Olsbu byrja sterkt med fullt hus på første liggande, og ville vore med i kampen om ein pallplass om ho ikkje hadde fått to strafferundar på siste skyting.
I mål vart ho beste norske med sin ellevteplass, 49 sekund bak Podchufarova som skaut fullt, og 27 sekund frå pallen.
– Eitt av mine beste løp, sa ho til NTB. – Men eg veit ikkje kva som skjedde på den ståande skytinga, la ho til.
Tiril Eckhoff gjekk raskt i løypa, men med tre strafferundar var ho sjanselaus på ein plass i toppen. Ho fekk ein bom på liggande og to på den ståande serien. I mål var Eckhoff rett over minuttet bak den russiske vinnaren, og enda som nummer 20.
- Les også:
Ho hadde nest beste langrennstid, men skytinga heldt ikkje mål.
– Tiril har kapasitet til medalje i VM, til og med gull. Men ho har mykje å gjere for å kome dit, sa NRK-ekspert Liv Grete Skjelbreid.
Under førre helgs fellestart i Ruhpolding hadde Eckhoff gode vinnarsjansar, men trøbbel med geværet gjorde at ho brukte for lag tid på standplass og enda på den sure fjerdeplassen.
Fanny Horn Birkeland fekk også tre strafferundar, og enda halvanna minutt bak. Det gav 40.-plass.
Dorothea Wierer tok andreplassen. Med ein strafferunde var ho åtte sekund bak Podzjufarova. Ekaterina Jurlova med feilfri skyting var 22,1 bak vinnaren.