Hopp til innhold

Så god at han fekk amerikanarane til å spele den norske nasjonalsongen

På sine fire år på college i USA har han gått viralt og skrevet sitt namn i historiebøkene. No trur Harald Frey at han kan bli den første nordmannen i NBA på 30 år.

Harald Frey med ein lay-up mot Montana Grizzlies.

LAYUP: Harald Frey legg ballen mot kurven i kamp mot rival-klubben Montana Grizzlies.

Foto: Jack Murrey

Vi møter Harald Frey i hallen på Engebråten, der basket-eventyret starta. Han viser fram sine ferdigheiter med ballen i henda, og skårar poeng etter poeng, frå bak tre-poengstreken, og heilt fram til kurva.

Akkurat slik han har gjort gjennom sine fire år i college-basketballserien for Montana State Bobcats.

Harald Frey kastar ball, søster Anniken ser på.

Harald Frey viser fram pasningshanda si, som har levert 514 assist på fire år i USA. Søster Anniken Frey, som også spelar college-basketball, ser på.

Foto: Eskil Wie Furunes / NRK

For det å skåre poeng er ikkje nytt for Frey. Bere elleve spelarar har skåra fleire poeng enn han i Big Sky Conference, Bobcats si avdeling, gjennom tidene.

Han er også berre den andre spelaren som nokon gong når både 1800 poeng og 500 assist i avdelinga, den første sidan 1978.

– Det er ting eg ikkje drøymde om før eg kom inn dit. Eg prøvde berre å komme inn, få speletid og vere på eit lag som vinn. Det har gått over all forventning, seier Frey til NRK.

I tillegg til dette gjekk Frey også viralt då han avgjorde kampen mot University of North Carolina Greensboro i siste sekund med eit skot frå eigen banehalvdel.

Norsk nasjonalsong

Kor høgt verdsett nordmannen er i klubben, fekk man ein peikepinn på i hans siste kamp for laget.

Den siste heimekampen for sesongen blir kalla «senior-night», og er ein kveld der skulens avgangselevar blir anerkjent. Og for Frey blei årets «senior-night» ein minneverdig kveld.

Rundt i heile hallen var det hengt opp norske flagg, fortel Frey, og like før kampstart fekk han seg endå ei overrasking.

Harald Frey med straffekast mot Montana Grizzlies.

SIKKER: Harald Frey er vanlegvis sikker frå straffekast-linja, med nesten ni av ti treff i seriespel for Montana State Bobcats. Her frå ein kamp mot Montana Grizzlies.

Foto: Jack Murrey

– Før kvar kamp pleier dei å spele den amerikanske nasjonalsongen. Men rett før denne kampen spelte dei den norske. Det var ganske sterkt, og noko eg kjem til å hugse veldig, veldig lenge.

Laget hans var også på veg mot å gjere noko stort denne sesongen. Dei var i kvartfinalen i seriesluttspelet, og kunne skimte sjansen til å spele i det som i USA blir kalla March Madness, ein månad full med sluttspel for college-basketballserien, der berre dei beste klubbane møtast.

– Det er den største sportshendinga i USA. Då stoppar heile USA opp i ein månad og føl med på kampane. Det var ein sjanse vi hadde til å spele framfor dei beste NBA-klubbane, og framfor heile USA, fortel Frey.

Men på grunn av virusutbrotet blei all college-basketball avlyst for sesongen, og Frey gjekk glipp av ein moglegheit til å vise seg fram i eit stort utstillingsvindauge som denne turneringa er.

Draumen om profflivet

Det er heller ikkje det einaste utstillingsvindauget viruset har satt ein stoppar for denne sesongen.

Kvar sommar blir det arrangert Summer League, ei turnering der spelarar kan få moglegheita til å vise seg fram for NBA-klubbane. Men denne blir det ikkje noko av i år.

– Det er trist. Summer League var eitt av mine mål for sesongen. Det er eit bra utstillingsvindauge, der du spelar mot dei aller beste, unge spelarane. Men det er Summer League igjen neste år, så då får eg berre jobbe vidare, og kanskje eg drar då, seier Frey.

Harald Frey dunkar ballen i kurven.

DUNK: Harald Frey viser fram dunken sin på heimlege trakter, etter fire år på college i USA.

Foto: Eskil Wie Furunes / NRK

Frey er for augneblinken klubblaus, etter at hans college-karriere no er avslutta. Men det vil nok ikkje ta lang tid før han er tilbake på bana i nye draktfarger, anten i ein europeisk klubb, eller kanskje tilbake i USA.

Det han no fokuserer på, er å halde seg i form, og vere klar til å gripe dei sjansane som måtte oppstå.

Og dersom han gjer det, er hovudpersonen sjølv klar på at han kan bli den første nordmannen i NBA sidan Torgeir Bryn spelte for LA Clippers i 1989-1990-sesongen.

– Ja, eg meiner det. Eg kjem alltid til å «bette» på meg sjølv. Som eg har sagt til min familie og venar: du treng ikkje at alle 30 laga likar deg, du treng berre eitt lag. Ein situasjon som er riktig for deg, og det er det eg jobbar for.

Harald Frey portrett
Foto: Eskil Wie Furunes / NRK

Siste nytt

  • Nosa overstrålte Nusa – assist i debuten da Mechelen spilte 1-1 mot Brugge

    Petter Nosa Dahl debuterte for Mechelen etter overgangen tidligere i uka og leverte assist da laget greide 1-1 borte mot Brugge.

    Nosa Dahl ble leid ut fra Bodø/Glimt til gamleklubben KFUM Oslo før denne sesongen. Han gjorde stor suksess med seks mål og tre assist på 17 kamper, men denne uka solgte Glimt ham til belgiske Mechelen.

    20-åringen startet på benken i Brugge, men kom inn i det 62. minutt. Tre minutter senere leverte han assist til Patrick Pfluckes utligningsmål.

    Joaquin Seys hadde gitt Brugge ledelsen i det 51. minutt, men det ble bare uavgjort for hjemmelaget.

    Brugges norske landslagsspillere Antonio Nusa og Hugo Vetlesen startet begge. De ble byttet ut samtidig i det 80. minutt.

    (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: KFUM Oslo - Brann (0-0)
    Foto: Annika Byrde / NTB
  • Andreas Georgson ferdig som LSK-trener – får assistentrolle i Manchester United

    Svenske Andreas Georgson forlater Åråsen etter bare et halvt år som Lillestrøms hovedtrener. 42-åringen er ansatt som assistenttrener i Manchester United.

    Det opplyser Lillestrøm i egne mediekanaler. Assistenttrener Robin Asterhed overtar inntil videre som hovedtrener.

    Torsdag erfarte både Romerikes Blad og Nettavisen at Georgson var i samtaler med en ny klubb. Sistnevnte skrev senere på kvelden at det dreide seg om Manchester United.

    Ifølge Nettavisen behøvde den engelske storklubben bare å betale en klausul i Georgsons LSK-kontrakt. Den skal angivelig ha vært på rundt fire millioner kroner.

    Den svenske 42-åringen har en fortid i flere engelske klubber. Han har blant annet vært dødballtrener i Southampton, i tillegg til å ha roller i både Arsenal og Brentford.

    I februar forlot Manchester Uniteds dødballtrener Eric Ramsay klubben. (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: Molde - Lillestrøm (3-0)
    Foto: Marius Simensen / NTB
  • Nigerias basketballkvinner reiste 20 mil – fikk ikke plass på båten

    I regnværet under åpningsseremonien var det god plass på mange av båtene som fraktet OL-deltakere, men ikke for Nigerias basketballkvinner.

    Det nigerianske kvinnelaget hadde reist over 20 mil fra Lille, der gruppespillet avvikles, for å være med i åpningsseremonien.

    Vel framme ble de nektet å gå om bord i båten der Nigerias utøvere skulle være med.

    Årsaken var at båten var for full.

    Ifølge nyhetsbyrået AP var det en representant for Nigerias OL-komité som besluttet at det ikke var plass til basketballkvinnene. Skuffet måtte de reise tilbake til Lille.

    Nigeria var på samme båt som Niger og Norge. TV-bildene fra båten viste at det tilsynelatende var en del ledig plass om bord.

    Nigeria spiller sin første OL-kamp mandag mot Australia. (NTB)

    2P-7bT3AJRc
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal