Hopp til innhold

Rösler svært kritisk til VAR: – Det øydelegg kampane

Mange gler seg over at VAR gir meir rettferdig døming. Nytilsett Malmö-trenar Uwe Rösler er ikkje einig. Han meiner kampane framleis blir prega av gjetting i viktige situasjonar.

Uwe Rösler

Uwe Rösler er kritisk til innføringa av VAR. Han meiner det uansett blir mykje gjetting med det nye systemet, og det er like greitt at dommarane tek seg av gjettinga – og ikkje dei som sit i videorommet.

Foto: Bogdan Maran / Ap

– Om VAR skal fungere må det nyttast på rett måte. I fleire land blir VAR nytta i så stor grad at det øydelegg kampane. Det øydelegg flyten. Supporterane forstår ikkje kva som skjer, seier Rösler til NRK.

VAR betyr videoassistert dømming. For mange norske TV-sjåarar blir årets VM første gongen dei ser denne typen dømming, som er innført i enkelte ligaar. VAR fungerer slik at hovuddommaren kan velje å nytte seg av videoassistanse i kampavgjerande situasjonar som straffespark og raude kort.

SOCCER-WORLDCUP-FRA-AUS/

Innføringa av VAR har vore ein av dei store snakkisane i fotball-VM. Her er det Australia-trenar Bert van Marwijk som fortvilar når dommar Andrés Cunha bestemmer seg for å sjå om igjen ein potensiell straffesituasjon mot Frankrike. Det enda med VM-historias første straffespark etter at VAR er nytta. Antoine Griezmann scora frå 11-metersmerket.

Foto: JOHN SIBLEY / Reuters

– Snytt for to straffer

Så langt i VM har lag som Frankrike, Peru og Sverige fått straffespark som følgje av den nye teknologien.

Mange har hylla VAR for at det blir gitt korrekte straffespark i situasjonar der spelet tidlegare hadde gått vidare. Men Uwe Rösler er altså ikkje blant dei.

– Eg er veldig open for teknologi i fotball. Til dømes er eg veldig glad for mållinjeteknologien, som er 100 prosent korrekt. Men eg er nok ikkje den største supporteren av VAR, vedgår han.

SOCCER-WORLDCUP-TUN-ENG/

Uwe Rösler meiner Harry Kane skulle ha hatt to straffespark mot Tunisia. Han fekk ingen.

Foto: GLEB GARANICH / Reuters

Og utdjupar:

– Det skjer også at systemet blir nytta for sjeldan. Til dømes skulle England ha hatt to straffespark mot Tunisia. Sjølv med VAR blir ikkje alt korrekt. Så eg trur det er betre å la dommarane sjølve gjette kva dei skal gjere i ulike situasjonar enn at dei i videorommet skal gjette, seier Rösler.

Dommarsjefen i NFF, Terje Hauge, er derimot strålande nøgd med korleis VAR har fungert i VM så langt. Han påpeikar at VAR ikkje skal dømme fotballkampane, men luke ut openberre feil og hindre skandalar.

– Vi kan ikkje ha for mange stopp i kampen heller. Men til nå meiner eg at dommarane har brukt teknologien perfekt. Dei har berre stoppa kampar ved kampavgjerande situasjonar for å unngå skandalar. Kampane lever og har framleis det same engasjementet i seg, seier Hauge.

Negative erfaringar

Rösler

Uwe Rösler debuterte som Malmö-trenar ved å slå Molde 2–0 i ein treningskamp.

Foto: Andreas Hillergren/TT, Andreas Hillergren / NTB scanpix

Nyleg vart Uwe Rösler tilsett som trenar i den svenske toppklubben Malmö. Tidlegare har Rösler trena Lillestrøm, Viking, Molde, Brentford, Wigan, Leeds og Fleetwood Town.

– VAR vart testa ut i FA-cupen då eg møtte Leicester som Fleetwood-trenar. Det slo negativt ut for oss den gongen, fortel Rösler.

Leicester vann omkampen i tredje runde 2–0 16. januar. Ein månad seinare fekk Rösler sparken som Fleetwood-trenar.

Kommentator: Peder Mørtvedt.

Siste nytt

  • Nosa overstrålte Nusa – assist i debuten da Mechelen spilte 1-1 mot Brugge

    Petter Nosa Dahl debuterte for Mechelen etter overgangen tidligere i uka og leverte assist da laget greide 1-1 borte mot Brugge.

    Nosa Dahl ble leid ut fra Bodø/Glimt til gamleklubben KFUM Oslo før denne sesongen. Han gjorde stor suksess med seks mål og tre assist på 17 kamper, men denne uka solgte Glimt ham til belgiske Mechelen.

    20-åringen startet på benken i Brugge, men kom inn i det 62. minutt. Tre minutter senere leverte han assist til Patrick Pfluckes utligningsmål.

    Joaquin Seys hadde gitt Brugge ledelsen i det 51. minutt, men det ble bare uavgjort for hjemmelaget.

    Brugges norske landslagsspillere Antonio Nusa og Hugo Vetlesen startet begge. De ble byttet ut samtidig i det 80. minutt.

    (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: KFUM Oslo - Brann (0-0)
    Foto: Annika Byrde / NTB
  • Andreas Georgson ferdig som LSK-trener – får assistentrolle i Manchester United

    Svenske Andreas Georgson forlater Åråsen etter bare et halvt år som Lillestrøms hovedtrener. 42-åringen er ansatt som assistenttrener i Manchester United.

    Det opplyser Lillestrøm i egne mediekanaler. Assistenttrener Robin Asterhed overtar inntil videre som hovedtrener.

    Torsdag erfarte både Romerikes Blad og Nettavisen at Georgson var i samtaler med en ny klubb. Sistnevnte skrev senere på kvelden at det dreide seg om Manchester United.

    Ifølge Nettavisen behøvde den engelske storklubben bare å betale en klausul i Georgsons LSK-kontrakt. Den skal angivelig ha vært på rundt fire millioner kroner.

    Den svenske 42-åringen har en fortid i flere engelske klubber. Han har blant annet vært dødballtrener i Southampton, i tillegg til å ha roller i både Arsenal og Brentford.

    I februar forlot Manchester Uniteds dødballtrener Eric Ramsay klubben. (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: Molde - Lillestrøm (3-0)
    Foto: Marius Simensen / NTB
  • Nigerias basketballkvinner reiste 20 mil – fikk ikke plass på båten

    I regnværet under åpningsseremonien var det god plass på mange av båtene som fraktet OL-deltakere, men ikke for Nigerias basketballkvinner.

    Det nigerianske kvinnelaget hadde reist over 20 mil fra Lille, der gruppespillet avvikles, for å være med i åpningsseremonien.

    Vel framme ble de nektet å gå om bord i båten der Nigerias utøvere skulle være med.

    Årsaken var at båten var for full.

    Ifølge nyhetsbyrået AP var det en representant for Nigerias OL-komité som besluttet at det ikke var plass til basketballkvinnene. Skuffet måtte de reise tilbake til Lille.

    Nigeria var på samme båt som Niger og Norge. TV-bildene fra båten viste at det tilsynelatende var en del ledig plass om bord.

    Nigeria spiller sin første OL-kamp mandag mot Australia. (NTB)

    2P-7bT3AJRc
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal