Hopp til innhold

Ristar på hovudet etter historisk skrekkår: – Frykteleg og oppsiktsvekkande

Noreg må vinne skjebnekampen mot Portugal i kveld for å unngå nedrykk.

Ada Hegerberg VM 2023

NEDTUR: Noreg styrer mot den dårlegaste landslagssesongen sidan 1981. Her er Ada Hegerberg frå VM-sluttspelet i sommar.

Foto: NTB

– Sesongen er frykteleg og oppsiktsvekkande, seier Carl-Erik Torp, NRKs fotballekspert, om sesongen til det norske kvinnelandslaget.

To sigrar, fem uavgjort og seks tap er fasit i landslagsåret 2023 framfor dei to siste landskampane i år.

Dermed styrer det norske landslaget mot den verste sesongen på 42 år.

– I dag er vi langt frå det nivået vi ønskjer å vere på, erkjenner landslagsstjerna Ada Hegerberg framfor lagnadskampane.

I 1981 vann Noreg to av totalt fem landskampar og for første gong sidan 1985-sesongen står Noreg i fare for å ikkje vinne fleire enn to landskampar i løpet av eit kalenderår.

Denne sesongen har Noreg berre vunne privatlandskampen mot Uruguay i februar og lagnadskampen mot Filippinane i VM-sluttspelet i sommar.

No står landslaget med fem strake kampar utan siger før dei to siste landskampane i år mot Portugal fredag kveld og Austerrike førstkommande tysdag.

– Årets viktigaste landskampar

Det er årets viktigaste landskampar, meiner NRK-ekspert Torp.

Eksperten siktar til dei to siste avgjerande kampane i nasjonsliga-gruppespelet, der tabelljumbo Noreg står i fare for å rykkje direkte ned til nivå B etter to tap og to uavgjort. Sisteplassen i gruppa rykkjer direkte ned, medan tredjeplassen må spele kvalik.

Carl-Erik-Torp-061023

SKUFFA: NRKs fotballekspert Carl-Erik Torp meiner det vil vere krise for norsk fotball dersom Noreg rykkjer ned til nivå i nasjonsligaen.

Foto: Birk Pessl-Kleiven / NRK

– Det er heilt krise viss vi rykkjer ned. Det er natt og dag for moglegheitene vidare, seier Torp.

Han held fram:

– Kampane er avgjerande for matchinga i dei kommande åra og vegen inn i framtidige meisterskap. Med nedrykk vil vi falle ned på eit nivå vi ikkje ønskjer å vere på og som ikkje er i nærleiken av målsetjinga.

Dersom Noreg rykkjer ned til nivå B i nasjonsligaen vil vegen til EM-sluttspelet 2025 bli langt meir utfordrande samanlikna med EM-vegen frå nivå A.

– Det er utruleg viktig for alle å halde plassen på nivå A. Vi innser alvoret. Det har alt å seie for framtida til dette landslaget og for dei som kjem opp, seier Hegerberg til NRK.

Ada Hegerberg (t.v) og Caroline Graham Hansen

SAMLA: Ada Hegerberg er tilbake etter skade og på si første landslagssamling sidan VM-sluttspelet i sommar. Her saman med Caroline Graham Hansen framfor dei to siste landskampane i år.

Foto: NTB

Alle fire gruppevinnarane frå nivå A, og dessutan gruppetoarar frå nivå A går direkte til EM, medan ingen frå nivå B eller C går direkte til EM.

I staden ventar ein lang og vanskeleg veg frå nivå B der Noreg potensielt må vinne to playoffkampar over fire kampar for å ta seg til EM.

– Vi kjem til å kjempe med alt vi har. Det er ei utfordring vi må ta på strak arm, seier Lyon-profilen.

– Ekstremt viktig

Framfor dei to avgjerande kampane meiner Torp det er ein reell fare for nedrykk og fryktar at eit eventuelt nedrykk «vil setje landslaget langt tilbake i tid».

– Tidlegare har ikkje det norske landslaget levert når det trengst som mest, men no må landslaget verkeleg levere når det gjeld. Vi må klamre oss fast for å unngå at det ikkje blir eit gap mellom Noreg og dei største nasjonane.

No må Noreg vinne mot Portugal på Ullevaal fredag kveld for å unngå det lågaste talet på landslagssigrar i løpet av ein sesong sidan 1985, men Torp tek den dystre landslagsstatistikken i forsvar.

Mimmi Löfwenius og Vålerenga er klare for lørdagens cupfinale, men fortsatt er det en feiring fra 2012 som hjemsøker den norsk/svenske stjernespissen.

– Noreg har valt å møte ein del god motstand sidan det skulle vere det beste for førebuingane til VM, men to dei sigrane har kome mot dei to svakaste laga vi møtte i 2023.

I år er det berre fire nasjonar som har vore grunn til å tru dårlegare motstand, mot eksempelvis 14 i perioden mellom 7-0-tapet for Nederland i privatlandskamp i 2021 og 8-0-audmjukinga mot England i EM-sluttspelet i fjor.

Både Portugal og Austerrike er lågare rangert enn Noreg, som er rangert som nummer 13 på FIFA-rankinga, når Noreg speler for landslagsframtida.

Ingrid Syrstad Engen

PROFIL: Barcelona-profil Ingrid Syrstad Engen er tydeleg på at det er viktig å ikkje ha fokus på konsekvensane.

Foto: NTB

– Det handlar om å ikkje ha fokus på konsekvensane. Vi prøver å tenkje at det er ein motstand vi skal skape mykje mot, vi er på heimebane, så vi har mykje å sjå fram til dersom vi klarer å straffe dei meir enn vi gjorde på bortebane, seier Barcelona-profil Ingrid Syrstad Engen før Portugal-møtet på Ullevaal fredag kveld.

– Eg har vorte vand til å spele viktige kampar, så eg klarer å førebu meg å finne rett spenningsnivå. Fokuset er på å førebu seg mest mogleg. Vi skal vere klare når kampen startar, seier ho.

Landslagskollega Vilde Bøe Risa uttrykker heller ikkje noko bekymring.

Vilde Bøe Risa

LITE BEKYMRA: Atletico Madrid-profil Vilde Bøe Risa fortel at ho trur landslaget førebur seg likt mentalt til alle kampar, uansett kva press dei er under.

Foto: Ksenia Novikova / NRK

Vi er vande i klubb med at ein må vinne kvar kamp, så det blir ein vanleg kamp for oss slik sett. Det å gå inn i ein kamp og vite at ein må vinne, eller bør vinne, sett sjølvsagt eit lite press, fortel Atletico Madrid-spelaren og held fram:

Men det er vi førebudde på og har allereie snakka om, så vi håper at vi får brukt det til vår fordel og at det kan hjelpe oss til å vinne kampen.

Runa Lillegård hos kiropraktoren der hun opplever å få hjelp mot smertene.

Kampen mot eget hode

En fotball i tinningen sendte Runa Lillegård (22) i kunstgresset på brutalt vis. Siden hodeskaden har hun ikke spilt en eneste kamp - nå kjemper hun sitt livs største kamp.

Siste nytt

  • Nosa overstrålte Nusa – assist i debuten da Mechelen spilte 1-1 mot Brugge

    Petter Nosa Dahl debuterte for Mechelen etter overgangen tidligere i uka og leverte assist da laget greide 1-1 borte mot Brugge.

    Nosa Dahl ble leid ut fra Bodø/Glimt til gamleklubben KFUM Oslo før denne sesongen. Han gjorde stor suksess med seks mål og tre assist på 17 kamper, men denne uka solgte Glimt ham til belgiske Mechelen.

    20-åringen startet på benken i Brugge, men kom inn i det 62. minutt. Tre minutter senere leverte han assist til Patrick Pfluckes utligningsmål.

    Joaquin Seys hadde gitt Brugge ledelsen i det 51. minutt, men det ble bare uavgjort for hjemmelaget.

    Brugges norske landslagsspillere Antonio Nusa og Hugo Vetlesen startet begge. De ble byttet ut samtidig i det 80. minutt.

    (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: KFUM Oslo - Brann (0-0)
    Foto: Annika Byrde / NTB
  • Andreas Georgson ferdig som LSK-trener – får assistentrolle i Manchester United

    Svenske Andreas Georgson forlater Åråsen etter bare et halvt år som Lillestrøms hovedtrener. 42-åringen er ansatt som assistenttrener i Manchester United.

    Det opplyser Lillestrøm i egne mediekanaler. Assistenttrener Robin Asterhed overtar inntil videre som hovedtrener.

    Torsdag erfarte både Romerikes Blad og Nettavisen at Georgson var i samtaler med en ny klubb. Sistnevnte skrev senere på kvelden at det dreide seg om Manchester United.

    Ifølge Nettavisen behøvde den engelske storklubben bare å betale en klausul i Georgsons LSK-kontrakt. Den skal angivelig ha vært på rundt fire millioner kroner.

    Den svenske 42-åringen har en fortid i flere engelske klubber. Han har blant annet vært dødballtrener i Southampton, i tillegg til å ha roller i både Arsenal og Brentford.

    I februar forlot Manchester Uniteds dødballtrener Eric Ramsay klubben. (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: Molde - Lillestrøm (3-0)
    Foto: Marius Simensen / NTB
  • Nigerias basketballkvinner reiste 20 mil – fikk ikke plass på båten

    I regnværet under åpningsseremonien var det god plass på mange av båtene som fraktet OL-deltakere, men ikke for Nigerias basketballkvinner.

    Det nigerianske kvinnelaget hadde reist over 20 mil fra Lille, der gruppespillet avvikles, for å være med i åpningsseremonien.

    Vel framme ble de nektet å gå om bord i båten der Nigerias utøvere skulle være med.

    Årsaken var at båten var for full.

    Ifølge nyhetsbyrået AP var det en representant for Nigerias OL-komité som besluttet at det ikke var plass til basketballkvinnene. Skuffet måtte de reise tilbake til Lille.

    Nigeria var på samme båt som Niger og Norge. TV-bildene fra båten viste at det tilsynelatende var en del ledig plass om bord.

    Nigeria spiller sin første OL-kamp mandag mot Australia. (NTB)

    2P-7bT3AJRc
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal