Siste nytt

  • Stadfesta: Zlatan ferdig i Galaxy

    Zlatan Ibrahimovic (38) stadfestar at han er ferdig i LA Galaxy. Det melder også klubben onsdag kveld.

    – Eg kom, eg såg og eg erobra, skriv svensken på instagram. Før han kjem med eit stikk til fansen og ligaen:

    – De ville ha Zlatan, eg gav dykk Zlatan. Eventyret held fram. No kan de gå tilbake og sjå på baseball.

    Zlatan scora 52 mål og starta 53 kampar i to sesongar for Galaxy.

    Det er ikkje stadfesta kvar vegen går vidare for Zlatan.

    Laster Twitter-innhold
  • Nektar å spele landskampar

    Chilenske landslagsspelarar nektar å spele privatkampane mot Bolivia og Peru, melder fotballforbundet i landet.

    Årsaka er uroa og den politiske krisa i Chile. Spelarane tok avgjerda onsdag.

    – Det er ei vanskeleg tid for landet vårt. Av respekt for det som skjer, er det rett at vi ikkje spelar denne kampen, seier Bayer Leverkusen-spelar Charles Aránguiz.

    Chile skulle ha møtt Bolivia denne veka og Peru den neste. Kampen mot Peru skulle vore revansjeoppgjer etter at Peru vann semifinalen i Copa America i sommar.

    Det har vore uro og demonstrasjonar i Chile dei siste fire vekene, og fleire av spelarane har uttrykt støtte til misnøya mot presidenten.

    Chiles fotballandslag
    Foto: Raul Arboleda / AFP
  • Reinkind storspilte mot Porto

    Harald Reinkind bidro med totalt åtte scoringer da Kiel slo Porto 30-29 i håndballens mesterliga. Kiel topper dermed tabellen i gruppe B med 13 poeng på åtte kamper. Montpellier og Vardar Skopje har begge ni poeng på plassene bak. (NTB)

    Harald Reinkind
    Foto: Darko Bandic / AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal