Hopp til innhold

Rekordhøge forventingar til Ødegaard: – Har lagt lista høgt

Det er ikkje berre Erling Braut Haaland det er skyhøge forventingar til. Førre sesong var Martin Ødegaard sin desidert beste. Spørsmålet er om han kan følgje den opp.

Ødegaard

PROFIL: Arsenal sin suksess den kommande sesongen avheng i stor grad av korleis Martin Ødegaard gjer det.

Foto: GLYN KIRK / AFP

– Den sesongen han leverte er, både på og utanfor banen, ein av dei beste sesongane vi nokosinne har sett frå ein nordmann, seier Viaplay-kommentator Kasper Wikestad.

Martin Ødegaard hadde ein glimrande 2022/23-sesong. Han var - og er - kaptein for eit Arsenal-lag som leidde ligaen i store delar av sesongen. Han bidrog med 15 skåringar og sju målgivande pasningar. Klar betring frå sesongen før, då han hadde han sju mål og fire målgivande pasningar.

Forventingane er no skyhøge inn mot den nye sesongen.

– Statusen han opparbeidde seg i England i løpet av førre sesong er nærast oppsiktsvekkjande, seier Wikestad.

– Ligg veldig, veldig høgt

Kommentatoren førebur seg no til liks med Arsenal og dei andre laga på ein ny sesong med Premier League-fotball.

Han er klar på at lista er lagt for Ødegaard.

Viaplays fotballkommentator Kasper Wikestad

KOMMENTATOR: Kasper Wikestad.

Foto: Geir Olsen / NTB

– Han var kapteinen, leiaren og saman med Bukayo Saka, den beste spelaren på eit lag som leidde ligaen brorparten av sesongen. Då ligg forventningane litt der, både til han og til Arsenal, seier Wikestad.

– Den lista ligg veldig, veldig høgt, legg han til.

For det var få som venta at Arsenal skulle gi Manchester City kamp til døra i kampen om ligagull førre sesong. No ventar alle at dei skal gjere det – og fleire har også trua på at Arsenal kan ta gullet.

Les også Guardiola med heftig tirade etter Haaland-show

Guardiola Haaland

Laget som enda på 2. plass førre sesong har forsterka laget med spelarar som Declan Rice, Kai Havertz og Jurrïen Timber. For nokre dagar sidan løfta Ødegaard sitt første trofé som Arsenal-kaptein då «The Gunners» senka Manchester City i Community Shield.

No er det store målet at dei skal stå distansen ut i jakta på meir edelt metall, og at kaptein Ødegaard skal leie dei til dei verkeleg store triumfane.

Martin Ødegaard

FØRSTE AV MANGE? Martin Ødegaard løftar Community Shield-trofeet etter siger på straffesparkkonkurranse mot Manchester City.

Foto: JUSTIN TALLIS / AFP

– Var eit ankepunkt

Arsenals førre ligagull kom nemleg i 2003/04-sesongen. Når denne sesongen er over, vil det vere 20 år sidan sist. I tillegg er dei tilbake i Mesterligaen for første gong på seks år.

Den store rivalen på begge frontar ser ut til å bli Haaland og City. Men der mange meiner at Haaland, med den glimrande debutsesongen sin i Manchester City, la lista så høgt at det blir vanskeleg å følgje opp, er ikkje fallhøgda like stor for Ødegaard.

Det meiner NRKs fotballskribent Thore Haugstad.

– Han blir ikkje i like stor grad målt på tal. Ein kan ikkje seie at Ødegaard gjer det dårlegare viss han skårar ti mål i staden for femten, for det er mykje meir som speler inn for både ein kaptein og midtbanespelar, seier Haugstad, som poengterer:

– Ein må hugse at Haaland har vunne alt, medan Ødegaard ikkje har vunne noko. Skårar Ødegaard åtte ligamål og vinnar FA-cupen er det ei forbetring. Vinn dei ligatittelen er det klar forbetring.

ødegaard mot tottenham

KLINTE TIL: Martin Ødegaard skåra eit vakkert mål mot erkerival Tottenham førre sesong.

Foto: DYLAN MARTINEZ / Reuters

Haugstad understrekar at ein ikkje kan forvente dei same tala frå Ødegaard denne sesongen, men understrekar likevel at det var moro å sjå Ødegaard levere som han gjorde.

– Det at han ikkje leverte nok målpoeng var lenge eit ankepunkt mot han, same kor god han var. Det han enda opp med å levere var over all forventning – og det utan å ta straffer.

– Overgjekk alle forventningane mine

Med den 15. skåringa i sesongen mot Newcastle la Ødegaard seg på linje med sesongar vi såg spelarar som Yaya Touré og Frank Lampard levere. Men ekspertane åtvarar mot å forvente det.

– Så lenge han kjem i nærleiken av det han leverte førre sesong skal han vere fornøgd, meiner Haugstad, som understrekar at ein tittel vil vere førsteprioritet.

Les også Så god er Martin (24)

Britain Soccer Premier League

– Det skal mykje til for å gjere det like bra, men gjer han 75 prosent av det, er det ein strålande sesong, meiner kommentator i TV 2, Simen Stamsø-Møller.

– Eg forventa at han skulle gjere det bra førre sesong, at han skulle vere blant dei beste i sin posisjon. Men han overgjekk alle forventningane mine. Eg har aldri sett på maken til sesong frå Martin, legg han til.

NRK møter han, Viaplay-ekspert Tor-Ole Skullerud og NRK-ekspert Carl-Erik Torp for å snakke om den kommande Premier League-sesongen. Alle har store forventningar til Erling Braut Haaland. Men også til Haaland sin landsmann.

– Det blir veldig mykje fokus på Haaland, men Ødegaard er neimen ikkje langt bak altså, meiner Skullerud.

– Det var heilt vilt det han gjorde, legg han til.

Erling Braut Haaland og Martin Ødegaard

DOMINERER: Erling Braut Haaland og Martin Ødegaard.

Foto: AP/REUTERS

– Den komande sesongen til Ødegaard kan bli dårlegare talmessig, men kan framleis vere betre for laget, påpeikar Torp.

Laurdag sparkar Ødegaard & co. i gang sesongen sin heime mot Nottingham Forest. Etter den glimrande fjorårssesongen vil alle sine auge vil vere på Arsenal og Ødegaard

Forventningane til nordmannen har aldri vore høgare.

Sportsnyheter

Tar æren for gedigen Selnæs-tabbe: – Den er jeg veldig fornøyd med

Det gikk fullstendig galt for Rosenborg-veteran Ole Selnæs foran et fullsatt Lerkendal. Etter Selnæs-tabben gikk det fra vondt til verre for Rosenborg mot ustoppelige Bodø/Glimt.

Siste nytt

  • VAR-drama da Aston Villa snublet mot Chelsea

    Det ble 2-2 mellom Aston Villa og Chelsea på Villa Park lørdag kveld, etter en opphenting fra bortelaget. VAR sørget for at Chelsea ikke stakk av med seieren.

    Dermed tapte Villa viktige poeng i kampen om Mesterliga-plass. De ligger foreløpig som nummer fire, med tre kamper mer spilt, og syv poeng foran Tottenham på 5. plass.

    Aston Villa tok ledelsen allerede etter fire minutter. Marc Cucurella var uheldig og scoret selvmål.

    Et kvarter ut i kampen scoret Chelsea-spiss Nicolas Jackson, men etter en VAR-sjekk ble scoringen annullert for offside. Senere i omgangen var Jackson nære på med en heading, men denne gangen var det stolpen som hindret utligningen for Chelsea.

    I stedet var det Aston Villa som doblet ledelsen med et langskudd fra Morgan Rogers.

    Det tok 62 minutter før bortelaget fikk sin uttelling. Chelsea vant ballen etter høyt press og Noni Madueke curlet ballen i lengste hjørne og reduserte for gjestene.

    Og Chelsea var ikke ferdig. Ti minutter før slutt vartet Conor Gallagher opp med en nydelig utligning for gjestene.

    Cole Palmer var centimeter unna å sende Chelsea i ledelsen på overtid, men Robin Olsen reddet ut til hjørnespark.

    Hjørnesparket endte opp hos Axel Disasi, som trodde han sluttførte snuoperasjonen da han scoret 3-2 med en heading via Olsen. VAR ville dog ha et ord med i laget, og annullerte scoringen for en dytt i forkant.

    Chelsea blir med det værende på niendeplass, 19 poeng bak Villa.

    Gallagher
    Foto: Reuters
  • Ruud enkelt videre i Madrid

    Casper Ruud lå under 0-2 i første sett, men deretter dominerte kan kampen mot Miomir Kecmanovic i 2. runde av ATP 1000-turneringen i Madrid.

    Dette er en av de mest prestisjetunge turneringene utenom de fire Grand Slam-turneringene.

    Ruud vant kampen 6-4, 6-1.

    I neste runde venter britiske Cameron Norrie, som slo brasilianske Joao Fonseca 6-1, 6-4.

    – Jeg nyter virkelig å være på grusen, det er min favorittid av sesongen. Nå er vi tilbake på grusen i Europa og det liker jeg godt. Det var ikke lett i dag. Det var en litt trøblete start og det tok tid å bli vant til det. Jeg er fornøyd med prestasjonen, sa Ruud etter seieren.

    (NTB/NRK)

    Casper Ruud Madrid
    Foto: Ana Beltran / Reuters
  • Leverkusen unngikk sesongens første tap – utlignet på overtid

    Nok en gang kunne Leverkusen puste lettet ut etter et utligningsmål på overtid. Den ubeseirede rekken strekker seg til 46 kamper med 2-2 mot Stuttgart.

    Leverkusen har hatt som vane å redde seg fra tap med flere overtidsscoringer denne sesongen, men det så ikke ut til at det skulle gjenta seg mot Stuttgart. Gjestene ledet 2-1 da Leverkusen fikk frispark over tilleggstiden.

    I feltet dukket Robert Andrich opp og banket ballen i mål til ellevill jubel.

    Leverkusen sikret seriegullet tidligere i april. Det er klubbens aller første Bundesliga-tittel.

    Chris Führich og Deniz Undav sørget for at Stuttgart ledet 2-0 etter en snau times spill før Amine Adli reduserte like etterpå.

    Leverkusen kan fortsatt vinne både europaligaen og den tyske cupen i tillegg til Bundesliga. Det gjenstår maksimalt sju kamper for laget. De møter Roma i semifinalen i europaligaen og Kaiserslautern i cupfinalen.

    Alonso var tidligere i sesongen ønsket både som ny manager i både Liverpool og Bayern München, men han har valgt å bli i Leverkusen også neste sesong. (NTB)

    Bayer Leverkusen
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal