Det betyr at Russland ikkje får noko dei skulle ha sagt i IBU-organisasjonen. Men rusisske utøvarar får delta i konkurransar som før, og verdscupavslutninga skal gå i Tjumen som planlagt.
IBU-president Anders Besseberg kunngjorde styrevedtaket på ein pressekonferanse etter konkurransane i Hochfilzen i ettermiddag.
Bakgrunnen er IOCs utestenging av Russland etter Schmid-rapporten om dopingskandalane i Sotsji i 2014. Også IBU vil la russarar utan noko form for doping-historie delta i konkurransar.
– Vi har degradert Russlands medlemskap til provisorisk. Det inneber at dei kan ikkje stemme, fremje forslag eller stille kandidatar på Kongressen, seier Besseberg.
I mellomtida må Russland følgje opp krav om betre antidopingarbeid. IBU vil vurdere utestenginga på eit seinare tidspunkt, men uansett ikkje før etter denne sesongen.
– Dei må etterleve det vi har sett som kriterium.
Russland kan heller ikkje tildelast nye IBU-arrangement så lenge medlemskapet er provisorisk.
Får behalde v-cupen
Men verdscupavslutninga i Tjumen skal gå som planlagt i mars.
– Det er eit arrangement som er tildelt tidlegare, og som ikkje har noko med denne saka å gjere. Vi kan ta det tilbake, men har ingen grunnlag for det no.
– Er ikkje jukset i Sotsji grunn god nok?
– Nei. Det er liten tvil om at det har foregått ting mellom dopinglaboratoriet i Moskva og styresmaktene. Men det er ingenting som indikerer at skiskyttarforbundet der har vore involvert.
– Skiskyttarpreisdent Kravtsov har vore involvert, blir det hevda?
– Det er eit utsegn, men ikkje bevist.
Møte med IOC torsdag
IBU-styret hadde eit møte med utøvarane like før pressekonferansen.
– Det var eit greitt møte. Men det overraska meg at det ikkje var den heilt store interessa, eg hadde venta mange fleire.
Vinteridrettsforbunda og WADA skal møte IOC i Lausanne torsdag. – Då håpar eg vi får nye bevis. Vi har fått Schmid-rapporten og vitnemåla i den, seier Besseberg.
Han fortel også at fleire skiskyttarar er under gransking, men vil ikkje nemne namn.