Kampfakta: Sandviken – Rosenborg 2–0
Det gir Bergens-laget ei luke på fire poeng til Rosenborg når sju rundar står att. Sandviken har vunne 10 av sine 11 kampar, og har ein uavgjort.
– Dette kan bli gullåret for Sandviken, sa NRK-kommentator Christian Nilssen då Sandviken sette inn 2-0-målet.
Sjå scoringane her:
Sandviken-trenar Alexander Straus jubla etter sigeren.
– Eg er mektig imponert over det spelarane viste i dag. No har vi vunne fortent over Rosenborg to gonger. Det er noko som rører meg når eg ser andreomgangen i dag. Då døyr kampen fordi vi spelar det ferdig, sa Straus.
– Blir det gull i 2021?
– Det vil eg ikkje svare på. Men vi skal vere med å kjempe.
NRK-ekspert Carl Erik Torp likte godt det han såg.
– Dette er den kampen med høgast tempo frå start i en Toppserie-kamp, slik som eg kan hugse. Kvaliteten var god. Sjølvsagt ønskjer vi meir underhaldning og scoringar, men det trumfer ikke kvaliteten, som har vore bra, sa Torp.
Sandviken har berre sleppt inn fem mål på ti kampar.
Ryland med mål og målgjevande
Ingrid Ryland scora allereie etter fem minutt i den jamne toppkampen på Stemmemyren i Bergen. Vilde Hasund la over frå venstre, og ved lengste stolpe stod Ryland og sende ballen i nettet med fynd og klem.
Ryland var også sentral då Sandviken dobla leiinga midt i andre omgang. Hennar langskot small i tverrliggaren, og Kennya Cordner var på plass på returen og kjempa ballen i mål.
Ho blei kåra til beste spelar på bana. Sjekken på 10.000 kroner ho fekk for det, gav ho til moderklubben Austrheim.
Mot slutten sleit ho også med ein liten skade, men heldt kampen ut likevel.
Rosenborg-trenar Steinar Lein var litt skuffa.
– Vi er litt daue i dag. Vi kjem oss ikkje opp på vårt beste nivå, i toppkampar må ein det. Vi er mest skuffa over eigen prestasjon. Av og til har ein ikkje energien som skal til. Det er veldig synd at vi ikkje har det i dag.
God luke, men ingenting er avgjort
Første omgang var jamn, berre Rylands fulltreffar skilde laga. Men etter pause var det Sandviken som skapte det meste.
Men sjølv med Sandvikens romslege luke er serien langt frå avgjort. To poeng bak Rosenborg lurer LSK etter 2–0 over Klepp.
Tittelforsvarar Vålerenga fekk berre 1–1 mot Avaldsnes og er to poeng bak LSK. I neste runde om to veker skal Vålerenga møte Sandviken i Oslo.
– Med så mange kampar igjen kan vi aldri utelukke noko. Men det ser vanskeleg ut for Vålerenga å blande seg inn i gullkampen i år, seier Torp.