Hopp til innhold

Opprør mot nye supersko: – Det er ikkje bra for planeten

Den nye superskoen til Adidas har fått merksemd for pris, vekt og den elleville verdsrekorden til Tigist Assefa. Samtidig får skoen sterk kritikk frå miljøengasjerte løparar.

Tigist Assefa

NYE SKO: Tigist Assefa kunne juble i dei nye skoa sine etter rekordløpet i Berlin.

Foto: AP

Den eksklusive modellen «Adizero Adios Pro Evo 1» vart for første gong brukt under Berlin maraton i september. Berre 521 modellar vart produserte og prislappen låg på svimlande 5499 kroner før han vart utseld.

Etiopiske Tigist Assefa senka maratonrekorden for kvinner med to minutt og elleve sekund, då ho vann på tida 2.11,53 timar.

Les også Deltok på 800 meter i OL – i dag smadret hun verdensrekorden på maraton

Tigst Assefa gikk ned i knestående etter seieren og verdensrekorden.

Kontroversane handlar ikkje om eigenskapane, men om levetida. Dei skal i utgangspunktet vere designa for å brukast berre i éin maraton (42.195 meter).

– Sjølv om Assefas verdsrekord på søndag var fantastisk, er ikkje dette våpenkappløpet rundt skoa bra for sporten. Det reduserer dei gamle tidene (som verkar sakte) og dei nye tidene (som kjem med åtvaringa «men det var skoa») ... men endå viktigare, det er ikkje bra for planeten, skriv ultraløparen Adharanand Finn på X/Twitter.

Sende brev til norsk sjef

Finn er kjend i løpemiljøet som forfattaren av bøkene «Running with the Kenyans», «The Way of the Runner» og «The Rise of the Ultra Runners». Han har delt teksten saman med eit brev frå organisasjonen The Green Runners. Det er adressert til Bjørn Gulden, Adidas' norske sjef.

«Ved å promotere desse skoa står dei i fare for å skape ein ny standard. Ein aksept for at folk ikkje bør forvente å få mange kilometer ut av skoa sine. Ein aksept for at eit større skoforbruk er greitt», står det i brevet som blir avslutta:

«Vi er anti-Evo»

Brev fra Green Runners til Adidas

BREVET TIL ADIDAS: The Green Runners har adressert dette brevet til Bjørn Gulden i Adidas.

Det blir understreka at dette ikkje er eit angrep på Assefa eller verdsrekorden som vart sett i Berlin.

I ein e-post til NRK skriv Adidas at dei nemnde skoa er laga for å gi eliteutøvarane det beste Adidas har å by på, og at det er produsert såpass få par fordi dei ikkje er berekna for massane.

Vidare skriv dei at skoen er optimalisert for å prestere på konkurransedagen, men at dei har testa skoa med fleire utøvarar og over ulike distansar med suksess.

– Akkurat kor lenge skoa kan levere ein prestasjon på så høgt nivå vil avhenge av utøvaren som bruker skoen og kva forhold dei blir brukte i, skriv Adidas.

Kan utgjere eitt til to sekund per kilometer

Sindre Buraas var i fleire år blant dei beste norske løparane på langdistanse, med deltaking på 5000 meter i to VM og tre EM i løpet av karrieren.

– Det er synd at verda går i den retninga på haldbarheit. Eg er designar og innan møblar og arkitektur, som er mitt fagfelt, er eg veldig sterk motstandar av bruk og kast, seier Buraas til NRK.

Skoen veg 138 gram, langt mindre enn dei samanliknbare skoa frå konkurrentane.

– Dei er rundt seksti gram lettare enn andre liknande modellar. Viss det utgjer eitt til to sekund på kilometeren på ein maraton med ein vektfordel, så er det 40 til 80 sekund totalt, seier han, og legg til:

– Men det er rein tipping eller eit estimat. Eg kan ikkje sjå for meg at det ikkje er ein fordel, seier Buraas.

Sindre Buraas

ERFAREN LØPAR: Sindre Buraas.

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

Trur dei kan brukast på trening

34-åringen fortel at det ikkje er uvanleg at drivne maratonløparar går til innkjøp av nye sko for kvar maraton. Han påpeikar likevel at dei ofte fint kan brukast utanfor konkurranse.

– Dei spring den inn og så bruker dei den til trening når det er overstått. Vi har sett Nike-skoa som også skulle vare veldig kort, men som heldt veldig lenge som ein god treningssko, seier Buraas og understrekar at han ikkje veit om dette også gjeld Adidas-modellen.

For nokre år sidan var det Nike som leidde an i teknologiutviklinga, med mellom anna Vaporfly- og Alphafly-modellane. I etterkant har det komme fleire innstramninger rundt kva som er lov i ein sko.

– Fram til no så hadde forspranget vorte nulla ut, så ser ein kanskje no at nokon har drege litt frå igjen. Viss ein ser at det er ein marknad for sko til 5000 kroner og det er folk som er villige til å betale, så vil sikkert andre komme etter, meiner Buraas.

Også på dei kortare distansane har det vore ei stor utvikling på skofronten dei siste åra:

Les også Reagerer etter Ingebrigtsen-bragd: Rekordane blir vatna ut

jakob

Siste nytt

  • Håvard Lorentzen nummer åtte i Stavanger

    Håvard Lorentzen noterte årsbeste med sin 8.-plass på 500-meteren under verdenscupen på skøyter i Stavanger. Japanske Wataru Morishige vant med 34,65.

    Håvard Lorentzen gikk inn til tiden 35,10. Han han hadde 11.-plass som best fra Beijing tidligere denne sesongen.

    Bjørn Magnussen noterte 35,15. Det holdt til 11. plass. Han har 10.-plass om best fra Obihiro tidligere i sesongen.

    Japanske Morishige vant foran kinesiske Gao Tingyu (34,66) og landsmannen Tasuya Shinhama (34,71).

    Den amerikanske sprinteren Jordan Stolz vant B-gruppen med 35,09. (NTB)

    EM på skøyter i Hamar 2023
    Foto: Christoffer Andersen / NTB
  • Dønnestad knuste Klæbo på Gålå

    Henrik Dønnestad smadret Johannes Høsflot Klæbo da han vant 10-kilometeren i klassisk stil under norgescupen på Gålå lørdag. Det gir verdenscupbillett.

    Klæbo vant sprintrennet på Gålå fredag, og mange forventet at trønderen skulle fortsette i samme stil lørdag. Slik ble det imidlertid ikke.

    Henrik Dønnestad gikk nemlig et pangløp og ledet hele veien. I mål slo han Klæbo med hele 14,1 sekunder.

    – Det var bare å komme seg fortest mulig til mål. Jeg lyktes godt med den planen. En kjempedag, rett og slett, sa telemarkingen. (NTB)

    BamWqZK5f5s
    Foto: NTB
  • Kvandal imponerte NRK-ekspert - men havnet utenfor pallen

    Eirin Maria Kvandal ble nummer fire i sesongens første verdenscuprenn i hopp. Hun levert en knallsterk første omgang, men mistet mye stilpoeng.

    Kvandal hoppet 96 og 92 meter på LIllehammer lørdag. 21-åringen står med én verdenscupseier fra januar 2021. Det var like før hun skadet seg stygt og mistet nesten to år med verdenscupkonkurranser.

    Denne sesongen er hun et av de største norske håpene i hoppbakken.

    Kvandals hopp i første omgang på Lillehammer lørdag fikk NRK-ekspert Johan Remen Evensen til å sperre opp øynene. Det målte 96 meter.

    – Det er i en egen klasse. Helt rå hopping. Dette er den råeste hopperen vi har sett på kvinnesiden opp mot guttene. Det hun driver på med om dagen er det nærmeste vi har målt opp mot guttene, sa Evensen.

    Hun var nummer to og hadde 6,7 poeng opp til leder Alexandria Loutitt foran finaleomgangen. Der landet hun på 92 meter og falt dermed to plasser.

    Japanske Yuki Ito vant med hopp på 90,5 og 94 meter.

    Anna Odine Strøm ble nummer fem etter hopp på 90,5 og 88 meter, mens Thea Minyan Bjørseth endte på 7.-plass etter 89 og 88,5 meter i Lysgårdsbakken. (NTB)

    Ski-VM 2023: Hopp, normalbakke kvalifisering for kvinner
    Foto: Heiko Junge / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal