Før verdscupen i tyske Ruhpolding hadde sørlendingen ein 21. plass som beste plassering i verdscupsirkuset.
Lagkamerat imponert
I Tyskland leverte han først ein solid stafettetappe der Norge vart nummer to. Laurdag følgde han opp med ein knallsterk 6. plass på sprinten.
På jaktstarten søndag var han lenge med i tetstriden, men vart til slutt nummer ti.
– Eg er veldig nøgd. Skytinga har vore strålande og forma i sporet har endeleg byrja å losne. Denne helga var ein stor opptur, seier han.
Landslagskollega Tarjei Bø er mektig imponert over Birkeland. Spesielt let han set imponere av skytinga til Birkenes-løparen.
– At han treff på alle er i seg sjølv ein megaprestasjon. I tillegg går han fort på ski samanlikna med tidlegare. Han har teke eit stort hopp inn i verdseliten. Det er kult, seier Bø.
Også Birkeland sjølv meiner han vil bli å rekne med i verdscupen framover.
– Eg må seie meg einig. Eg hadde 21. plass som best før denne helga. Dette var ei solid forbetring frå tidlegare, seier han.
– Medaljekandidat i VM
Superhelga gjer også Birkeland til ein heit VM-kandidat. Både landslagstrenar Roger Grubben og NRK-ekspert Halvard Hanevold meiner han kan ta medalje i VM i Nove Mesto, dersom han får gå.
– Dersom han skyt feilfritt, og er på sitt beste i sporet, så kan han absolutt kjempe om medalje, seier Grubben til Fædrelandsvennen.
– Han er medaljekandidat på 20 kilometer. Spesielt dersom det er litt ruskevêr, og nokon av dei andre bommar litt, seier Hanevold til avisa.
Birkeland trur at VM-sjansane er styrka etter dei sterke plasseringane i helga.
– Eg har veldig lyst til å gå i VM. Normaldistansen og stafetten er vel dei distansane eg har størst moglegheit til å få gå, seier han.
No er sørlendingen på veg til italienske Anterselva der han skal jakte nye topplasseringar til helga.