NRK Meny
Normal

Schlierenzauers marerittsesong fortsett - korsbandet har roke

Den tidlegare storhopparen må gjennom ein operasjon og står framfor seks månader med opptrening. Det kan bety slutten på hoppkarrieren for Gregor Schlierenzauer.

SKI-JUMP-WORLD-POLAND

LANG OPPTRENING: Gregor Schlierenzauer må gjennom seks månaders opptrening etter korsbandsoperasjonen.

Foto: JANEK SKARZYNSKI / Afp

– Eg vert overraska om vi ser han tilbake i verdstoppen igjen. Det er fleire døme på hopparar som ikkje har klart å komme tilbake i toppen etter ein slik skade, og når han i tillegg slit med motivasjonen vert vegen lang, seier Remen Evensen.

Førre veke var Schlierenzauer på heliski i Canada, og det var etter eit fall der at han skada seg. MR-undersøkingar viste at korsbandet i høgre kne har roke, og no må han under kniven, melder Kronen Zeitung.

Forferdeleg sesong

Gregor Schlierenzauer har vunne fleire sigrar enn nokon andre i verdscupen med sine 53, men denne sesongen har vore eit mareritt for 26-åringen.

Evensen
Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

Han har ingen pallplassar, og det toppa seg under hoppveka. Då klarte han ikkje å kvalifisera seg til andre omgang i rennet på heimebane i Innsbruck.

Etter å ha blitt vraka frå laget til avslutningsrennet i hoppveka, valde Schlierenzauer å ta ein pause ut sesongen.

– Denne skaden kan sjølvsagt bety slutten for han. Eg har fått høyre at han slit litt med motivasjonen, og då er ein skade som denne ikkje bra, seier NRKs hoppekspert, Johan Remen Evensen.

– Ekstremt kjedeleg trening

Kenneth Gangnes er kanskje den hopparen i Norge som veit mest om kva Schlierenzauer må gjennom. Han har hatt same skade to gonger, og mange trudde hoppkarrieren til Gangnes var over.

– Eg unner han ikkje den jobben han må gjennom. Opptreninga etter ein sånn skade er ekstremt kjedeleg og det tar lang tid, seier Gangnes.

Han seier at det normalt tar seks månader frå operasjon til ein kan komme seg tilbake i hoppbakken.

– Eg håpar og trur han kjem tilbake. Hoppsporten treng ein profil som han, men det kan ta eitt år før han er tilbake i godt gammalt slag, seier Gangnes.

Det er under eitt år til neste års VM i Lahti, men Gangnes trur austerrikaren kan nå det.

– Det vil bli tøft for han å nå det, men det er ikkje umogleg, seier han.

Kenneth Gangnes

TO SKADAR: Kenneth Gangnes har roke korsbandet to gonger, men har kjempa seg tilbake. I år har han tatt sin første verdscupsiger, VM-sølv frå skiflyging og tredjeplass i verdscupen samanlagt.

Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

Siste nytt

  • Seier for Sagosen og PSG

    Sander Sagosens klubb Paris-Saint Germain leverte en glimrende 1. omgang og vant den første kvartfinalen i mesterligaen over polske Kielce 34-28. Til pause ledet laget hele 22-10. Sagosen noterte seg med to scoringer.

    HANDBALL-FRA-D1-MONTPELLIER-PARIS
    Foto: SYLVAIN THOMAS / AFP
  • Tap for ishockeylandslaget

    Etter gårsdagens seier for det norske ishockeylandslaget mot Sveits slo i dag sveitserne tilbake og vant 3–0.

    Neste helg vil det norske laget spille to kamper mot Hviterussland som en siste oppkjøring til VM i Danmark i mai.

    Switzerland Hockey
    Foto: Samuel Golay / AP
  • Tredje strake remis for Carlsen

    Magnus Carlsen spilte sin tredje strake remis i Shamkir-turneringen i sjakk i Aserbajdsjan.

    Han møtte hjemmehåpet Rauf Mamedov med svarte brikker lørdag.

    I morgen møter Carlsen Timour Radjabov i turneringen som avsluttes neste helg.

    Magnus Carlsen og Hikaru Nakamura
    Foto: Berit Roald / NTB scanpix

Sendeplan

Kl. Program Kanal