– På hardcourt går alt litt raskare, og det er viktig å lære den timinga som er annleis, seier Øivind Sørvald. Han er sportssjef i tennisforbundet, og veldig gira på å få løfta Ruud endå nærmare verdstoppen.
– Det er veldig vanskeleg å bli topp 20 i verda utan å vere god også på hardcourt.
Casper Ruud er ein typisk grusspelar. I dag er Ruud nummer 60 på verdsrankinga, men var oppe på 54.-plass i august.
– Store deler av sesongen er på hardcourt, så det er viktig for meg å vere god der og. Du kan ikkje vere god berre på grus, seier Ruud.
NRK møter Norges klart beste tennisspelar like før Davis Cup-kampen mot Georgia sist helg. Den kampen gjekk på grus på Njårds bane, både fordi det er Ruuds favorittunderlag og fordi det skulle skremme vekk Georgias største stjerne. Og Norge vann.
Sjølv om Ruud er rekna som grusspesialist, er ikkje skilnaden så veldig stor, ifølgje statistikken. Sidan 2015, då Casper Ruud blei proff, har han vunne 62,7 av gruskampane sine. Men han har også vunne 59,3 prosent av kampane på hardcourt, som det rettnok er mange færre av, ifølgje matchstat.com.
Best på hardcourt i fjor
I år har han vunne 64 prosent av gruskampane, men berre 47 prosent av kampane på hardcourt.
I fjor var han derimot klart best på hardcourt – 70 prosent mot 51 prosent sigrar.
Ruud har lyst til å avslutte sesongen på ein god måte og få nokre gode sigrar mot slutten av året.
– Eg har som mål å bli blant topp 50 i verda i år. Då har eg nokre kampar til eg må vinne, seier Ruud.
Dei fleste av dei kampane går på hardt underlag.
Grussesongen må ikkje bli for lang
Hittil har han prioritert grus, der han er best.
– Målet har vore å få opp rankinga. Det har vi gjort, og det har vore lettast ved å spele mest på grus, seier far og trenar Christian Ruud.
Målet er å ligge etablert på topp 20-30, kanskje høgare.
– Men då må han spele meir hardcourt, og grussesongen kan ikkje bli så lang at han blir for typisk grusspelar. Skal du kome høgare, må du lære å spele på alle underlag. Det er Casper motivert for, seier trenaren.
– Vi er ikkje ferdig med grusen, men no er det hardcourt-tanken som tel. Så ser vi om vi neste år kuttar litt grus til fordel for hardcourt, det kjem an på resultata og rankinga.
– Nadal har knekt koden
Casper Ruud har trena mykje saman med Rafael Nadal. Han er også grusspelar, men har trena seg opp til også å meistre hardcourt.
– Han har knekt koden. Det kjem heilt sikkert Casper til å gjere og, meiner Sørvald.
– Og ikkje minst har Nadal lært seg å tilpasse spelet, også det taktiske. På hardcourt må du også våge å slå feil. Det er også ein mental og taktisk faktor.
Ruud meiner han er rask nok til å spele godt på hardcourt og, men at han må lære å våge meir, vere meir offensiv, ein tanke faren hans deler.
– Han har gjort gode kampar på hardcourt, nokre av dei beste kampane eg har sett han i, er nettopp der, seier han. – Men han må våge å vere offensiv. Utan det, får han ikkje full effekt av sin forehand, som er hans sterke våpen.
– Casper er berre 20. Mange spelar til dei er 35, så vi har god tid, seier Christian Ruud.