«Samlingen i Frankrike ble litt kortere enn planlagt! I går flydde jeg hjem og i natt fjernet jeg blindtarmen! Smiler nå fornøyd etter en vellykket operasjon», skriv Olsbu på sin profil på Instagram laurdag morgon.
Det var under skiskyttarane si samling i Villard de Lans at 25-åringen blei akutt sjuk. Ho reiste difor heim fredag morgon, og etter ei legeundersøkjing blei ho operert på Lillehammer sjukehus.
– Alt blei gjort effektivt og det er eg glad for. Det var veldig kontrollert, seier Olsbu til NRK frå sjukesenga på Lillehammer.
– Kunne skjedd på verre tidspunkt
Likevel kan sesongstarten på Sjusjøen i november vere i fare.
– Det er ikkje idéelt, men dette er ikkje noko du kan styre, seier Olsbu som må droppe hardtreninga i tida framover.
– Eg håpar å byrje å trene roleg i neste veke. Det reknar eg med skal gå greit, seier Olsbu, som er glad blindtarmen slo seg vrang før sesongen var i gang.
– Det kunne skjedd på eit verre tidspunkt. Det hadde vore kjipt om det hadde skjedd under eit meisterskap. No vil ikkje blindtarmen plage meg noko meir, smiler jenta frå Arendal.
Skiskyttaren fekk sitt store internasjonale gjennombrot under VM i Oslo i mars i fjor. Under meisterskapen på heimebane vann ho bronse på mix-stafetten, og gull i stafett saman med lagvenninnene Synnøve Solemdal, Fanny Horn Birkeland og Tiril Eckhoff.