– Eg var litt overraska over at smørjesjefen gjekk såpass hardt ut mot utøvarane på den måten han gjorde, seier Johaug på NRKs sending frå herrestafetten.
Temaet var dei svenske smørjeproblema som langt på veg avgjorde kvinnestafetten for Sverige. Etter at Frida Karlsson måtte gi ei luke til Ingvild Flugstad Østberg og dei svenske storfavorittane «berre» klarte bronse, var Karlsson blant løparane som meinte skia var dårlege.
Men den svenske smørjesjefen Petter Myhlback var ikkje samd.
– Eg synest det såg ut som om ho hadde slitne bein, sa han til Aftonbladet.
– Eg er lei av at utøvarane ikkje er fornøgde med skia. Når dei er bra er det veldig stille, sa Myhlback til Expressen.
Til NRK sa smørjesjefen til svenskane at det var kjipt å få kritikk frå løparane.
– Kva tenkjer du når du høyrer det. Fekk du inntrykk av at skia er dårlege?
– Nei, eg fekk ikkje det inntrykket. Eg ser på TV-bileta at det kanskje er nokon som har betre ski enn oss, men den jobben vi har gjort i smørjeteamet før denne konkurransen og måten vi jobbar på i gruppa er eg veldig stolt og fornøgd over. Eg er veldig stolt av måten vi jobbar på.
– Kasta under bussen
At Myhlback valde å vere kritisk overfor sine eigne utøvarar, likte ikkje Johaug noko særleg.
– Han burde ha lagt seg flat og ikkje sagt noko, spør du meg, seier Johaug.
Også Karlsson sjølv vart irritert over utsegnene til smørjesjefen ifølgje mor hennar, Mia Karlsson.
– Ho følte at ho vart kasta under bussen, seier ho til Expressen.
– Av Myhlbacks uttale?
– Ja, ho vart opprørt over det.
Expressen erfarte torsdag at det var krisemøte i det svenske laget etter usemja som oppstod i etterkant av løpet.
La seg flat
Der skal Myhlback ha beklaga seg overfor Frida Karlsson.
– Eg ser jo at Frida blir lei seg etterpå og eg ber om unnskyldning for dei utsegnene, seier Myhlback til svensk Viaplay.
Han fortel vidare at han angrar og at det svenske laget fekk rydda opp torsdag kveld.
– Vi hadde ein bra samtale med alle damene. Når det blir så mykje styr som det vart påverkar det heile laget. Vi har alltid ein dialog og eg synest at vi kom eit godt stykke på veg i går, seier han.
Karlsson sei på et pressetreff fredag at dei har skværa opp.
– Vi har snakka saman, og han angra seg veldig. Så det er ingen sure miner, sei ho til NRK.
– Eg stoler framleis på at han gjer alt han kan for at vi skal ha god glid, og det har eg aldri vore skeptisk til. Og eg veit at han trur eg gjer mitt beste ute i løypa også, fortset Karlsson.
På herrestafetten fredag klarte aldri Sverige å ta opp kampen med det norske gullaget. Allereie på den første etappen måtte Johan Häggström gi slepp og heller ikkje sterke løparar som William Poromaa og Calle Halfvarsson klarte å redde inn stafetten.
Til slutt enda det med ein svak sjetteplass, men dei svenske løparane skylde ikkje på smørjarane fredag.
– Det var ikkje noko gale med skia i dag, slo Poromaa fast.
Halfvarsson fortel at stemninga i den svenske leiren ikkje var bra.
– Det var ikkje bra i går. Det blir litt feil når løparane og teamet dreg i kvar si retning. Det er ikkje bra, seier Halfvarsson.