Nordmannen imponerte stort på grusen i French Open. No er han klar for neste høgdepunkt, Wimbledon, som begynner 1. juli.
– Det blir ingen turneringar før Wimbledon. No skal eg ha ei veke ferie, før eg begynner å trene mot Wimbledon, seier Ruud til NRK.
Wimbledon er den einaste Grand slam-turneringa som spelast på gras, noko som gir gruspesialisten ei utfordring.
– Det er ikkje lett å trene på gras her i Norge, for me har jo ingen grasbanar, seier Ruud.
– Eg får trene på «hardcourt» her i Norge, det er nok det nærmaste me kjem, legg han til Ruud.
På grus går ballen saktare enn på grasbanane. «Hardcourt» blir sett på som noko midt i mellom grus og gras når det kjem til hastigheit og sprett på ballen.
– Hadde betra sjansane hans
Christer Francke er tenniskommentator for Eurosport, og han meiner at Ruud ikkje får ein optimal opplading til Wimbledon.
– Dei fleste som skal til Wimbledon spelar nokre grasturneringar no før Wimbledon. Så dette er ikkje heilt ideelt for Casper. Hadde han fått trent på gras etter French Open, i staden for å spele ny grusturnering, så hadde nok det vore betre for sjansane i Wimbledon, seier Francke
Tenniskommentatoren skjønnar likevel prioriteringa til 20-åringen, som nyleg spelte seg til semifinale i Challenger-turneringa i Tsjekkia.
– Han er mykje betre på grus, så han har nok prioritert å spele på grus for å få mest mogleg poeng på rankinga. Han skal spele på grus rett etter Wimbledon. Da kjem det nokre turneringar han kan ha ein god sjanse til å få ein del poeng.
I fjor rauk han ut i fyrste kvalifiseringsrunde til prestisjeturneringa. Denne gongen er bæringen direkte kvalifisert til hovudrunden.
– Eg drar over til London fire-fem dagar før det startar. Det blir veldig spennande å spele på gras, fortel Ruud, som no tek ei veke ferie.
Låge skuldrer og rak rygg
Til den prestisjetunge turneringa i Wimbledon har ikkje nordmannen, som no ligg på 59.-plass på verdsrankinga, store forventningar.
– Eg har ikkje dei største ambisjonane, men eg kjem med senka skuldrer og rak rygg, og eg kan kanskje vinne nokre kampar. Ballen er jo rund, seier han med eit smil om munnen.