Hopp til innhold

Gulloppskrifta til OL-dronninga – blei best ved å trene minst

Ho blir ståande som den store norske OL-dronninga. Men Marte Olsbu Røiseland elskar ikkje akkurat treningstimane som ligg bak.

Marte Olsbu Røiseland

KVALITET FRAMFOR KVANTITET: Marte Olsbu Røiseland er langt frå den skiskyttaren som trenar mest, og synest det er viktig å få fram at ein ikkje må trene seg «i hel» for å bli verkeleg god.

Foto: Gunnar Bratthammer / NRK

Tre gull og to bronse. Medalje i kvart individuelle skiskyttarrenn i Zhangjiakou. Marte Olsbu Røiseland kan nesten ikkje fatte det.

– Dette hadde eg ikkje eingong drøymt om, fortel ho der ho står med den siste OL-medaljen i samlinga rundt halsen.

Men sjølv om det ligg mange år med ekstremt hardt arbeid bak prestasjonane til 31-åringen i skiskyttarløypa i vinter, så har ho ei litt anna tilnærming til idretten hennar enn mange av konkurrentane.

Ho trenar nemleg betydeleg mindre.

2022 Winter Olympics, day 8, Medal Ceremonies

STOR FANGST: Marte Olsbu Røiseland må truleg betale overvekt på flyet heim til Noreg etter den elleville medaljefangsten i Kina.

Foto: VEGARD GRØTT / BILDBYRÅN

Ikkje treningsglad

Her kjem uttrykket kvalitet framfor kvantitet til den rette betydninga si. Det er detaljane som betyr alt, meiner verdscupleiaren.

– Eg trur eg er litt avhengig av dei. Eg må ta smarte avgjerder for å nå toppen, forklarer Røiseland.

Ho snakkar etter kvart av mykje erfaring og innrømmer at ho eigentleg ikkje er spesielt treningsglad.

– Eg er veldig oppteken av at kvar time skal gjere meg betre. Sånne tulletimar, der ein berre trenar for å trene, har eg aldri drive med. Det er kanskje litt fordi eg ikkje elskar å trene, men berre liker det, seier skiskyttaren.

Marte Olsbu Røiseland

KONKURRANSEMENNESKE: Røiseland elskar å konkurrere, men er ikkje like glad i å trene.

Foto: Gunnar Bratthammer / NRK

Bø åtvarar

På skiskyttarlandslaget er ho nok den som trenar minst, kanskje med unntak av Johannes Thingnes Bø.

650 timar basistrening og 150 timar skytetrening i året, anslår privattrenar Roger Grubben.

For ein toppidrettsutøvar er ikkje det så mykje. Triatlet Kristian Blummenfelt blir sagt å trene opp mot utrulege 1300–1400 timar på eit år. For to år sidan sa Therese Johaug til NRK at ho noterer seg cirka 1100 timar i året.

– Dei åra eg var utestengd trena eg nok rundt 1200–1250 timar i året, fortalde langrennsstjerna.

Tarjei Bø blir peika ut som den som trenar mest av skiskyttarane. Han trur han ligg på om lag 1000 timar, men kjem samtidig med ei åtvaring.

– Det handlar om å finne det som passar for ein sjølv. Eg trur det er der veldig mange andre utøvarar feilar, for dei kopierer. Og kopierer du for mange, så blir det berre ei smørje til slutt, seier Bø engasjert.

Blandet stafett-laget som tok gull

TRENAR ULIKT: Gullvinnarane frå blanda stafett-laget i Beijing har ulike treningsopplegg. Medan Tiril Eckhoff og Tarjei Bø (i midten) er blant dei som trenar mest på skiskyttarlandslaget, trenar Marte Olsbu Røiseland og Johannes Thingnes Bø minst.

Foto: Kirsty Wigglesworth / AP

– Ikkje vanskeleg å stoppe

Røiseland har lært å stole på seg sjølv. Ho synest det er viktig at det kjem fram at det går an å nå verdstoppen utan at ein må trene timevis kvar einaste dag nærast heile året.

– Eg er veldig glad i å gjere ein god jobb, og når han er gjort så er eg fornøgd. Eg går ikkje ut ein ekstra time fordi det er moro, poengterer ho.

– Ho er ikkje vanskeleg å stoppe om ein har eit godt argument for at det er fornuftig med ein fridag. Dei som elskar å trene, trør ofte litt for hardt på gassen, meiner Roger Grubben.

Roger Grubben

TRENAR: Røiselands personlege trenar, Roger Grubben, fortel at ho sjeldan takkar nei til ein treningsfri dag.

Foto: Carina Johansen / NTB scanpix

Det handlar òg om at ho ikkje trur kroppen hennar hadde tolt så mykje meir trening.

Opplegget hennar er dessutan litt annleis enn dei fleste andre sine på grunn av ein belastningsskade i hofta, som gjer at ho mellom anna ikkje kan springe.

– Det er lettare å trene for mykje enn for lite på dette nivået, legg trenaren til.

Skal slappe av

Akkurat det er ikkje Røiseland noko bekymra for, spesielt ikkje den neste veka.

No skal ho lene seg tilbake og nyte nokre late, og kanskje til og med treningsfri, dagar heime saman med ektemannen.

Deretter er det fullt fokus mot sesongavslutninga, og det siste målet ho enno ikkje har oppnådd: å vinne verdscupen i skiskyting samanlagt.

– No gler eg meg først og fremst til å komme meg heim til Sverre. Eg har vore lenge borte frå han, og eg veit at han har følgt mykje med dette OL. Vi er to om det, og no har vi teke fem medaljar saman og det skal vi kose oss med når eg kjem heim. Eg skal slappe av, og så prøve å mobilisere til dei siste verdscuprundane.

Ekteparet Røiseland

SIGERSKLEM: Sverre Røiseland var med då kona blei VM-dronning i Anterselva i 2020.

Foto: Lise Åserud / NTB

Sportsnyheter

Molde vant sjumålsdrama: Berisha hånet med «slanger» og falske sedler

Veton Berisha fikk ikke noe hyggelig gjensyn med Stavanger og Viking, men helt på tampen sikret Molde tre dramatiske poeng.

n9oU6LhHxh0

Vann meisterligaen føre rekordpublikum: – Feiringa blir nok tøffare enn kampen

Vipers Kristiansand er best i Europa igjen. Sørlendingane knuste Ferencvaros i meisterligafinalen.

Siste nytt

  • Haavis Roma tapte cupfinalen 0–1 – Juventus avgjorde tre minutter på overtid

    Emilie Haavi og Sophie Roman Haugs Roma måtte se håpet om cupgull ryke da Barbara Bonansea sikret 1-0-seier for Juventus tre minutter på overtid.

    Roma klarte seg imidlertid langt bedre enn da de tapte 2–5 i sesongens siste seriekamp forrige uke. Lagene møttes også i fjorårets cupfinale, da Juventus også gikk seirende ut.

    Hovedstadsklubben holdt lenge unna for Juventus angrepsfotball, og så ut til å klare seg hele veien til ekstraomganger, men i det 93. spilleminutt fikk Bonansea endelig hull på byllen og sikret med det cupgullet.

    Roma vant imidlertid sin første Serie A-tittel denne sesongen etter de slo Fiorentina 2–1 i slutten av april.

    (©NTB)

    Emilie Haavi
    Foto: NTB
  • Ohi avsluttet sesongen med scoring mot AGF – Brøndby rotet bort seieren i sluttminuttene

    Ohi Omoijuanfo scoret sitt 13. mål for Brøndby da de spilte 3-3 borte mot AGF i sesongens siste seriekamp i den danske superligaen.

    Nordmannen sendte Brøndby i ledelsen etter elleve minutte. Det ble en målrik kamp som til slutt endte uavgjort 3-3, da det raknet for Brøndby på slutten.

    AGF sikret med det bronsen i den danske toppdivisjonen, mens Brøndby avsluttet endte på 5.-plass i mestersluttspillet i Danmark. FC København sikret tittelen allerede i forrige serierunde.

    Fotball, privatlandskamp: Irland - Norge (1-2)
    Foto: Fredrik Varfjell / NTB
  • Bodø/Glimt med knusende seier i hovedstaden

    Tabelltopp Bodø/Glimt tok sin femte strake seier da de vant 3–1 over Vålerenga på bortebane i Eliteserien søndag.

    Faris Pemi ble kveldens matchvinner med to nettkjenninger.

    – Det er en fantastisk følelse. Jeg hjalp laget med å skaffe tre poeng, og vi fortsetter framover. Vi er veldig fornøyde, sa tomålsscorer Faris Pemi til TV 2.

    Eliteseriens toppscorer Amahl Pellegrino noterte seg også for et vakkert mål.

    Gjestene styrte kampen, men i siste ordinære spilleminutt satte Jones El-Abdellaoui et trøstemål for VIF.

    Glimt har med det åtte poeng ned til tabelltoer Brann, etter at bergenserne slo tabelljumbo Aalesund.

    De øvrige kampene i Eliteserierunden søndag endte slik:

    Aalesund – Brann: 1-3, Lillestrøm – Stabæk: 3-1, Rosenborg – HamKam: 4-0, Sandefjord – Odd: 4-0, Strømsgodset – Haugesund: 1-2, Tromsø – Sarpsborg 08: 2–1. Viking – Molde pågår nå, stillingen er foreløpig 0–1.

    Glimt-spiller Faris Pemi jubler etter sin andre scoring mot Vålerenga.
    Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Sport
Spiller nå
NRK forklarer: Rasismeskandalen i Spania 02:41
Neste