Den russiske OL-komiteen kjem til å støtte dei utøvarane som vil delta under nøytralt flagg i vinterleikane i Sør-Korea, melder tass.ru.
OL-komiteen diskuterte dette i dag, på bakgrunn av at IOC i førre veke stengde Russland ut frå OL, men tillét likevel russiske utøvarar å delta under nøytralt flagg og utan nasjonalsong.
– Vi støttar fullt ut både dei som vel å svare ja på ein invitasjon frå IOC, dei som ikkje gjer det, og dei som ikkje blir inviterte, heiter det i vedtaket.
Ingen boikott
Bakgrunnen for utestenginga er den såkalla Schmid-rapporten som meiner å ha funne overveldande indikasjonar på at det blei gjennomført statleg styrt dopingjuks under OL i Sotsji i 2014.
Komiteen vedtok dette samrøystes, melder tass.ru.
Det har vore spekulert i om Russland ville svare med OL-boikott. Men president Vladimir Putin sa dagen etter IOC-vedtaket at det ikkje var aktuelt.
Men han nekta for alle påstandar om at den russiske staten stod bak eller kjende til dopingjukset i Sotsji.
25 russiske deltakarar i Sotsji-leikane er dei siste vekene blitt utestengde frå OL i Korea. Alle har anka til den internasjonale idrettsdomstolen CAS.
– Invitér dei beste
I går bestemte også den russiske utøvarkommisjonen at dei vil delta i OL på dei vilkåra IOC har sett. Det betyr at russiske utøvarar ikkje kan melde seg på, men må få invitasjon frå IOC for å kunne starte under hnøytalt flagg.
– Det er ingen av oss som ikkje vil delta om dei får sjansen, seier kommisjonsleiar Sofija Velikaja.
– Men eg håpar IOC er objektive når dei sender invitasjonane. Vi vil ikkje at dei skal invitere nummer fem og seks og ikkje dei beste, seier Velikaja. Det har ho også gitt uttrykk for i eit brev til IOC-president Thomas Bach.
«Den olympiske medaljen høyrer aldri berre til utøvaren. Medaljen høyrer til heile folket som utøvaren representerer, og til alle som støttar han. Dette er den spesielle og den unike verdien av den olympiske suksessen», står det i vedtaket som utøvarane i dag slutta seg til.
Trur på 200 russiske utøvarar i OL
Det sluttar komitéleiar Alexander Zjukov seg til.
– Eg trur IOC vil passe på at dei beste russiske utøvarane blir inviterte, slik at til dømes ishockeylaget vårt får dei beste spelarane, sa Zjukov. Han reknar med at opptil 200 russiske autøvarar kjem til å dleta i OL:
Men utøvarane er likevel ikkje samd i IOC-avgjerda.
«Vi veit at eitt av kriteria er at ingen av dei som får delta kan ha noko dopinghistorie. Det stengjer ute nokre av våre lagkameratar som ein gong gjorde ein feil, og som har sona straffa si», står det vidare.
Sjølv om Russland offisielt vil støtte utøvarar som deltar på IOCs vilkr, er det også sterke røyster som meiner det motsette.
– Ein stor nasjon som Russland kan ikkje delta i OL inkognito, seier Frants Klintsetvitsj. Han er viseordførar i forsvarskomiteen i den russiske nasjonalforsamlinga til nettstaden RIA Novosti.