– Eg synest jo me skulle blitt nominert. Med fare for å verke bitter, ler Tandrevold.
Ho var ein del av gullaget på VM-stafetten i Östersund sist vinter. Og skiskyttarkvinnene har fylgd opp denne sesongen med to strake sigrar på stafettane i verdscupen.
Det var likevel ikkje godt nok til å bli nominert som årets lag på Idrettsgallaen 2020.
Eckhoff nominert til to prisar
Landslagstrenar Sverre Waaler Kaas forstår heller ikkje kvifor gullaget manglar på lista.
– Eg stussar jo på det, iallfall akkurat nå når me har vunne tre stafettar på rad i ein av dei tøffaste vinteridrettane som er. Skulle gjerne vore ein av dei nominerte, seier Kaas.
Tiril Eckhoff er likevel nominert i kategorien sidan ho gjekk på laget som tok gull i mixed-stafett. I tillegg er ho nominert som årets kvinnelege utøvar for fyrste gong.
– Aldri blitt nominert som det før, så det klappar eg meg sjølv litt på skuldra for, smiler Eckhoff.
Derfor har ho naturleg nok litt blanda kjensler etter å ha høyrt nominasjonane til årets lag.
– Det er litt miksa kjensler her, men det er jo litt rart. Eg tenkjer jo at damelaget har vist at me er veldig gode i år når me har vunne to stafettar på rad. Da kan dei berre angre seg i nominasjonsgjengen, ler Eckhoff.
– Skiskyttarforbundet har rangert desse laga
NRKs skiskyttarekspert Liv Grete Skjelbreid har sjølv vore med å ta VM-gull på stafett. Ho hadde forventa at stafettlaget hadde blitt nominert i år.
– Måten dei har jobba seg opp som lag til det VM-gullet synest eg hadde fortent ein nominasjon. Etter så mykje motgang dei har hatt. Det er absolutt ikkje berre å hente eit VM-gull, me har sett i mange år kor vanskeleg det har vore, seier Skjelbreid som understrekar kor mange nasjonar som stiller til start.
Da skiskyttarkvinnene sist vann VM-gull på heimebane i Holmenkollen var dei nominert, men enda opp utan pris.
– At Ingrid er skuffa, det skjønar eg veldig godt. Samstundes er det eit anna skiskyttarlag som er nominert, og det er ikkje plass til alle, seier Toppidrettssjef og juryleiar, Tore Øvrebø til NRK.
Vidare fortel Øvrebø at kvart enkelt særforbund sender inn ei prioriteringsliste til juryen.
– Det er skiskyttarforbundet som har rangert desse laga først, og så har dei sendt inn som fyrsteval, mixed-stafett-laget. Og da har vi forhalde oss til den prioriteringa som skiskyttarforbundet har gjort.