrifter.
Etter sesongopninga i Diamond League i Stockholm i år fleksa ekspressen frå Ulsteinvik musklane etter å ha knust all motstand. Så ivrig vart han, at han til og med ufrivillig avviste den svenske jenta som delte ut sigerskransen.
Då han hadde sprunge inn til den nest beste tida nokon gong i verda på 400 meter hekk og ny europeisk rekord i Zürich i slutten av august, feira han med å ta armhevingar i målområdet.
– Det er ikkje mykje meir å sei enn at det føyer seg inn i rekka av andre dumme ting eg har gjort, seier Warholm til NRK og ler.
Og det er stunt som Toppidrettssjef i Noregs Friidrettsforbund Erlend Slokvik meiner er heilt innanfor.
– Han må få lov til å syne glede, enkelt og greitt. Han kan feire akkurat som han vil for min del.
– Litt som å vere rusa
For sjølv om det som skjer før start er bevisst, er ikkje det som skjer etter målgang like godt planlagt. Som då han etter EM-gullet i Berlin i 2018 sprang rundt i målområdet med vikinghjelm og norsk flagg.
– Løpet krev alt av mitt fokus. Eg ville aldri hatt energi til å planlegge noko sånt. Difor kan eg ikkje skamme meg for mykje, fordi det er spontant. Det er litt som å vere rusa, og då gjer ein litt sånne dumme ting.
Påfunna har også blitt lagt merke til av fleire. Avisa Tagez-Anzeiger i Zürich skreiv dette om nordmannen etter prestasjonen tidlegare i sommar:
«Ingen friidrettsutøvar skrik meir elda opp før start enn Karsten Warholm. Blir tida god, er det heller ingen som brøler meir euforisk etter målgang»
– Det er nok ei riktig skildring. Akkurat det skammar eg meg ikkje over. Det meiner eg berre er kjensler og sånn som friidretten er for meg. Og spesielt det etter mål er rein glede.
Så står att det å sjå om korleis Warholm vil feire, dersom han skulle setje nye verdsrekord eller ta VM-gull i Doha.
– Eg har ikkje peiling rett og slett. Det kjem nok gjerne spontant, spår friidrettssjefen Erlend Slokvik og ler.