Hopp til innhold

Opnar for å ofre karrieren for kjærleiken: – Kan vere eg legg opp

Elise Thorsnes (35) og Janni Thomsen (23) fann kjærleiken i Vålerenga. No drøymer duoen om cupgull og å stifte familie saman.

Elise Thorsnes (t.v) og Janni Thomsen.

KAN LEGGJE OPP: Elise Thorsnes (t.v) legg ikkje skjul på at ho er open for å prioritere kjærleiken framfor fotballen dersom kjæresten Janni Thomsen (t.h) flyttar.

– Det kan vere at eg legg opp dersom Janni byter klubb.

Fotballstjerna Elise Thorsnes smiler før ho vender blikket mot kjærasten og den danske landslagskometen Janni Thomsen.

Inst inne anerkjenner Thorsnes, som er mestskårande gjennom tidene i Toppserien, at det er «forferdeleg» å innsjå at karrieren nærmar seg slutten. Men Vålerenga-profilen er open for å prioritere kjærleiken framfor karrieren dersom kjærasten vil følgje draumen utanfor dei norske landegrensene.

Toppserien fotball 2021: Vålerenga - Arna Bjørnar (2-0)

MÅLTJUV: Elise Thorsnes er den mestskårande spelaren i Toppseriens historie.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

– Viss eg må velje mellom å ikkje vere saman med henne eller å spele fotball, så er det mogleg at eg vel å følgje henne, er beskjeden frå Thorsnes.

– Og så har eg vore veldig tydeleg på dersom ho ønskjer fleire opplevingar, anten det er å halde fram i Vålerenga eller å oppleve eit nytt utanlandsopphald, så skal eg ikkje stå i vegen for det, følgjer Thomsen opp.

Dei ferske seriemeistrane med dei kongeblå er to av dei største profilane i Fotball-Noreg og duoen verkar nærast uskiljande.

Elise Thorsnes og Janni Thomsen

DUO: Elise Thorsnes og Janni Thomsen speler saman i Vålerenga. Stemninga er god både på og utanfor banen.

Foto: Per Sveinung Larsen / NRK

I eit større NRK-intervju opnar sambuarparet for første gong opp om korleis kjærleiksbandet påverkar framtida og det sterke ønsket om å stifte familie saman.

  • NRK sender cupfinalen mellom Vålerenga og Rosenborg på NRK TV og NRK Sport frå kl. 16.10 laurdag!

– Det største i livet

– Det var ikkje kjærleik ved første blikk, men eg tenkte berre at det er ein person som du har lyst til å vere rundt, seier ein ærleg Thorsnes om det første møtet den framtidige kjærasten i Vålerenga-garderoben.

Duoen signerte begge for Vålerenga i løpet av 2020, Thomsen i juni og Thorsnes i desember.

Eitt drygt år etter at Noreg stengde ned som følgje av koronarestriksjonar, byrja kjærleiken å blomstre.

– Eg tenkte aldri kjærasttanken fordi Janni var så ung. Sjølv om eg syntest ho var ei heilt fantastisk jente, så tenkte eg ikkje i dei banane, held Thorsnes fram, som er 12 år eldre enn Thomsen.

FIFA Women’s World Cup Australia and New Zealand - Round of 16 - Australia v Denmark

DANSK STJERNE: Janni Thomsen blir spådd ein lys karriere.

Foto: CARL RECINE / Reuters

Ingen av dei legg skjul på aldersforskjellen. Men det som starta med å gi kvarandre råd om sine respektive kjærleiksliv, utvikla seg relativt raskt til eit kjærleiksforhold under pandemien.

– Elise er ein fantastisk person som eg har lært vanvitig mykje av. Ho er veldig omsorgsfull og vernar om familien og vennene sine. Det er fleire av mine verdiar og noko som eg set stor pris på.

Forholdet har ikkje vore skjult for offentlegheita, men det har heller aldri vore offentleg kjent.

No fortel begge at dei kjenner på eit ønske om å stifte familie saman i framtida.

Elise Thorsnes og Janni Thomsen

HANDVERKAR: Elise Thorsnes driv eit eige handverkarfirma ved sida av jobben som fotballspelar. Ho får ofte hjelp av Thomsen.

Foto: Per Sveinung Larsen / NRK

– Eg tenkjer at alderen tilseier at eg må byrje å tenkje på det snart. Samtidig trur eg aldri eg blir heilt klar for det, men eg veit at eg vil ha det, medgir Thorsnes.

– Det største i eitt liv er jo å skape ein familie. Familien betyr veldig mykje for meg og det er noko eg verkeleg ønskjer, seier Thomsen.

Ho held fram openhjarta:

– Samtidig har eg funne ut at barn kan komme i ein tidlegare alder enn det eg hadde tenkt. Dersom eg ikkje hadde spelt fotball, så hadde eg hatt lyst til å vere mor no i ein ung alder. Derfor ser eg på det som ein fordel at Elise kan få eit barn som vi får saman no. Så kan eg halde fram fotballkarrieren og sjølv få barn på eitt seinare tidspunkt.

– Gjort det beste for utviklinga mi

I VM-sluttspelet i sommar, der Thorsnes var NRK-ekspert, var Thomsen sentral for det danske landslaget.

Etter fleire gode sesongar i Toppserien vart derfor fleire overraska då 23-åringen, som vart kåra til årets spelar i Toppserien førre sesong, forlengde kontrakten med Vålerenga til sommaren 2025 – i staden for å forlate hovudstadsklubben til fordel for ein større klubb.

– Viss det rette tilbodet hadde komme i sommar så kunne eg kanskje ha flytta, men no set eg pris på å vere ein stad kvar eg er trygg. I tillegg til at vi kan spele nokre år til saman, seier Thomsen og erkjenner at det er vanskeleg å forlate Vålerenga når Thorsnes speler i same klubb.

– Sjølvsagt er det det. Det er ingen tvil om at det vil vere ein annan kvardag viss eg flyttar og det blir jo på ein måte trist. Likevel er begge ganske godt førebudde på at det kan skje på eit tidspunkt.

Derfor opnar Thorsnes, som har kontrakt med Vålerenga ut neste sesong, opp for å avslutte sin eigen karrieren dersom Thomsen forlèt hovudstadsklubben.

Elise Thorsnes og Janni Thomsen

STØTTESPELAR: Her er duoen avbiletet under VM-et i sommar, der Thomsen spelte for Danmark.

Foto: Privat

– Eg har opplevd ein del på fotballbanen. Eg har kryssa av dei fleste boksane eg kan før eg legg skoa på hylla. Motivasjonen min er kvar Janni er i verda. Så viss ho flyttar langt, kan det vere at eg har lyst til å flytte med henne.

Klarer ikkje å akseptere eigen karriere

Det seier ho sjølv om ho synest det er vanskeleg å innsjå at fotballkarrieren går mot slutten.

– Det er spesielt vanskeleg når utviklinga berre skyt fart. Interessa er større, lønningane er større og merksemda er større enn i starten av karrieren min.

Samtidig som ho slit med å akseptere sine eigne karriereval.

– Hadde karrieren min sett annleis ut no viss eg hadde teke steget til utlandet og Frankfurt då eg var 25 år? Det er slike ting eg kan tenkje på og det er nokre val som eg håpar eg ikkje kjem til å angre, men av og til kjenner eg på «fader, kanskje eg berre skulle gjort det».

Tryggleik og nærleik til venner og familie er stikkord har trumfa alle vala i karrieren og laurdag har Thorsnes, som står med eit skåringssnitt på imponerande 0,63 mål per Toppserien-kamp sidan debuten i 2006, moglegheit til å vinne det sjuande cupgullet sitt.

Elise Thorsnes og Janni Thomsen

VIKTIG: Tryggleik og nærleik til venner og familie, er noko som har prega Thorsnes sine val i karrieren.

Foto: PER SVEINUNG LARSEN / NRK

– Det er jo stort, men eg berre klarer ikkje heilt å skjønne enn at det er stort, fortel Thorsnes, før ho held fram:

– Eg prøver å bli fornøgd med det eg har oppnådd i karrieren. Eg klarer ikkje å gjere det heilt enno. 200 mål i Toppserien eller 130 kampar på landslaget, det er jo bra, men kor bra er det då?, spør ho.

I tillegg til seks cupgull med fem ulike lag, er Thorsnes som tidlegare nemnd tidenes mestskårande i Toppserien med 207 nettkjenningar. Ho har representert Noreg i åtte internasjonale meisterskapar, vorte toppskårar i den øvste divisjonen fire gonger og nyleg vann 35-åringen Toppserien for femte gong.

– Viss ein ikkje kan sjå seg fornøgd med det, så er det jo vanskeleg for meg å forstå. Eg håpar for Elises del at når karrieren ein gong er ferdig, at ho faktisk er stolt over det du har oppnådd. Eg er i alle fall stolt over deg, avsluttar Thomsen.

Siste nytt

  • Kilde raskest på trening

    Aleksander Aamodt Kilde suste inn til beste tid i den første treningsomgangen før vinterens første utforrenn i verdenscupen alpint.

    Kilde kom inn til 1.39,68 og leder treningsomgangen i Beaver Creek 23 hundredels sekund foran franske Cyprien Sarrazin. Andreas Sander fra Tyskland er nummer tre, over halvsekundet bak.

    Nordmannen startet som nummer 14 av de 82 påmeldte. Han var raskest av alle i øverste del av løypa. Han tapte tid til rivalene i midtpartiet, men var nest raskest i de to siste sektorene (av fem).

    Adrian Smiseth Sejersted fikk også fart på skiene. Han startet som nummer 2 og kjørte inn til en tid som holder til 6.-plass når 30 utøvere har vært i aksjon. Han er 0,67 sekund bak Kilde.

    Sejersted har vært raskest av alle i de to sektorene hvor Kilde var et stykke bak.

    Markus Fossland er tredje norske deltaker. Han starter som nummer 56.

    Det skal kjøres verdenscuprenn i utfor fredag og lørdag, mens super-G står på programmet søndag. (NTB)

    Aleksander Aamodt Kilde
    Foto: AP
  • Kristiansund-Bryne blir ikke flyttet

    Kvalifiseringskampen mellom Kristiansund og Bryne går som planlagt på Nordmøre stadion onsdag. Det er klart etter en befaring av banen, melder TV 2.

    Kanalen får det bekreftet av KBKs daglig leder Kjetil Thorsen.

    Oppgjøret er en del av kvalifiseringen til Eliteserien. Bryne fikk i helgen walkover etter at kampen mot Start aldri ble spilt. Årsaken var at Start for å spare penger ikke hadde skrudd på undervarmen, og det gjorde banen i Kristiansand for hard å spille på.

    KBK har slitt med å få undervarmen til å fungere under hele banen, men det fører ikke til flytting av onsdagens kamp. Underlaget ble godkjent av kampdommer Marius Lien kvelden før avspark.

    – Dette var godt for oss. Da får vi hjemmepublikum i ryggen. Dette var det alle ønsket, og nå ser vi fram til å ha fokus kun på kampen, sier Kristiansund-trener Amund Skiri til TV 2.

    Tidligere tirsdag skrev Tidens Krav at Kristiansund har jobbet på spreng for å få kunstgresset klart i tide. (NTB)

    Eliteserien i fotball 2022: Kristiansund - Jerv (1-1)
    Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB
  • Nyland fortsatt ute - mister ny mesterligakamp

    Ørjan Nylands retur i Sevilla lar vente på seg. Landslagskeeperen er ikke i troppen til onsdagens Champions League-møte med PSV Eindhoven.

    Sunnmøringen var tilbake på trening sist torsdag og ble raskt meldt kampklar i spanske medier. Det siste viste seg ikke å stemme.

    Nyland var ikke med da Sevilla tapte borte mot Real Sociedad søndag, og det blir han heller ikke når PSV kommer på besøk. Navnet hans er ikke oppført blant de 23 utvalgte.

    Målvakten står i høst med to kamper i mesterligaen. Han måtte stå over Sevillas siste mot Arsenal i London og den påfølgende samlingen med Ståle Solbakkens landslag.

    Sevilla ligger sist med to poeng i sin CL-pulje og er i fare for å ryke ut. PSV og Lens er begge på fem poeng, mens Arsenal topper med ni. (NTB)

    Keeper Ørjan Håskjold Nyland
    Foto: NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal