Ruud gjekk på toppidrettsungdomskulen i Bærum (NTG-U) på den tida, og fekk i oppgåve å skrive ned to draumar og eitt realistisk mål for karrieren.
Då blei det:
- Bli topp 50 på verdsrankinga i 2025 (mål)
- Vinne ein Grand Slam (draum)
- Bli best i verda (draum)
Det skreiv Aftenposten i 2020.
Tre år før tida har han gått langt forbi målet sitt, og han er ein kamp frå å nå draumen sin.
Som ung såg han ikkje føre seg at han skulle spele ein Grand Slam-finale på direktesend TV. Han trudde ikkje det var realistisk. Dei er jo så gode dei tennisspelarane som vanlegvis spelar dei finalane.
Han var heller ikkje eit «superbarn», som han sjølv skildrar dei som utmerka seg internasjonalt i juniorturneringar rundt omkring.
Men han skilde seg ut på andre område. På mange måtar kan vi seie at Ruud var føre sin tid.
– Han har vore ganske unik, seier Erik Bertrand Larssen til NRK, som i åtte år jobba tett med Ruud.
Eit nysgjerrig barn
Det er både historisk og ganske sensasjonelt at ein nordmann har komme seg til finalen i Roland-Garros. Det har aldri skjedd før, og det er 23 år gamle Casper Ruud som har fått til det.
ENORM: Casper Ruud på grusen i Paris. No er han ranka som nummer åtte i verda.
Foto: ANNE-CHRISTINE POUJOULAT / AFPNo skal han spele mot sitt største førebilete, legenda Rafael Nadal.
Spanjolen som fekk seks år gamle Ruud til å sitje klistra framfor TV-skjermen, då Nadal, som den gongen var 19 år, spelte sin første Grand Slam-finale.
Den finalen hugsar Ruud som det var i går.
Den finalen var då det verkeleg begynte for Ruud. Det var då han bestemte seg for at dette var noko han òg ville halde på med.
Men det er ikkje Nadal som skal ha all æra for at han vart ein seriøs tennisspelar, det er det ein annan mann som skal ha.
– Heilt sidan eg var ung, så har faren min hjelpe meg mykje med det å vere seriøs, og tenkje at kvar trening er viktig. Sjølv om det er dei siste fire åra eg har vore på touren, så har eg levd eit toppidrettsliv allereie frå eg var 12–13 år, og sa eg ville satse, seier Casper Ruud til NRK.
– Det har vore mange år før dette. Eg har på ein måte levd eit liv i ti år for å kome hit.
Pappa Christian Ruud tok grep då sonen sa han ville satse, og ringde ein kjenning.
TIL SPANIA: Då Ruud var 15 år, reiste han til Alicante for å trene med Pedro Rico. Han kom med mange nyttige tips, som har påverka Ruuds karriere til det positive.
Foto: PRIVATDen «usynlege» kampen
Den telefonsamtalen førte til at 14 år gamle Casper Ruud trappa opp på kontoret til Erik Bertrand Larssen, som har jobba som mentaltrenar i mange år.
Han møtte opp åleine.
– Det overraska meg. Det var veldig unikt den gongen, at ein så ung utøvar vil ha mental trening. Og vanlegvis når eg møter så unge menneske, pleier foreldra å vere med på det første møtet. Men han kom aleine, og det tykte eg var modig, mimrar Larssen.
Det blei starten på eit åtte år langt samarbeid, i lag med eit nysgjerrig og «svolten» born, som Larssen hugsar at han var.
STORT TEAM: Casper Ruud med fysisk trenar Marcel Da Cruz (til venstre), trenar Pedro Clar, far og trenar Christian Ruud, og mental trenar Erik Bertrand Larssen. Her frå French Open i 2019.
Foto: Erik Johansen / NTBTematikken for arbeidet blei delt i to.
Ein ting var konkurransesetting, men Larssen ville at Ruud skulle tenkje ekstra over kva val han tok i sjølve kvardagen.
Ruud ville bli topp 50 i verda, og for å klare det, måtte han tenkje over dei 3000 andre spelarane på hans alder som ville det same.
Korleis skulle han bli betre enn dei?
– Eg tok tidleg opp med Casper at det er i kvardagen slaget står. Eg sa at: om du skal vere ein av verdas beste spelarar om ti år, som er i desse dagar, så må du tenkje at det er ein usynleg kamp mellom deg og dei andre som er på ditt nivå, fortel Larssen.
14 år gamle Ruud måtte tenkje over kvaliteten på søvn, på kosthald, restitusjon og kvile, og kva ord han sa til seg sjølv i kvardagen.
– Viss du klarer å rykkje frå dei kvalitetsmessig på dei vala du tek, nokre centimeter eller nokre knepp kvar dag, så kan du klare det.
Det som var så artig med Ruud, mimrar Larssen, var at han søkte råd til trass for at det gjekk bra i karrieren. Vanlegvis søker utøvarar hjelp når det går trått karrieremessig, eller at sjølvtilliten er på botn.
– Han forstod allereie som fjortenåring at dette er eit spel som blir vinna i kvardagen. No ser alle på han, men det er på grunn av den usynlege kampen i kvardagen, seier Larssen.
Målretta
Det har vist seg å vere fordelaktig i seinare alder.
Då Ruud tok seg vidare frå semifinalen mot Marin Cilic i Roland-Garros, kom det nokre drypp om korleis han jobbar med tankesettet for å snu kampen til sin fordel.
STORT: Casper Ruud då finalebilletten vart eit faktum.
Foto: BENOIT TESSIER / Reuters– Eg ville ikkje legge for mykje press på meg sjølv. Då kan ein bli spent og nervøs. Så i heile kampen til siste ball var spelt, var eg i tredje runde i Roland-Garros, og ikkje i ein semifinale. Det fungerte veldig bra. Det spørst om eg òg må gjere det i finalen, seier Ruud.
I dag meiner assistenttrenar Pedro Clar at sjølve mentaliteten er Ruud sin absolutte styrke, og at det gjer det ekstra enkelt å jobbe med ein utøvar som han.
– Ein av styrkane hans er måten han er som person. Han jobbar hardt, og vil alltid forbetre seg. Ein av dei største tinga han har endra på, er trua på seg sjølv. At han trur på at han kan bli ein verkeleg god spelar, seier Clar.
Og den personlegdomen meiner Larssen er årsaka til at det har vore få utskiftingar i rollene i Team Ruud.
TETT PÅ: Pedro Clar er aldri langt borte når Casper Ruud trenar.
Foto: Erik Johansen / NTBFår andre til å ville yte
Pappa Christian Ruud, Pedro Clar, fysisk trenar Marcel Da Cruz, manager Venke Aure og mamma Lele Ruud, er nokre av personane i Team Ruud.
– Han står aleine på bana, men viss du skal bli veldig god i noko, må du ha eit supert team rundt deg. Mitt inntrykk er at han er flink til å få dei i Nadals akademi, fysisk trenar, mor, far og kjæraste til å føle seg vel, og at han bryr seg. Og då er det lett å gjere det ekstra for han, seier Larssen.
Det kan Clar bekrefte.
– Han er så audmjuk. Alltid klar for å gjere det eg seier, og klar for å bli betre. Når vi går på bana saman, er det enkelt. Han er alltid roleg og vil bli betre kvar dag. Som trenar, er det den aller viktigaste tingen, seier han.
GLISER: Christian Ruud og Pedro Clar på tribunen då Casper Ruud blei klar for finalen i Roland-Garros.
Foto: THOMAS SAMSON / AFP– Fantastiske
Når NRK spør Ruuds næraste om korleis tennisspelaren er som person, er det ei unison meining.
– Casper er profesjonell. Han har ein veldig fin personlegdom, er avslappa og audmjuk, og alltid positiv til å lære meir. Som eg alltid seier, så likar eg at gode menneske oppnår draumane sine, og oppnår suksess. Eg er glad på vegner av mor og far. Eg kjenner dei veldig godt. Dei er ein veldig sunn familie, og fantastiske folk. Det er inga stor overrasking for meg, seier Rafael Nadal til NRK.
MANGE SIGRAR: 13 French Open-titlar har Rafael Nadal vunne i si karriere.
Foto: THOMAS SAMSON / AFPSportssjef Pelle Fridell på Wang toppidrett, har følgt Ruud sidan han var ti år. Han seier det same.
– Han er ein uhøyrd sympatisk gentleman på bana. Alltid fair, seier Fridell til NRK.
Draumefinale
Søndag skal Casper Ruud møte sitt største førebilete på grusen i Paris. Han kunne ikkje bedd om ein betre, første finale.
– Det er noko kvar ein tennisspelar drøymer om når ein er ung. Når ein etter kvart blir eldre, går det over frå å vere ein draum, til å bli eit mål. Men det er framleis ein draum å få spele ein finale. Det er noko eg alltid har sett på TV, seier Ruud.
LEGENDA OG LÆREGUTEN: Rafael Nadal og Casper Ruud.
Foto: Margret HellandOnkel Lenn Solheim har sommarfuglar i magen. Han er stolt av nevøen sin.
– Eg trur han kjem til å gå ut og kose seg, og forhåpentlegvis spele sitt livs tennis. Han møter sitt største idol på det største stadionet på grus. Det er ein draumefinale. Eg trur han kjem til å bite frå seg. Vi skal berre nyte det, og alle må ta det innover seg. Sitte der og sjå på den historiske bragda, at desse to skal møtast, seier Solheim til NRK.
Han tykkjer det er surrealistisk.
– No har han komme til det øvste nivået. Og det er berre så kjekt, for alle.
- Finalen mellom Casper Ruud og Rafael Nadal i Roland-Garros byrjar søndag kl. 15.00. Den kan du høyre på NRK sport radio.
Casper Ruud flyttar til Mallorca i Spania for å trene med verdsstjerna Rafael Nadal. Samarbeidet gir raskt resultat og i løpet av nokre månader bryt nordmannen den magiske topp-100-grensa. NRK-sporten har fått vere med på 20-åringens reise mot toppen i verdsidretten tennis.