Qatar skal nesten halvere sitt opphavlege infrastruktur-budsjett for meisterskapet. Det skal reduserast med mellom 40 og 50 prosent.
– Vi ønskjer å forsikre oss om at budsjettet er ansvarleg, seier generalsekretær Hassan Al Thawadi i organisasjonskomiteen i Qatar, til CNN.
Han avviser at reduksjonen har noko med nedgangen i oljeprisen å gjere.
Budsjettet for arenaene blir no på mellom åtte og ti milliardar dollar, eller mellom 68 og 85 milliardar kroner etter dagens kurs.
Sju av åtte blir heilt nye
Det betyr også at dei vil ha åtte arenaer, minimumskravet frå FIFA. Sju av dei skal vere heilt nye til VM.
Opphavlege planer gjekk ut på 12 arenaer – ni nye og tre oppgraderte eksisterande.
– Vi gjer dette om FIFA godkjenner det. Vi kan byggje ein til dersom det blir kravd, seier Al Thawadi.
Qatar har fått flengjande kritikk frå fleire hald for handteringa av dei fleire tusen utanlandske arbeidarane som arbeider med stadionanlegga, mellom anna frå det norske Fellesforbundet.
For tre år sidan rapporterte den britiske avisa The Guardian at 44 arbeidarar var omkomne på arbeidsplassen i løpet av få månader.
Det omstridde kafala-systemet gav også arbeidsgjevarane høve til å beslaglegge passa til arbeidarane.
Qatar sjølv har lova å rydde opp, og like før jul avskaffa landet offisielt kafala-lova.
Færrast sidan 1978
Åtte baner er det minste som har vore i bruk i eit fotball-VM sidan 1978. Den gongen arrangerte Argentina VM på seks arenaer.
VM den gongen omfatta berre 38 kampar på 25 dagar. I Qatar i 2022 skal det spelast 64 på 28 dagar.
Det opphavlege budsjettet for infrastruktur og arenaer for VM 2022 er på svimlande 200 milliardar dollar, meir enn 1700 milliardar kroner. Det er 400 milliardar meir enn det totale norske stadsbudsjettet for 2017.
Til samanlikning er det siste budsjettet for VM i Russland neste år 326 millionar dollar. VM i Brasil i 2014 kosta 335 millionar dollar.
Hovudarenaen
Totalt skulle Qatar ifølgje sitt opphavlege budsjett bruke 500 millionar dollar, eller over fire milliardar kroner total på VM-førebuingar – kvar einaste veke i fire år, skreiv The Guardian i februar i år.
– Vi har heile tida planlagt å gå høgt ut, og så redusere når prosjekta blei meir konkrete og utgiftene meir tydelege, seier Al Thawadi.
Nyleg tok arbeidet til med det som skal bli hovudstadion. Lusail stadion skal ligge 20 kilometer nord for hovudstaden Doha. Det skal romme 80.000 tilskodarar, og vere arena for både opningskampen og finalen.
Byen Lusail blir også ein nesten ny by, bygd opp frå 2009 og skal vere ferdig neste år. Byen skal etter planen ha rundt ein kvart million innbyggjarar.