Ruud slo italienske Edoardo Eremin, ranka som verdas 333. beste spelar, i Challenger-turneringa i polske Szczecin.
17-åringen vann med settsifra 6-3, 6-4, og er klar for åttedelsfinale
– Det var ein bra match. No har eg jo blitt høgare ranka enn han eg møter i dag, men eg klarer å gå ut med full intensitet. Han var ingen dårleg spelar, men marginane var på mi side, seier Ruud.
Sjølv om han vann komfortabelt var det ingen enkel kamp, fortel stortalentet, som spelte med smerter etter ATP-turneringen i Sevilla, der han triumferte i finalen.
– For å vere heilt ærleg så har eg litt vondt her og der. Eg kan ikkje legge skjul på det. Eg får behandlingar og bli hundre prosent igjen. Men når det blir mange lange dagar kjenner ein det litt her og der, seier Ruud, som legg til at smertene ikkje er av dramatisk karakter.
– Dei fleste andre hadde tapt
Tidlegare tennisproff Jan Frode Andersen dagens siger viser at Ruud har eit unikt talent.
– Dei fleste i hans situasjon ville nok vore fornøgd med ATP-sigeren i førre veke, men Casper klarer å nullstille og vinne sin første kamp under heilt andre forhold enn i Sevilla. Det er heilt unikt, seier Andersen.
– Det er for eksempel lågare temperatur i Polen enn i Sevilla, det er andre banar og andre ballar. Dei fleste andre ville tapt i hans situasjon, legg han til.
Andersen, som vann ATP på 1990-talet, meiner Ruud er i rute til å bli tidenes norske tennisspelar.
– Han er foran skjema med tanke på å nå topp hundre i verda. Alt ligg til rette for ei lang og fantastisk tenniskarriere. Det skjer i ein sport med tøffare konkurranse enn nokon sinne, seier Andersen.
Kan møte nummer 45 i verda
17-åringen møter 149.ranka Marco Ceccinato frå Italia i andre runde.
– Eg tenker at det blir ein ny kamp. Italienaren eg møter er seeda, men eg har slått seeda spelarar før. Eg må bare prøve å gjøre det igjen, seier Ruud.
Slår han Ceccinato ventar spanske Marcel Granollers i kvartfinalen. Granollers er nummer 45 i verda.