Chelsea såg lenge ut til å cruise gjennom kvartfinalen, men fekk det slitsamt mot slutten. Dei vann likevel 4-3 til slutt.
– Eg er glad for spelet vi viste i første omgang, og at vi er i semifinalen, sa Chelseas manager Maurizio Sarri til BT Sport.
Pedro blei Chelseas helt i sigeren over Slavia Praha. Han scora to og assisterte dei to andre av lagets fire mål.
Chelsea vann bortekampen 1-0, og med 3-0 før det var spela 20 minutt heime på Stamford Bridge, såg all spenning ut til å vere borte. Ved pause stod det 4-1, og 5-1 samanlagt.
Men i andre omgang kom eit heiltent Slavia-lag på bana og gav Chelsea uventa kamp.
To nesten identiske Slavia-mål tidleg i omgangen skapte meir spenning enn heimelaget sette pris på. Begge kom ved Petr Sevcik etter innlegg frå Tomas Soucek. Og då Sevcik sølte bort ein giga-sjanse til 4-4, sveitta nok Chelsea-benken aldri så lite.
Semifinale mot Frankfurt
– Det er ein feil vi gjer altfor ofte, å sleppe inn mål tidleg i andre omgang. I dag fekk vi to, dei pressa oss, og det sleit vi med til kampen var slutt, sa Chelseas Cesar Azpilicueta.
– Det er ikkje slik vi vil vinne kampar, men vi er iallfall i semifinalen.
Gjestene pressa sterkt på, men London-laget drog det i land likevel, og er klar for semifinale mot Eintracht Frankfurt.
– Ja, vi starta godt, men slappa litt for mykje av etter pause, sa Olivier Giroud til BT Sport.
– Men dette laget gir aldri opp. Dei siste minutta var det spel frå boks til boks, men vi kom gjennom det.
Frisparkperle redda Arsenal
Arsenal hadde ei vaksen oppgåve mot Napoli med 2-0 frå heimekampen, og blei hardt pressa frå start. Dei fekk mellom anna ei scoring annullert for hårfin offside.
Men det var engelskmennene som scora, og etter det kontrollerte dei stort sett kampen. Frisparket frå Alexandre Lacazette nokre minutt før pause avgjorde avansementet for Arsenal i Napoli.
Franskmannen blei sjølv lagt i bakken, og friparket frå over 20 meter skrudde han lekkert inn i vinkelen medan Napoli-keeper Alex Meret ikkje rakk å reagere.
Mot spelets gang, javel. Men med bortemål for Arsenal måtte Napoli score fire gonger i andre omgang for å avansere. Det var dei aldri i nærleiken av.
– Det gjorde godt for sjølvkjensla å halde nullen, sa Arsenals Laurent Koscielny.
Verre for Arsenal var det at Aaron Ramsey måtte gå ut med skade i første omgang, med det som kunne sjå ut som ein hamstringsskade.
– Det er ein muskelskade, stadfesta manageren Unai Emery.
Arsenal skal møte Valencia i semifinalen 2. og 9. mai. Det veit manageren blir vanskeleg.
– Dei er eit godt lag med mange gode spelarar. Men vi er også gode, og eg er stolt av spelarane mine i kveld.
I ein annan kvartfinalekamp slo Valencia Villarreal 2-0 og vann klart 5-1 samanlagt.
Jamnare var det i kampen mellom Eintracht Frankfurt og Benfica. Eintracht vann 2-0, og med 4-4 samanlagt gjekk dei vidare på bortemål. For det tyske laget er det første semifinale i ei europeisk turnering sidan 1980, då dei vann UEFA-cupen.