Det er langrennskomiteen som skal gjennomføre jobben og få fram denne oversikta.
Det skriv Norges skiforbund i ei pressemelding fredag morgon. Bakgrunnen er det som har kome fram dei siste dagane om bruk av astmamedisin blant langrennsløparane. Dei skal starte arbeidet på sitt møte måndag, opplyser Røste til NRK.
– Det er ikkje bra for norsk langrenn, ikkje bra for norsk skisport, og truleg heller ikkje bra for norsk idrett at det blir sett spørsmålsteikn ved våre rutiner og praksis.
– Eg legg til grunn at ingen friske utøvarar får medisin, og det reknar eg med at denne granskinga også vil vise, seier han.
I ein reportasje i TV2 sin reportasje tidlegare denne veka sa fleire ikkje namngitte langrennsløparar at dei sist sesong hadde fått tilbod om astmamedisin sjølv om dei var friske.
Massiv kritikk
Dette har vekt oppsikt og hausta massiv kritikk både her i landet og i utanlandske skimiljø. Og det er dette skipresident Erik Røste no vil ha på bordet.
Han vil ikkje spekulere i om det som har kome fram, er sant.
– Eg har ikkje teke stilling til det. Det er framsett påstandar om det, og det må vi ta som utgangspunkt. Vi må få opplysningane på bordet og kartlagt kva som er realiteten. Det er viktig for den tilliten vi er heilt avhengig av hos det norske folk.
– Du kjenner ikkje til tilfelle der friske har fått tilbod om slik medisin?
– Eg er ikkje ein del av det medisinske teamet. Men eg registrerer at det blir stilt spørsmål ved den praksisen som har vore i norsk langrenn.
Røste er klar på kva som må skje dersom det viser seg at det kjem fram opplysningar om at det foregår ureglementær medisinbruk.
– Då må vi definitivt endre praksis. Men det må vi kome tilbake til når vi får konklusjonen.
– Omdømmet blir utfordra
– Som øvste tillitsvalde er eg ansvarleg for å klarlegge dei situasjonane der forbundets omdømme blir utfordra. Det registrerer eg er tilfellet i denne saka, seier Røste i pressemeldinga.
Han har ikkje opplysningar som tyder på – eller grunn til å tru – at friske skiløparar har fått medisin, men meiner likevel det må bli klart kva som skjer.
Han ber også langrennskomiteen stå for gjennomgangen.
– Skulle det mot formodning vise seg at dte finst ein uheldig praksis, er alle tent med at dette kjem fram og blir handtert på ein god måte, seier Røste.