Hopp til innhold

Oslo Pride ut mot NFF – vil gi homopris til Berg

Etter at Patrick Berg irettesette ein tilskodar for homohets har reaksjonane hagla. Oslo Pride-leiar Dan Bjørke hyllar Berg, men rettar skarp kritikk mot Noregs Fotballforbund.

Patrick Berg og Dan Bjørke i en collage. Berg står i gul drakt. Bjørke står i Oslo Pride t-skjorte

HYLLER: Dan Bjørke meiner Berg bør få homoprisen dei neste ti åra for oppgjeret han tok med homohets.

Foto: SVEIN OVE EKORNESVÅG / BÅRD NAFSTAD / NTB/NRK

– Patrick Berg bør få alle homoprisane dei neste 10 åra for det han gjorde på banen. Han svarte kontant på homohets og det er verkeleg det vi treng når det er homohets på tribunen.

Det seier Dan Bjørke, leiar i Oslo Pride, til NRK.

Det var søndag i kampen mellom Kristiansund og Bodø/Glimt at Patrick Berg rasa mot ein tilskodar som kom med homofobiske gloser:

Måndag, dagen etter hendinga, hadde Kristiansund Ballklubb funnet personen som stod bak hetsen, og personen er no utestengd frå stadion i 35 kampar.

– Det Patrick Berg gjorde på banen da han stod opp mot hetsen, står det verkeleg respekt av, seier Bjørke.

NRK møter Patrick Berg på eit solfylt Aspmyra tysdag ettermiddag. Han har lagt merke til den store responsen etter at han tok affære med homohetsen frå tribunen i Kristiansund.

– Eg ser på det som positivt viss noko som skjer på ein fotballarena kan bidra til at vi som samfunn blir flinkare til å støtte opp om kvarandre og hjelpe kvarandre. Det ser eg som utelukkande positivt.

– Ein kan alltids stå opp for andre når ting går utanfor grensene som ein tenkjer burde vere akseptabelt i eit samfunn, seier Berg til NRK.

Kritiserer NFF

Mens hyllesta av Berg er stor frå Bjørke i Oslo Pride, så er han hakket meir kritisk til Noregs Fotballforbund (NFF). For han meiner dei ikkje gjer nok for å få bukt med homohetsen. Han saknar konkrete tiltak.

– Det er heilt i det blå korleis fotballforbundet jobbar systematisk og langsiktig med å få bukt med homohets på fotballtribunen og i garderoben. Så fotballforbundet må kome på banen og vise korleis dei skal jobbe langsiktig for å få bukt med homohets.

Han er også tydeleg på at han saknar at NFF hadde nytta denne hendinga til å vere tydelege på at fotballen skal vere for alle.

Leder i Oslo Pride, Dan Bjørke, i Regnbuegata i Oslo

KRITISK: Dan Bjørke er kritisk til NFF og Lise Klaveness.

Foto: Martin H. W. Zondag

– Vi veit at det er berre 4 prosent av homofile menn som deltek organisert i idretten, mens talet for heterofile er 20 prosent. Så på eitt eller anna tidspunkt fell skeive frå idretten, og det betyr at innsatsen og tiltaka er ikkje tilstrekkelege. Der må fotballforbundet kome på bana.

– Kva er din beskjed til Lise Klaveness?

– Det handlar om: «kor er handlingsplanen og tiltaka?». Hadde Lise Klaveness vore like god på tiltak som ho er til å halde taler framfor FIFA-pampane, så trur eg vi hadde komme eit godt stykke på veg.

– Har de vore i dialog med NFF og ulike kampanjar dei siste åra?

– Vi gjorde eit veldig godt samarbeid med heile hockeyfamilien i vinter, og prøvde å invitere fotballfamilien til å ta inspirasjon av kva vi gjer med hockey. Da fekk vi beskjed om at dei gjer masse på dette området, men for oss er det litt vanskeleg å sjå korleis dei jobbar langsiktig og systematisk med å få bukt med homohets på tribune og bane.

Tomas Køpke Ødegaard

Frykt og angst preger Tomas' hverdag – ishockeyen har blitt en trygg havn

NFF: – Idretten heng etter

Henrik Lunde er fagansvarleg for inkludering i Noregs Fotballforbund og svarer på kritikken på vegner av forbundet. Han viser til haldningsarbeidet dei gjer, som finst i deira «fair play»-program, og der nøkkelordet er respekt.

– Der tek vi opp rasisme, homohets, sexisme og mykje meir. Alt er under ein paraply. Det har vi gjort i 20 år. Vi har eksplisitte element og filmar, som klubbar og lag viser for å ta opp homohets. Det er det langsiktige arbeidet vårt, seier han og held fram:

– Om det er godt nok er krevjande å svare ja eller nei på. Eg kan aldri i livet seie at det er bra nok akkurat no, men kva vi skulle gjort i tillegg blir ein annan diskusjon.

Henrik Lunde, NFF

VANSKELEG: Henrik Lunde i NFF seier at det er vanskeleg å si at ting er bra nok no, og han fortel at han er klar over at idretten har ein veg å gå med tanke på inkludering av skeive.

Foto: Getty Images

Homohetsen i kampen mellom Kristiansund og Bodø/Glimt, blir trekt fram som eit døme på at det blir teke tak i når det skjer.

– Vi har klare reglar på og utanfor banen. Homohets blir gitt raudt kort både på og av banen, seier Lunde.

Likevel anerkjenner han at idretten framleis har ein veg å gå for å inkludere homofile.

– Idretten heng etter og har eit problem, det er eg heilt samd i. Det er få opne homofile i idretten generelt. Mitt ansvar er fotballen og per i dag er det ingen opne mannlege homofile fotballspelarar i Noreg. Ut frå kor mange homofile det er i samfunnet, er det ei underrepresentering.

Les også Hyller Patrick Berg etter hetsoppgjøret: – Betyr mye for skeive fotballspillere

Kristine Hole i Fri Nordland er takknemlig for måten Patrick Berg reagerte på hetsen fra tribunen.

null
Spiller nå
Ser du hva som er feil her? 00:23
Neste