Det betyr at Thoresen og laget frå St. Petersburg kan sikre seg tittelen i neste kamp, som går i Kazan søndag.
Lagkaptein Ilja Kovaltsjuk la pasninga og Patrick Thoresen sette pucken i nettet. Og med 1-0 før minuttet var spela, hadde SKA sikra seg initiativet i kampen.
– Ilja lurte sin mann med eit «falskt» skot, så la han over til meg som stod for blank kasse. Det var lett for meg, men ei god pasning frå han, sa Thoresen.
– Etter at eg og han fekk våre roller, har vi hatt god kontakt. Det er viktig no når så mykje stå på spel, seier Thoresen.
Andre scoring i sluttspelet
Målet var Patrick Thoresens andre i finalespelet. Han scora også eitt mål i første kamp, då SKA vann 4-2.
I kveld fekk han 17 minutt og 58 sekund på isen, og noterte seg for fire skot på mål.
Svenske Oscar Moller utlikna rettnok midt i den andre perioden, men tre og eit halvt minutt seinare var heimelaget i teten på nytt. Jimmie Ericsson – også han er svensk – scora, og Kovaltsjuk var nok ein gong mannen bak den målgivande pasninga.
Og berre 44 sekund ut i tredje periode sette Jevgenij Dadonov inn 3-1.
For då Justin Azevedo reduserte etter at Kazan hadde teke ut keeperen, var det berre 42 sekund igjen av kampen. Det var for seint for gjestene.
Kan bli avgjort søndag
SKA vann begge dei to første kampane, som gjekk i Kazan. Men onsdag tapte dei første heimekampen.
No kan dei avgjere alt på borteis søndag.
– Vi er to jamne lag, det såg vi i dag. I andre periode hadde dei grepet om det, og dei utlikna. Vi får ein stri jobb søndag, og må vere fullt skjerpa i 60 minutt
Laget skreiv historie i semifinalen då dei låg under 0-3 mot CSKA Moskva,
.