Og reaksjonane på måten den dopingdømde russaren kjem tilbake til tennissirkuset på, har provosert fleire i tennismiljøet.
I januar i fjor blei den russiske tennisstjerna tatt for bruk av det ulovlege stoffet meldonium. Ho blei utestengd i to år, ei straff som seinare blei redusert til 15 månader.
Moralsk dilemma
Det betyr at ho får lov å konkurrere onsdag 26. april, i neste veke. Då går ho rett inn i eit WTA-turnering i Stuttgart. Deretter ventar turneringar i Madrid og Roma.
Men det er ikkje sikkert at ho får delta i Roland Garros, årets andre grand slam-turnering, som opnar i Paris 28. mai. Der må ho i så fall få wild card. Det får ho ikkje vite før 15. mai.
– Vi står overfor eit moralsk dilemma, vedgjekk Frankrikes tennispresident Bernard Giudicelli nyleg.
Han gav signal om at han er imot Sjarapovas deltaking.
– Vi arrangerer ei grand slam-turnering, ikkje ei casting.
Dersom ho ikkje får vere med, mister turneringa i Paris to sterke namn. Serena Williams tek pause på grunn av graviditet.
Går midt inn i ei turnering
Men 26. april, den dagen ho har sona dopingstraffa, får ho hoppe midt inn i ei WTA-turnering.
Det er dag 3 av turneringa i Stuttgart, der Sjarapova har fått wild card.
Ikkje berre det: Ho får lov å hoppe inn i programmet den dagen, sjølv utan å ha spela dei første dagane.
Det har ikkje berre falle i god jord.
Sjarapova er sponsa av Porsche, som også er hovudsponsor for turneringa i Stuttgart. Ho vann turneringa tre år på rad frå 2012 til 2014.
Kritikk
Det er også Angelique Kerber. Ho er likevel kritisk til Sjarapovas deltaking.
– Det er litt rart at ho berre kan kome og hoppe rett inn i turneringa midt i veka, seier Kerber. – Det er ei tysk turnering, og vi har mange gode tyske spelarar.
– Det er respektlaust overfor andre deltakarar, seier danske Caroline Wozniacki.
– Ho burde ha spela seg tilbake, seier skotske Andy Murray til The Times. For etter å ha vore ute eit år, har ikkje Sjarapova rankingpoeng.
Sjarapova sjølv tek lett på kritikken. – Det er det eg tenkjer minst på, seier ho til magasinet Stern.
Turneringsdirektør Markus Gunthardt forsvarar avgjerda.
– Ho har vunne tre gonger før, og fortener ein plass i turneringa, seier han. – Det har hendt før at ein spelar har kome inn i turneringa på ein onsdag.
Han avviser alle påstandar om at ho skal vere med for å få selt fleire billettar. – Vi har hatt fulle hus år ut og år inn uansett, seier han.