Hopp til innhold

Reagerer kraftig på Formel 1s drikkesystem: – Det er eit stort problem

Sergio Perez haldt på å svime av etter Grand Prix-løpet i USA på grunn av eit sviktande drikkesystem undervegs i løpet. Det får fleire til å stusse.

F1 US Grand Prix Auto Racing

STORE PROBLEM: Sergio Perez sleit frykteleg etter stort væsketap i USA. Søndag er han klar for eit nytt Grand Prix-løp på heimebane.

Foto: Darron Cummings / AP

Sjølv om Formel 1 er full av teknologi, har bilane eit ganske så enkelt drikkesystem.

Det består av ein drikkebehaldar, ei elektrisk pumpe og ein slange som blir ført inn i hjelmen. Føraren treng berre å trykkje på ein knapp på rattet og så kjem det væske automatisk opp til føraren.

I Grand Prix-løpet i USA fungerte ikkje den elektriske pumpa hjå Perez, og han fekk difor ikkje veskepåfyll. Det haldt på å gå veldig gale i eit frykteleg varmt vêr.

– Eg hadde ingen krefter. Eg mista styrken i hendene og føtene, og synet leid av det. Det var ei rein overleving å prøve å følgje med, sa Perez etter løpet.

No reagerer fleire utøvarar og ekspertar på at drikkesystemet streika, og etterlyser endringar for å sikre tryggleiken til førarane.

– Ubehageleg

Sjølv om ein kanskje tenkjer at ein ikkje blir fysisk utmatta av å sitje i ein bil i ein halvannan time, har fleire førarar fortalt at dei kan oppleve å gå ned fleire kilo etter eit løp.

– Det er fyrst og fremst veldig utmattande. Det er ein av dei idrettane kvar ein har høgast puls over lengst tid. Ein blir dehydrert, og det er skummelt når ein køyrer ein bil som går over 300 kilometer i timen, kan Formel 1-ekspert Atle Gulbrandsen fortelje til NRK.

Mykje er på grunn av all den væska dei sveittar ut i ein glovarm bil, og på grunn av dei utrulege g-kreftene.

Får ikkje førarane væske undervegs i løpet, kan det bety farlege situasjonar når konsentrasjonen må vere på topp.

Danske Jan Magnussen, tidlegare Formel 1-køyrar, har sjølv opplevd å bli dehydrert under eit løp, og det er ikkje ein spesielt god oppleving.

Kevin og Jan Magnussen

FAR OG SON: Både Kevin Magnussen og Jan Magnussen er profilar i motorsporten. Kevin er sonen til Jan.

Foto: JEAN-FRANCOIS MONIER / AFP

– Eg har både blitt dehydrert og overoppheta. Det gjekk ut over synet og reaksjonsevna, og då tek ein dårlegare slutningar. Det kan samanliknast med å ha feber og det skal ikkje mykje til før ein blir dårleg, utilpass og sløv, seier Jan Magnussen til DR og held fram:

– Det er eit stort problem. Det byrjar å flimre i kanten av synsfeltet.

Norske Dennis Olsen, som køyrer langløp, har òg opplevd det same.

Han brukte ein «cool suit», som er av same prinsipp som drikkesystemet i Formel 1, berre at han hadde væska under kleda. Då den streika, opplevde han å få mangel på væske og at den væska som låg rundt han, blei varma opp av hans eiga kroppstemperatur.

– Det var ubehageleg. Det er ikkje det ein ynskjer då det var 40 grader ute, og nesten 60 grader inne i bilen, seier Olsen til NRK.

Dennis Olsen

PROFIL: Dennis Olsen er racing-sjåfør for Porsche i GT-klassen.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Stussar over systemet

Situasjonen med Perez er ikkje den fyrste vi har høyrt om der førarane opplevde at systemet svikta. I same løp som Perez, fekk russiske Nikita Mazepin problem med det same.

Tidlegare har vi høyrt om finske Kimi Räikkönen som opplevde at pumpa slo seg på av seg sjølv og sørga for at både hjelmen og bilen blei full av væske.

Det tykkjer fleire er ganske utruleg i ein så høgteknologisk verd som Formel 1.

– Det er heilt sjukt at i ein sport der alt er så gjennomtesta har ein enno ikkje har funne eit drikkesystem som verker, seier Jan Magnussen.

Langdistanseførar Olsen tykkjer også at det er spesielt.

– Det er litt overraskande å sjå at dei slit med å få drikkesystemet til å verke i Formel 1. Dei burde hatt erfaring og kunnskap nok til å få det der til å fungere, seier Olsen.

Formel 1-ekspert Henning Isdal har likevel trua på at det blir jobba med å finne ei betre løysning.

HUKQlx8uQSA

TEMPERATUR: Det er ikkje berre på asfalten det går varmt for seg. I cockpiten i ein Formel 1-bil kan temperaturen stige opp mot 60 grader.

Foto: Jared C. Tilton / AFP

– Det er ikkje noko særleg bra at førarar ender opp med å bli så sterkt dehydrert i ein Formel 1-bil. Eg trur det jobbast med å få sikrare system, seier Isdal og kjem med eit forslag:

– Det kan jo vere så enkelt å ha eit dobbelt system i bilen. Om ein av pumpene ikkje fungerer, så har ein eit reservesystem. Det veit eg ikkje om dei har, men det verkar jo ikkje som dei har det. Det er litt spesielt at systemet er så enkelt som det er, når det er så mykje anna høgteknologi i desse bilane, avsluttar han.

Siste nytt

  • Molde møter Sarpsborg i cupen – VIF trakk HamKam

    Molde skal opp mot Sarpsborg i jakten på kvartfinaleplass i årets fotball-NM.

    Molde slo Hødd 3-1 onsdag og sikret seg en plass i den fjerde runden.

    Lillestrøm overrasket og slo Bodø/Glimt 4-2 onsdag. «Fugla» møter Strømsgodset i den neste fasen. Kampene spilles 8. mai før det blir et opphold fram til høstsesongen.

    Vålerenga slo ut Tromsø på hjemmebane onsdag og får ny hjemmekamp når HamKam kommer på besøk.

    I alt åtte eliteserielag er ute av årets cup. I tillegg til Molde og Lillestrøm er Fredrikstad, KFUM Oslo, HamKam, Strømsgodset, Viking og Sarpsborg 08 videre.

    Molde vant cupen i fjor med 1-0-seier over Glimt.

    Alle kampene:

    Eidsvold Turn – Sandnes Ulf

    Stabæk – Bryne

    Strømsgodset – Lillestrøm

    Raufoss – Fredrikstad

    Vålerenga – HamKam

    Lysekloster – KFUM

    Molde – Sarpsborg

    Levanger – Viking (NTB)

    Molde
    Foto: NTB
  • Hoelgaard på tiendeplass i Frankfurt

    Markus Hoelgaard ble beste nordmann i éndagsrittet Eschborn-Frankfurt onsdag. Det tradisjonsrike rittet ble som vanlig arrangert 1. mai og er et ritt som Alexander Kristoff har vunnet flere ganger tidligere.

    Løypa har de siste to utgavene blitt gjort hardere og opp Feldberg for andre gang måtte Kristoff slippe. Det norske Uno-X-laget satt da med Ådne Holter, Søren Wærenskjold, Odd Christian Eiking og Markus Hoelgaard i feltet.

    Wærenskjold måtte slippe i rittets siste stigning og til slutt ble det en spurt fra en gruppe på 36 ryttere. Der var Maxime Van Gils best og vant foran Alex Aranburu og Riley Sheehan.

    Hoelgaard ble nummer ti i spurten, mens Holter og Eiking kom inn til henholdsvis 28. og 29. plass.

    Markus Hoelgaard
    Foto: Fredrik Hagen / NTB
  • Vålerenga videre i cupen: Første hjemmeseier på 227 dager

    Vålerenga rykket på dramatisk vis ned i fjor. Mye av grunnen var at de slet stort på hjemmebane i Oslo, hvor de kun vant tre av 18 kamper (15 seriekamper, to cupkamper og én kvalifiseringskamp).

    Også årets sesong har startet dårlig på hjemmebane, med ett poeng på de to første seriekampene.

    Onsdag fikk Vålerenga endelig juble for seier igjen på hjemmebane, deres første hjemmeseier siden de slo Aalesund i serien 17. september i fjor.

    I etterkant av det hadde de spilt åtte hjemmekamper uten seier, før de altså kunne innkassere cupavansement etter 1-0 mot Tromsø.

    Simen Juklerød scoret kampens eneste mål med et godt plassert skudd i første ekstraomgang.

    For Tromsø fortsetter katastrofe-starten på sesongen. Fjorårets bronsevinner i Eliteserien har tapt samtlige fire kamper i Eliteserien til nå i år og er nå også slått ut av cupen.

    Vålerenga

Sendeplan

Kl. Program Kanal