Dagens kvinnefinale i Wimbledon var grei skuring for Serena Williams. Den amerikanske tittelforsvararen møtte russiske Vera Zvonareva.
Etter ein drøy time kunne Williams juble over ny siger i turneringa. Etter to sett stod stillinga 6-3, 6-2 til Williams, som var langt ifrå skråsikker før finalen tok til.
– Ho beherskar alt. Det blir 50/50, sa det amerikanske tennisesset beskjedent før sesongens mest prestisjefylte Grand Slam-finale.
Var storfavoritt
Zvonareva hadde allereie slått Williams i årets turnering, men før dagens finale var det førsteseeda Serena som var storfavoritt.
Williams har no 13 Grand-Slam titlar totalt, inkludert fire Wimbledon-sigerar. Ho blei proffesjonell spelar i 1995, berre 14år gammal.
Den eldre systera Venus Williams rauk ut av turneringa overraskande tidleg.
- LES OGSÅ:
Skuffa over andreplassen
Zvonareva er den nest lågast rangerte spelaren som nokonsinne har nådd ein kvinnefinale i Wimbedon-turneringa. Likevel var russerinna ikkje nøgd med å bli ein god nummer to.
– Eg er perfeksjonist og blir aldri nøgd med eigne prestasjonar med mindre dei er absolutt plettfrie, seier Zvonareva etter tapet mot Williams
Russerinna var seeda som nummer 21 i turneringa. Etter andreplass i Wimbledon singles-finale, rykkjer ho fleire plassar opp på verdsrankinga, og blir blant dei topp-ti beste kvinnelege tennisspelarane i verda.
Seinare i dag speler Zvonareva double-finale saman med Elena Vesnina.