Hopp til innhold

Sjekk den uvanlege ekstrajobben til landslags-kometen

Når Noor Eckhoff ikkje er på landslagstrening, sit ho på hotellrommet og teiknar i timevis. 22-åringen meiner hobbyen gjer ho til ein endå betre fotballspelar.

Noor Eckhoff

HOBBY: Landslagsdebutant Noor Eckhoff har fleire interesser. No fortel spelaren at den eine interessa gagnar den andre.

Foto: Vegard Grøtt / Bildebyrån / Noor_striper

Eg har med meg alle teiknesakene, seier Eckhoff og bryt ut i latter.

I Hege Riises første landslagstropp er det ei rekkje debutantar. Ein av dei er Eskilstuna-spelaren Noor Eckhoff, som i fleire sesongar har herja i Toppserien, Damallsvenskan og aldersbestemde landslag.

Men 22-åringen har også fått seg eit kjent namn i andre krinsar. Eckhoff har nemleg laga teikneseriar sidan ho var seks år, og publiserer sine eigne teikneseriestriper i bladet Storefri.

Football, FIFA Women's World Cup Qualifier, Norway, press event

VEKKJER MERKSEMD: Det er ikkje berre fotballkvalitetane til Eckhoff som blir lagt merke til.

Foto: VEGARD GRØTT / BILDBYRÅN

Medan andre landslagsspelarar kanskje koplar av med TV-seriar og filmar på samling, sit midtbanespelaren i mørket og teiknar i det stille.

Det blir nokre timar på hotellrommet der eg sit og teiknarog drodlar idear. Eg får òg mykje inspirasjon av å vere på samling, som ein kan lage nye humorstriper av, seier Eckhoff.

Er det nokre spesielle lagvenninner du lèt deg inspirere av?

Haha, nei, det er ingen spesielle typar. Men eg kan hente ulike personlegdomstrekk som eg synest er fascinerande eller morosame frå andre – utan at eg lagar ein blåkopi av spelarane, humrar ho.

Noor Eckhoff

TEIKNESERIAR: Her er ein av stripene som Eckhoff har laga.

Foto: Bilder med tillatelse fra noor_striper

Kjenner seg igjen i teiknestripene

I tillegg til å publisere stripene sine i Storefri, legg Eskilstuna-profilen ut teikningane sine på Instagram-profilen «Noor_Striper». Her blir ho følgt av fleire landslagsvenninner.

Noor er veldig flink og kreativ. Det er morosamt, seier Emilie Joramo og legg til:

– Teikningane hennar er veldig attkjennande.

Eckhoff fortel at ho har fått god respons frå fotballmiljøet. 22-åringen hentar mykje inspirasjonen frå fotballverda og livet som kvinneleg fotballspelar når ho teiknar.

Det eg set høgast er når andre spelarar seier at dei òg kjenner seg igjen. Det synest eg er kult, seier ho.

Football, FIFA Women's World Cup Qualifier, Norway, training

FØRSTE SAMLING: Her er Eckhoff på feltet i det som er hennar første a-landslagssamling.

Foto: VEGARD GRØTT / BILDBYRÅN

– Teikning er meditativt

Landslagssjef Hege Riise har òg fått med seg teikneseriestripene til debutanten. Ho tykkjer det er positivt at midtbanespelaren bruker timane utanfor fotballbana ved teiknebrettet.

Når ein er proff, så har ein ganske mykje tid mellom treningar, og viss alt anna er optimalt med kosthald, søvn og sånt, er det fint å tenkje på noko anna, seier Riise.

Hovudpersonen sjølv fortel at hobbyen har vore heilt avgjerande for fotballkarrieren. Når ho har blyanten i handa, fell pulsen.

– Det er litt meditativt. Viss det har vore ei svak trening, eller ein kamp som ein ikkje er så fornøgd med, er det fint å komme heim å få hovudet på andre ting. For meg har det vore veldig viktig. Eg er glad eg har fotball og teikning. Dei passar så bra saman, seier ho.

Hjelper det deg som fotballspelar?

Utan tvil. Som sagt ein kan berre slappe heilt av. Kople av. Eg trur utan tvil at det gagnar meg veldig på fotballbana.

Fredag kveld møter Eckhoff og dei norske damene Belgia på bortebane. Kampen ser du på NRK frå klokka 20.30.

Les også Thorisdottir knust etter vraking: – Vondeste telefonsamtalen jeg har hatt

Football, FIFA Women's World Cup Qualifier, Norway - Belgium

Siste nytt

  • Leicester rykket opp igjen til Premier League

    Leeds tapte hele 0-4 borte mot Queens Park Rangers fredag kveld. Dermed ser det ut til at et direkte opprykk glipper for den tradisjonsrike klubben, mens Leicester kan feire retur til Premier League neste sesong.

    Etter fredagens kamp har Leeds fire poeng opp til Leicester, men kun én kamp igjen å spille. Leicester har på sin side to kamper igjen å spille.

    For Leeds' del jakter Ipswich Town like bak. De er ett poeng bak Leeds, men har spilt to kamper mindre. Dermed vil fem poeng på de siste tre kampene sikre et opprykk for Ipswich.

    For Leicester ble oppholdet på nest øverste nivå i engelsk fotball kortvarig. Klubben som vant Premier League i 2016, rykket ned fra Premier League i fjor.

    Seieren til Queens Park Rangers gjør at de har sikret plassen på nest øverste nivå.

    Leicester
    Foto: AP
  • Medier: Liverpool og Feyenoord enige om Slot-overgang

    Arne Slot blir etter alt å dømme arvtakeren til Jürgen Klopp som Liverpool-manager. Ifølge flere medier har Feyenoord gått med på å slippe ham.

    Det skjer etter at Slot torsdag bekreftet at han ønsket seg til Liverpool.

    – Jeg vil gjerne til Liverpool. Nå venter jeg på å se om klubbene kommer til enighet. Jeg er veldig trygg på det, sa Slot til ESPN.

    Nå melder flere medier, blant dem The Athletic, at klubbene har kommet fram til en kompensasjon for nederlenderens tjenester. Også nederlandske medier hevder at Slot nærmer seg Liverpool-jobben.

    Liverpool har vært på managerjakt siden Klopp i vinter varslet at han kom til å gi seg ved sesongslutt. Tyskeren hadde egentlig to år igjen av kontrakten.

    I Nederland er 45-årige Slot kjent for å stå for en offensiv og energisk spillestil. Han ledet i fjor Feyenoord til serietittelen og fulgte i år opp med å vinne cupen.

    Slot tok for to år siden Rotterdam-laget til finalen i Serieligaen. Han leverte også sterke resultater som AZ Alkmaar-trener. (NTB)

    Arne Slot
    Foto: AFP
  • Stortalent herjet da Norge vant i VM-test

    Treningskampen mellom Norge og Danmark i Asker endte 4-3 fredag kveld etter spilleforlengelse.

    18 år gamle Michael Brandsegg-Nygård er blant verdens mest ettertraktede talenter og han viste hvorfor fredagens kamp.

    Brandsegg-Nygård ble kreditert alle Norges tre mål i ordinær tid.

    – Jeg vet ikke. To i hvert fall, sa Brandsegg-Nygård til TV 2 i pausen mellom andre og tredje periode.

    – Den gikk på skøyta mi, men så jeg ikke hva som skjedde etter. Jeg tror Petter (Vesterheim) slo den inn, sa Brandsegg-Nygård videre - noe også TV 2s kommentatorer konkluderte med.

    Norge ledet 3-1 etter den andre perioden, men Danmark kom tilbake i den tredje perioden og fikk utlignet til 3-3. Dermed ble det spilleforlengelse i Asker.

    Der var igjen Brandsegg-Nygård sentral og scoret Norges vinnermål i spilleforlengelsen.

    Norge og Danmark møtes til ny treningskamp lørdag. Deretter skal Norge spille to treningskamper borte mot Latvia neste uke, før VM starter 9. mai.

    Michael Brandsegg-Nygård
    Foto: NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal