Hopp til innhold

Sist Djokovic jakta historisk tittel kollapsa han: – Det beste scenarioet for Casper

Semifinalist Alexander Zverev meiner det er ein fordel for Casper Ruud at Novak Djokovic jaktar sin 23. Grand Slam.

Ruud Djokovic

KLAR TIL DYST: Casper Ruud kan stoppe Novak Djokovic frå å skrive historie som den mestvinnande i Grand Slam-historia.

Foto: NTB

Vi spolar tilbake til US Open-finalen i september 2021. Stjernespelar og favoritt Novak Djokovic slengjer racketen i bakken og tårene sprutar. Russiske Daniil Medvedev vinn tre strake sett og den historiske Grand Slam sigeren glepp for serbaren.

Søndag ettermiddag kan Casper Ruud skape nytt hovudbry for verdseinaren, som speler om sin 23. Grand Slam-tittel og ein plass i historiebøkene.

Alexander Zverev, som Ruud slo ut i semifinalen fredag, meiner det kan vere ein fordel for Ruud at Djokovic er under press:

US Open Tennis

TÅREVÅTT: Tårene rann då Novak Djokovic tapte finalen i US Open i 2021 og sin 23. Grand Slam-tittel.

Foto: John Minchillo / AP

– Eg trur ikkje utgangspunktet kunne vorte betre, for å vere ærleg. Novak er ein av dei beste spelarane i verda, det er heilt sikkert. Men når du er like ved å skape historie, så trur eg det legg eit lite ekstra press, meiner Zverev og forklarer vidare:

– Du hugsar US Open-finalen med Medvedev etter at han slo meg i semifinalen. Press – du veit, vi er alle menneskelege. Novak er menneskeleg. Vi kjenner alle på det. Eg trur at det er det beste scenarioet for Casper.

– Mest press for han

Zverev innrømmer at Djokovic er favoritt til å ta tittelen i Roland-Garros, men det var han også i New York i 2021. Trass i kollapsen førre gong serbaren hadde høvet til å ta rekorden, hevdar Djokovic at han liker kjensla av å kunne skrive historie.

– Det er eit stort privilegium å kunne skrive historie i sporten du elskar så høgt, og det har gitt meg mykje. Motivasjonen min er veldig høg. Det er ein kamp igjen, og forhåpentleg får eg heve troféet, sa Djokovic på pressekonferansen fredag.

– Det er alltid press på skuldrene mine, så det blir ikkje noko annleis enn før. Men det er ein del av sporten, ein del av livet mitt og alt eg gjer, heldt 36-åringen fram.

en knust Novak Djokovic i us open finalen 2021

KNUST: Djokovic vart bokstaveleg talt knust i US Open finalen 2021.

Foto: AFP

Ruud, som speler om sin første Grand Slam-tittel, er førebudd på at Djokovic sin sjanse til å skrive historie vil gjere hendinga ekstra stor.

– Det er sikkert mange som har lyst til å få med seg at Djokovic klarer å skrive ny historie. Det vil kanskje han også tenkje på. Eg har ikkje slått han før, og han tenkjer nok at han er favoritt og det er mest press for hans del, sa Ruud til norsk presse etter semifinalen.

– Det kjem til å bli tøft. Eg skal berre prøve å spele utan press og nyte augneblinken. Eg trur det var mentaliteten min i fjor, men det gjekk ikkje min veg. Eg vil gjere det betre enn i fjor, så la oss sjå om eg har lært noko frå dei to finalane i 2022, sa Ruud.

French Open, Roland Garros: Casper Ruud - Alexander Zverev

LÆRDOM: Casper Ruud trur han har lært mykje etter dei to finaletapane i Roland Garros og US Open i fjor.

Foto: Beate Oma Dahle / NTB

– Mi tøffaste utfordring

I fjorårsfinalen mot Rafael Nadal fekk Snarøya-karen ein tennisleksjon og tapte i tre strake sett. Tre månader seinare var han nærare å gå til topps i US Open-finalen mot Carlos Alcaraz, men ein lang og dramatisk kamp enda med spansk siger endå ein gong.

No håpar Ruud progresjonen i finalespel held fram på søndag.

– Eg skal prøve å gjere litt som i dag og komme ut å gi alt eg kan på kvart poeng og sjå om eg kan bite betre frå meg i år enn i fjor. Eg kjenner meg som ein betre spelar i dag enn i fjor, så det er i alle fall eit godt teikn, sa Ruud etter å ha vunne semifinalen i strake sett.

Sist tennistoppane møttest var i ATP-finalen i Torino i november, då vann serbaren overlegent med settsiffera 7-5, 6–3.

– Å spele mot Novak på søndag blir mi tøffaste utfordring i år. Vi skal gjere vårt beste for å bli klare og spele på vårt beste, fortalde Ruud etter semifinalen.

Finalen mellom Ruud og Djokovic i Roland-Garros blir send på TVNorge og Discovery+ frå 14.30 søndag.

Les også Ruud hyllet rørt pappa: – Skylder han all min suksess

Casper og Christian Ruud

Siste nytt

  • Nosa overstrålte Nusa – assist i debuten da Mechelen spilte 1-1 mot Brugge

    Petter Nosa Dahl debuterte for Mechelen etter overgangen tidligere i uka og leverte assist da laget greide 1-1 borte mot Brugge.

    Nosa Dahl ble leid ut fra Bodø/Glimt til gamleklubben KFUM Oslo før denne sesongen. Han gjorde stor suksess med seks mål og tre assist på 17 kamper, men denne uka solgte Glimt ham til belgiske Mechelen.

    20-åringen startet på benken i Brugge, men kom inn i det 62. minutt. Tre minutter senere leverte han assist til Patrick Pfluckes utligningsmål.

    Joaquin Seys hadde gitt Brugge ledelsen i det 51. minutt, men det ble bare uavgjort for hjemmelaget.

    Brugges norske landslagsspillere Antonio Nusa og Hugo Vetlesen startet begge. De ble byttet ut samtidig i det 80. minutt.

    (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: KFUM Oslo - Brann (0-0)
    Foto: Annika Byrde / NTB
  • Andreas Georgson ferdig som LSK-trener – får assistentrolle i Manchester United

    Svenske Andreas Georgson forlater Åråsen etter bare et halvt år som Lillestrøms hovedtrener. 42-åringen er ansatt som assistenttrener i Manchester United.

    Det opplyser Lillestrøm i egne mediekanaler. Assistenttrener Robin Asterhed overtar inntil videre som hovedtrener.

    Torsdag erfarte både Romerikes Blad og Nettavisen at Georgson var i samtaler med en ny klubb. Sistnevnte skrev senere på kvelden at det dreide seg om Manchester United.

    Ifølge Nettavisen behøvde den engelske storklubben bare å betale en klausul i Georgsons LSK-kontrakt. Den skal angivelig ha vært på rundt fire millioner kroner.

    Den svenske 42-åringen har en fortid i flere engelske klubber. Han har blant annet vært dødballtrener i Southampton, i tillegg til å ha roller i både Arsenal og Brentford.

    I februar forlot Manchester Uniteds dødballtrener Eric Ramsay klubben. (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: Molde - Lillestrøm (3-0)
    Foto: Marius Simensen / NTB
  • Nigerias basketballkvinner reiste 20 mil – fikk ikke plass på båten

    I regnværet under åpningsseremonien var det god plass på mange av båtene som fraktet OL-deltakere, men ikke for Nigerias basketballkvinner.

    Det nigerianske kvinnelaget hadde reist over 20 mil fra Lille, der gruppespillet avvikles, for å være med i åpningsseremonien.

    Vel framme ble de nektet å gå om bord i båten der Nigerias utøvere skulle være med.

    Årsaken var at båten var for full.

    Ifølge nyhetsbyrået AP var det en representant for Nigerias OL-komité som besluttet at det ikke var plass til basketballkvinnene. Skuffet måtte de reise tilbake til Lille.

    Nigeria var på samme båt som Niger og Norge. TV-bildene fra båten viste at det tilsynelatende var en del ledig plass om bord.

    Nigeria spiller sin første OL-kamp mandag mot Australia. (NTB)

    2P-7bT3AJRc
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal