Hopp til innhold

Ruud sin shorts skapte problem: – På grensa til komisk

Ruud var heldig som slapp å byte shortsen før opningskampen i Wimbledon. Ikkje alle har vore like heldige som han. Oransje skosolar og ei blå truse har begge måtta gi tapt for reglementet.

Casper Ruud i Wimbledon

FEIL FARGE: Casper Ruud sin shorts var ikkje fullstendig kvit. Difor måtte den vurderast og få det grøne lyset før tennisoppgjeret kunne starte.

Foto: GLYN KIRK / AFP

Den prestisjefulle turneringa Wimbledon rullar og går i desse dagar. Til misnøye for norske hjarter rauk Casper Ruud ut av meisterskapet i første runde.

Han fekk ein ruskete start på oppgjeret mot grasspesialisten Jordan Thompson, med to sett i minus då oppgjeret endeleg kom i gong.

For det tok tid, og det var det ein usportsleg årsak til.

– Det er på grensa til komisk, seier tennisekspert Ola Bentzen til NRK.

– Stivbeint og gamaldags

Reglementet seier nemleg at alle som skal spele i Wimbledon, må stille i eit tennisantrekk som er heilt kvitt. Det gjeld allereie frå spelarane går inn på bana.

Kleda skal vere så kvite som det lar seg gjere, og andre nyansar av kvitt, som kremfarga og «off-white» er ikkje lov.

– Stiller ein i klede med fargar som ikkje er godkjent, så er ein pålagt til å gå og skifte før ein får spele vidare, forklarer Bentzen til NRK.

Både Thompson og Ruud spela difor i kvite klede frå topp til botn. Til og med skoa, hårbandet og undertøyet var farga i kvitt, men då shortsen til Ruud blei sjekka – viste det seg at den hadde blå striper oppe i strikken. Det skapte utfordringar.

Ruud, Wimbledon 2

KRITISK: Juryen måtte vurdere shortskanten, før Ruud fekk byrje å spele.

Foto: GLYN KIRK / AFP

– Stripene øvst på shortsen var i grenseland, men sidan t-skjorta til Ruud stort sett dekka over desse, droppa dei å gjere eit nummer ut av det, fortel Bentzen vidare.

Tennisorganisasjonen er likevel litt lausare i snippen på nokre område.

Farge på halsen og mansjettar er lov, og difor vart den blå saumen på t-skjorta til Ruud godkjent.

Område utanfor saumen til ei bukse, ein shorts eller eit skjørt kan òg ha innslag av farge, men sjølve kanten kan ikkje vere breiare ein centimeter.

Casper Ruud

GODKJENT: Skjortekragen til Ruud var innafor.

Foto: TOBY MELVILLE / Reuters

Tenniseksperten fortel at dette botnar ned i tradisjon.

– Wimbledon er veldig konservative. Alle andre turneringar har sleppt opp på den strenge kleskoden, og det er ein del som har prøvd å utfordre systemet, men alle har måtta gi tapt. Eg trur likevel dei fleste tykkjer dette er litt koseleg, sjølv om det verkar litt stivbeint og gamaldags, seier Bentzen.

Skotabbe gav regelendring

Ein av spelarane som har prøvd seg på det, var Roger Federer i 2013. Sjølv om antrekket var i lyse fargar, klarte tennisspelaren å komme forbi regelverket med skosolane sine.

Dei var oransje.

Roger Federer

SKILTE SEG UT: Roger Federer fekk tyn for dei oransje solane. No er det ikkje lov å spele med solar som ikkje er kvite.

Foto: STEFAN WERMUTH / Reuters

Året etterpå gjekk styret i Wimbledon inn og justerte på ordlyden i reglane, for å sikre at det ikkje skjedde igjen. Solane skulle òg vere kvite. Det var ikkje snakk om noko anna.

– Kvitt, kvitt, fullstendig kvitt. Eg synest det er veldig strengt. Den personlege meininga mi er at det er for strengt, sa Federer i ein kommentar til dei oppdaterte reglane i 2014.

Måtte skifte truse

Søstrene Serena og Venus Williams har ved fleire høve opptredd imot reglane.

Serena stilte opp i ein knallraud undershorts i 2010, og Venus hadde ein rosa sports-BH på seg i 2017, som stakk tydeleg fram under den kvite toppen.

Det gjekk ikkje umerka hen. På pressekonferanse etter kampen, vart det stilt spørsmål ved klesvalet, noko Venus ikkje sat særleg pris på.

– Eg liker ikkje å snakke om bh-ar på pressekonferanse. Det er rart, sa ho då.

Venus Williams

ROSA: Venus Williams sin sports-BH var synande under den kvite toppen.

Foto: Tim Ireland / AP

Same året fekk austerrikske Jurij Rodionov gjennomgå for hans val av undertøy. Ein blå boksar vart for radikalt, og han måtte gå og byte undertøyet sitt før han fekk spele vidare.

Det skjedde òg med spelarane Zsombor Piros og Wu Yibing.

Løysinga blei at Wimbledon skaffa sitt eige lager med undertøy som spelarane kunne byte til, om dei ikkje hadde riktig farge på det intime tøyet frå start.

– Dette har skjedd nokre gonger opp gjennom åra. Nokre slike detaljar er på grensa til komisk. Dei bør vere litt fleksible når det kjem til visse detaljar som ikkje har noko å seie, kommenterer Bentzen.

Historisk bakteppe

Det britiske reglementet til Wimbledon stammar frå den engelske historia. Tennis blei til på 1870-talet, under den viktorianske tida, og då handla alt om å opptre sømmeleg.

– Til og med sveitting var rekna som uskikka, seier Meredith Richards, bibliotekar hjå den internasjonale Tennis Hall of Fame til nettstaden Time.

Kvitt tøy var sett på som lettare klede, meir pustande og mindre varmeberande enn andre fargar, og derfor var det nok naturleg å velje den fargen.

No, fleire tiår seinare, står den engelske tradisjonen framleis ved lag. Det tykkjer tennisekspert Christer Francke er flott.

– Eg syns det er ei sjarm med det. Når ein går inn der, er det som å gå tilbake i tid. Det er ein rolegare atmosfære og ingen reklameskilt. Det blir kanskje sett på som litt snobbete, men det er ein koseleg tradisjon, konkluderer Francke.

Andre runde i Wimbledon spelast torsdag. Sjølve finalane går av stabelen laurdag og søndag den 10. og 11. juli.

Siste nytt

  • Leicester rykket opp igjen til Premier League

    Leeds tapte hele 0-4 borte mot Queens Park Rangers fredag kveld. Dermed ser det ut til at et direkte opprykk glipper for den tradisjonsrike klubben, mens Leicester kan feire retur til Premier League neste sesong.

    Etter fredagens kamp har Leeds fire poeng opp til Leicester, men kun én kamp igjen å spille. Leicester har på sin side to kamper igjen å spille.

    For Leeds' del jakter Ipswich Town like bak. De er ett poeng bak Leeds, men har spilt to kamper mindre. Dermed vil fem poeng på de siste tre kampene sikre et opprykk for Ipswich.

    For Leicester ble oppholdet på nest øverste nivå i engelsk fotball kortvarig. Klubben som vant Premier League i 2016, rykket ned fra Premier League i fjor.

    Seieren til Queens Park Rangers gjør at de har sikret plassen på nest øverste nivå.

    Leicester
    Foto: AP
  • Medier: Liverpool og Feyenoord enige om Slot-overgang

    Arne Slot blir etter alt å dømme arvtakeren til Jürgen Klopp som Liverpool-manager. Ifølge flere medier har Feyenoord gått med på å slippe ham.

    Det skjer etter at Slot torsdag bekreftet at han ønsket seg til Liverpool.

    – Jeg vil gjerne til Liverpool. Nå venter jeg på å se om klubbene kommer til enighet. Jeg er veldig trygg på det, sa Slot til ESPN.

    Nå melder flere medier, blant dem The Athletic, at klubbene har kommet fram til en kompensasjon for nederlenderens tjenester. Også nederlandske medier hevder at Slot nærmer seg Liverpool-jobben.

    Liverpool har vært på managerjakt siden Klopp i vinter varslet at han kom til å gi seg ved sesongslutt. Tyskeren hadde egentlig to år igjen av kontrakten.

    I Nederland er 45-årige Slot kjent for å stå for en offensiv og energisk spillestil. Han ledet i fjor Feyenoord til serietittelen og fulgte i år opp med å vinne cupen.

    Slot tok for to år siden Rotterdam-laget til finalen i Serieligaen. Han leverte også sterke resultater som AZ Alkmaar-trener. (NTB)

    Arne Slot
    Foto: AFP
  • Stortalent herjet da Norge vant i VM-test

    Treningskampen mellom Norge og Danmark i Asker endte 4-3 fredag kveld etter spilleforlengelse.

    18 år gamle Michael Brandsegg-Nygård er blant verdens mest ettertraktede talenter og han viste hvorfor fredagens kamp.

    Brandsegg-Nygård ble kreditert alle Norges tre mål i ordinær tid.

    – Jeg vet ikke. To i hvert fall, sa Brandsegg-Nygård til TV 2 i pausen mellom andre og tredje periode.

    – Den gikk på skøyta mi, men så jeg ikke hva som skjedde etter. Jeg tror Petter (Vesterheim) slo den inn, sa Brandsegg-Nygård videre - noe også TV 2s kommentatorer konkluderte med.

    Norge ledet 3-1 etter den andre perioden, men Danmark kom tilbake i den tredje perioden og fikk utlignet til 3-3. Dermed ble det spilleforlengelse i Asker.

    Der var igjen Brandsegg-Nygård sentral og scoret Norges vinnermål i spilleforlengelsen.

    Norge og Danmark møtes til ny treningskamp lørdag. Deretter skal Norge spille to treningskamper borte mot Latvia neste uke, før VM starter 9. mai.

    Michael Brandsegg-Nygård
    Foto: NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal