Dei to møtest i 3. runde i Roland Garros-turneringa på Court Suzanne-Lenglen. Kampstart blir truleg ein gong mellom klokka 12 og 13, avhengig av kor lang tid kampen før tek.
– Eg må nok medgi at han har nokre års meir rutine enn meg, seier Casper Ruud før storkampen mot den sveitsiske legenda. Federer er 37 år og har vunne 20 grand slam-titlar, men berre ein på grusen i Paris. Det er ti år sidan.
Kampen er spesiell også for Roger Federer. Det er hans grand slam-kamp nummer 400 sidan debuten i 1999 – også det på grusen i Paris..
– Men eg er ung og sterk, og skal vise at eg er underdogen som kan vise at ung og ny energi kan halde ut i nokre timar, seier Ruud.
Større arena
– Eg skal iallfall skremme han litt, og rappe til meg nokre poeng og games her og der. Om ikkje med energien, så med spelet. Eg har spela mykje bra tennis så langt i turneringa, og sjølvtilliten er på pass, seier Ruud.
Den norske 20-åringen har imponert stort i dei to første rundane. Men kampen mot Federer blir likevel noko heilt anna. Den går på ein av hovudarenaene, men med mykje meir folk omkring, og veldig mykje større merksemd.
– Eg har prøvd å visualisere korleis det kjem til å vere utpå der, tenke på lyd og atmosfære og prøve å sjå korleis han ser ut på andre sida av nettet. men det er jo litt spesielt å møte han. Må tenke at det er ein annan spelar på andre sia av nettet, ein som ikkje er uslåeleg.
Han har prøvd å sjå kampen for seg.
– Eg såg mange bra slag av meg sjølv. Men Federer leverer sjølvsagt også mange bra slag, der han jo kjent for i dei siste 17–18 åra.
– Må våge å vise seg fram
– Sjølvsagt vil eg nok vere lit spent i starten. Men når eg er komen i gang, trur eg nok eg skal få i gang godspelet. Det nyttar ikkje å gå ut der og vere smålåten. Ein må våge å vise seg fram.
– Det blir gøy, og det er godt å få den sjansen før han kanskje vinkar farvel til tennisen. Det har alltid vore ein draum for eg å møte ein av dei aller største før dei gir seg.
Ruud har i sine første kampar gått for å ta initiativet frå start. Det vil han også gjere mot Roger Federer.
– Ja, planen er den same. Men det kjem nok ikkje til å bli like lett. Han spelar ekstremt raskt offensivt, det veit eg sjølvsagt. Det eg kan trøyste meg med, er at kampen går på grus og ikkje gras. Men han er likevel truleg den nest beste grusspelaren gjennom alle tider (etter Rafael Nadal). Han veit kva han gjer.
Ruud vedgår at han ser bilete av seg sjølv i fjerde runde.
– Ja. Eg har lyst til å vinne.
Casper Ruud har vakse opp med Federer som eit stort førebilete. Men det er pappa Christian som har spela mot Federer. Det var på trening i 1999. Christian Ruud var høgt oppe på verdsrankingen, Federer ein lovande tenåring som enno ikkje hadde slått gjennom.
– Men det hugsar eg ikkje, seier Christian Ruud til New York Times.