NRK Meny
Normal

Sky-kommentar: - Spark Deila no

Sky Sports' kommentator Andy Walker meiner Ronny Deilas tid som Celtic-manager bør vere over etter to tap på fire dagar.

Ronny Deila

FÅR DET IKKJE TIL: Etter ein perfekt januar i ligaen, har Ronny Deilas Caltic snubla i dei to siste kampane. Presset på nordmannen aukar og kravet om å sparke han frå den suksesskrevjande klubben aukar i styrke

Foto: Lee Smith / Reuters

– Om det var opp til meg, hadde eg teke ein telefon til Dermot Desmond (Celtics hovudaksjonær) no med ein gong, seier kommentatoren.

Celtic vart slått ut av ligacupen av Ross County søndag, og tapte toppkampen i ligaen for Aberdeen i går. Det var Aberdeens andre heimesiger over Celtic denne sesongen, og klubben første double over Glasgow-giganten på 25 år. Og laget spela sin 11. ligakamp på rad utan tap.

Laster Twitter-innhold

Sterke reaksjonar frå fansen

Reaksjonane frå fansen i kampen i går var sterke. Twitter kokte nærmast over med krav om å sparke nordmannen.

– Dersom han (Desmond) registrerte at supporterane bua laget sitt av bana, er han nøydd til å ta det med seg til styret. Han må spørje seg om Deila er rette mann for å ikkje berre leie laget til ligatilttelen, men også å få suksess i Europa.

– Skal Celtic vere eit meisterligalag, eller skal dei vere nøgde med å delta i europaligaen? spør Andy Walker.

Han seier at Celtic i dei to siste kampane har mangla alt: – Ingen vilje, ingen tru, ingen «passion» – alt som eg assossierer med Celtic, seier han.

– Har ikkje klart å vinne store kampar

– Han har ikkje tapt så mange kampar, og Celtic leiar ligaen. Men for meg handlar Celtic om å vere med i meisterligaen. Dei har enorme ressursar og skal ligge langt framfor alle andre klubbar i Skottland. Deila har ikkje levert eit einaste bevis for at han kan vinne store kampar, seier Walker.

Celtic vann alle liagkampane sine i januar, og Deila fekk prisen som månadens manager. Derfor er fallet stort når gigantiske Celtic har tapt to strake kampar.

Med tapet i går, leier Celtic ligaen med berre tre poeng på Aberdeen. Dei er framleis med i FA-cupen, men er ute av ligacupen, og har dermed mista sjansen på «The Treble».

Deila sjølv tar kritikken med ro.

– Eg har blitt van med å blitt spurt om mi stilling. Eg tenkjer ikkje så mykje på det. Eg trenar eit lag og eg ser mykje talent, seier han til BBC.

– Og eg er overtydd om at vi er gode nok til å ta ligatittelen. Vi har alt i våre eigne hender, seier han.

Siste nytt

Sendeplan

Kl. Program Kanal
EM feltritt: Sprangridning
Friidrett: Diamond League fra Birmingham
Friidrett: Diamond League
Friidrett: Diamond League
4-4-2 Radiosporten
4-4-2 Radiosporten
Radiosporten følger den 20.runden av Eliteserien
4-4-2 Radiosporten
4-4-2 Radiosporten
4-4-2 Radiosporten
4-4-2 Radiosporten