Hopp til innhold

Slår tilbake mot VIF-Jonssons kritikk: – Må passe seg sjølv

Vålerengas sportssjef Joacim Jonsson gjekk nyleg hardt ut mot pengebruken til eliteserierivalen. No får han svar på tiltale frå Molde-trenar Erling Moe.

Moe og Jonsson

HARDTSLÅANDE: Joacim Jonsson sende ein hard pasning til Molde, og fekk ein like hard pasning tilbake frå Erling Moe. Så får andre bedømme kven av dei som var mest presis.

Foto: Montasje NTB

– Han må passe seg sjølv.

Det er den klare beskjeden frå Moe til Vålerengas fritalande sportssjef.

Det var i Nettavisen-podkasten «Sesongkortet» at den gamle midtstopparen Joacim Jonsson denne veka kom med ei saftig sklitakling på Molde og dei ferske overgangsaktivitetane deira.

– Heilt absurde

Han var i podkasten særleg kritisk til dei siste rapportane om at Molde har lagt inn eit nytt bod på Veton Berisha som, ifølgje TV 2 og Nettavisen opplysningar, skal ha ei totalramme på rundt 30 millionar kroner.

– Dei summane som blir spekulerte i for Berisha er heilt absurde, sa Jonsson, og la til:

– Molde gjer akkurat kva dei vil og dei har dei pengane, så det er ingen vits å sutre, men at det er ein overpris – ja, det er det så klart, slo VIF-sjefen fast.

Bruken av ord som «absurd» og «overpris» får Molde-trenar Erling Moe til å slå tilbake.

– Eg veit kva ein del av dei spelarane han har henta inn kosta òg. Eg skulle likt å sjå at han sa det same viss han fekk lov til å hente spelarar på den same hylla som oss. Om tonen hadde vore den same då, det er eg usikker på, seier Moe til NRK.

Les også Stjerne vart gravid – blei overraska då ho såg lønna

FILE PHOTO: Women's Champions League - Olympique Lyonnais Training

– Eg passar meg sjølv

Joacim Jonsson er rask med å svare tilbake:

– Klubben går den eine dagen ut og seier at dei synest prisane i den norske marknaden har vorte altfor høge, og neste dag byr dei over 30 millionar for ein spelar … Eg tenkjer at eg eigentleg ikkje treng å seie så mykje meir. Og eg passar på meg sjølv i tillegg, seier Jonsson til NRK.

Molde-trenaren vil ikkje stadfeste at summen på det siste bodet stemmer, men er ærleg om at han håpar Veton Berisha snart blir Molde-spelar.

Erling Moe

Erling Moe og Molde er for tida på treningsleir i Spania.

Foto: Egil Sande / NRK

– Det er vel ein dårleg skjult løyndom at eg liker han utruleg godt og har gjort det i mange år, og har vel prøvd å få han til klubben mange gonger. Men eg har ikkje så mykje å utfylle, han er i ein annan klubb og er det til han ikkje er det lenger. Vi får sjå, seier Moe.

Det Jonsson viser til er at Molde-direktør Ole Erik Stavrum nyleg, i eit intervju med TV 2, gjekk ut og åtvara mot at prisnivået på norske spelarar har auka betrakteleg, noko som vanskeleggjer å hente spelarar frå den norske marknaden for ein klubb som Molde.

Les også Klaveness stiller til Uefa-valg: – En mulighet de ikke har råd til å si nei til

5 Norges fotballpresident Lise Klaveness i studio.

Erling Moe meiner likevel at biletet frå Molde-direktøren må nyanserast.

– Det kom litt feil ut frå Ole Erik si side, trur eg. Det er eit komplekst bilete, og det er sånn at alle klubbar bestemmer sjølv kor mykje dei vil ha for spelarane sine. Viss dei då vel å behalde dei, betyr det at dei sit godt økonomisk i det og ikkje treng å selje. Eg synest vi skal passe på oss sjølv og la dei andre gjere som dei vil, seier Moe.

– Det eg trur Ole Erik meinte, og som kan vere ein fare, er at dei pengesterke klubbane legg igjen pengane sine i utlandet i staden for i Noreg. Eg trur mange hengjar seg opp i at tre spelarar har vorte selde for store summar det siste året (Erik Botheim, Casper Tengstedt og David Fofana), men eg trur ikkje det er normalen. Eg trur nok vi må belage oss på å selje spelarar i Noreg som går for 15-20-30 millionar, og viss du sel for dét, og det er like dyrt å kjøpe internt i Noreg, då ligg det ikkje så mykje igjen der. Men dette må kvar klubb ha kontroll på sjølv, eg trur ikkje vi skal gå ut og syte så jækla mykje, slår Moe fast.

Vil behalde Berisha?

NRK har prøvd å få ein kommentar om Berisha-interessa frå Hammarbys sportssjef Jesper Jansson, men han har ikkje svart oss.

Til svenske Fotbollskanalen uttalte Jansson likevel at dei har ein lang kontrakt med Berisha og at det skal «veldig, veldig mykje til om dei ein gong skulle vurdere det».

– Vi trur veldig mykje på Veton og har investert stort i han, sa Jansson.

IWlLBQFYX6k
Foto: Stefan Jerrevång / TT / NTB

Molde fekk over 130 millionar kroner frå Chelsea for David Fofana, den dyraste overgangen i historia frå norsk fotball, og det er han Berisha er tiltenkt å erstatte.

Men aller helst skulle Moe sett at supertalentet, som berre går under namnet «Foffa» i Molde, vart verande.

– Eg kunne godt tenkt meg å ha han her i eitt år til, for han var i ferd med å blomstre skikkeleg. Men når det blir sånn som det vart her, går det ikkje an å behalde han. Då er det berre å klappe han på skuldra og ønskje lykke til, seier Moe.

Og sjølv om Berisha ikkje skulle komme: Molde kjem til å hente inn ein spiss før seriestart anten han har initialane V.B eller ikkje.

– Når ein såg god spelar som «Foffa» forsvinn, må vi ha inn ein spelar som forhåpentleg kan bidra endå betre enn det «Foffa» gjorde for oss. Det er dette som er spennande, vi ønskjer ikkje berre ein spiss som skårar 15 mål, men han må hjelpe dei andre slik at heilskapen blir sterkare.

Så får tida vise kven dei klarer å lande. Og ikkje minst:

Til kva pris.

Siste nytt

  • Italia med tomålsseier over Estland

    Italia vant 3–1 over Estland i VM-kvalifiseringskampen lørdag kveld.

    Dermed står Italia med tolv poeng i gruppe I, seks poeng bak Norge. Italienerne har riktignok én kamp mindre spilt.

    Med mindre Italia vinner sine tre gjenværende kamper med enorme sifre, trenger Norge bare beseire Estland 13. november for å i praksis være VM-klare.

    Etter Estland venter Italia borte for Ståle Solbakkens menn.

    Norge har 29–3 i målforskjell, mens Italia har 15–8.

    Italias Moise Kean satte inn 1–0 etter fem minutter, før Mateo Retagui økte ledelsen seks minutter før pause.

    I andre omgang la Francesco Pio Esposito på til 3–0. Estlands Rauno Sappinen reduserte til 1–3 etter 73 minutter.

    Israel står med ni poeng, Estland tre og Moldova ligger sist i gruppa med null poeng. Også de har én kamp mindre spilt.

    Tirsdag møtes Italia og Israel. Samtidig spiller Norge privatlandskamp mot New Zealand på Ullevaal stadion.

    En gruppe menn i sportsuniformer
    Foto: Sergei Grits / AP / NTB
  • Straffedrama måtte avgjøre toppkampen – Storhamar slo Vålerenga

    Martin Røymark scoret to mål for serieleder Vålerenga, men Storhamar utlignet til 4-4 på tampen. I straffekonkurransen var gjestene fra Hamar sterkest.

    Røymark scoret 4-3-målet med elleve minutter igjen av tredje periode. To minutter før slutt var Andreas Dahl godt plassert foran mål og styrte inn 4-4.

    I straffekonkurransen ble Tommy Hjelm helten med den eneste scoringen. Vålerenga har tapt poeng i bare tre kamper så langt denne sesongen. Petter Thoresens mannskap tok dermed en viktig triumf.

    Vålerenga er fortsatt serieleder, men greide ikke å få en stor luke ned til Frisk Asker, som gikk på et overraskende tap for Sparta Sarpsborg lørdag. VIF har 22 poeng, Frisk 21 og Storhamar 17.

    Det ble spilt to øvrige kamper i Elitehockeyligaen lørdag kveld. Stavanger Oilers vant 4-2 over Stjernen, mens Frisk Asker tapte 1-3 hjemme mot Sparta Sarpsborg. (NTB)

    Storhamar-trener Petter Thoresen under intervju med NRK
    Foto: Jonas Kroken Sævereide / NRK
  • Her feirer landslaget med kebab

    Oppfordringen fra landslagssjef Ståle Solbakken var klar:

    – Jeg blir skuffa hvis ikke alle går ut i dag. Det er én mann som skal være på hotellet, og det er sjefen, gliste Solbakken på pressekonferansen etter kampen mot Israel.

    Og den ser ut til å bli fulgt.

    I et bilde delt med flere medier, deriblant NRK, kan man se landslagstroppen spise fra en kebab-buffé på spillerhotellet på Storo.

    – Både støtteapparatet og spillerne hygger seg – fordi de fortjener det, sa Solbakken videre.

    Seieren 5–0 over Israel gjør at Norge i praksis bare er én kamp unna (hjemme mot Estland) fra å være VM-klare.

    Landslaget har ny kamp på tirsdag, hjemme mot New Zealand. Men det er «bare» en vennskapskamp.

    Det norske landslaget spiser kebab-buffet
    Foto: Tåsen Cafébar

Sendeplan

Kl. Program Kanal