Måndag kan Wada-styret nekte Russland å delta i store konkurransar som OL og VM dei neste fire åra.
I den russiske skiskyttarleiren ser dei med frykt fram til Wada-styrets potensielle dom over Russland etter dopingskandalen i Sotsji.
– Vi er stressa. Både trenarar og utøvarar er det, seier Russlands hovudtrenar Anatoly Kovantsev.
Eit utval nedsett av Verdas antidopingbyrå (Wada) foreslo i november å utestenge Russland frå store arrangement.
Det betyr at dei russiske skiskyttarane kan bli nekta å delta i VM i Anterselva kommande vinter.
Det er i så fall ikkje nok, meiner Sebastian Samuelsson.
– Wada bør følge utvalets innstilling og utestenge Russland, men det blir rart om utøvarar ikkje kan delta i VM dersom det blir fritt fram i verdscup.
Samuelsson forstår ikkje kvifor ein skal gjøre forskjell på konkurransar.
– Anser ein at dei ikkje er tilstrekkeleg reine for å delta på meisterskap er dei ikkje reine nok for verdscup heller. Det blir heilt enkelt ein rar situasjon om dei kan gå verdscup og ikkje VM, seier Samuelsson, som tok OL-gull i 2018.
– Urettferdig
Russlands hovudtrenar meiner det vil vere urettferdig overfor dagens skiskyttarar å bli utestengt i det heile tatt.
– Ingen på laget her var i Sotsji. Dei unge utøvarane har blitt dopingtesta mange gangar dei siste åra. Det vil vere urettferdig overfor dette unge laget å stenge utøvarane ute, seier Kovatsev.
RUSSISK TRENAR: Anatoly Kovantsev.
Eit mogleg scenario skal vere at skiskyttarane går under nøytralt flagg i VM, men Russland-trenar Kovantsev er ikkje trygg på det heller.
– Vi er ikkje sikre på noko. Vi veit ikkje kva som kan skje, seier Kovantsev.
Får støtte av Fourcade
Martin Fourcade følger saken og trur Wada tar grep, men er usikker på kva straff det blir.
– Eg trur Russland blir straffa og håpar det får konsekvensar. Eg har mista eit par medaljar på grunn av dei, seier Fourcade.
Franskmannen meiner likevel at det er farleg å utestenge Russland frå store meisterskap.
– Straffa må vere streng, men samtidig må vi forsikre oss om at Russland forblir ein sterk vintersportnasjon. Det er viktig. Russland høyrer til i skiskyting og må vere i idretten, seier Fourcade.
Han ser heller ser at dei involverte i Sotsji-skandalen blir dømt - og ikkje heile Russland som idrettsnasjon.
– Alle veit kor eg står i dopingspørsmålet, og kan ikkje eg jukse så kan ikkje dei jukse. Men eg er ikkje glad for denne situasjonen. På lik linje med Tyskland, Norge og Frankrike meiner eg Russland er ein viktig nasjon i sporten, seier Fourcade.
TRUR RUSSLAND FÅR STRAFF: Martin Fourcade.
Foto: Fredrik Sandberg/tt / NTB scanpix– Må utestenge for å gjenvinne tillit
Utvalet som har etterforska Russland-saka meiner at Russland har manipulert datamateriale som dei har gitt frå seg. Heile denne saka baserer seg på rapporten om statsstyrt doping som blei offentleggjort i 2015.
Rapporten frå utvalet slår mellom anna fast at:
- Russland skal ha planta fabrikkerte bevis i ei database for å få det til å sjå ut som varslaren Rodtsjenkov forfalska databasen for å drive pengeutpressing av russiske utøvarar.
- Rapporten skildrar også på kva måte Russland skal ha fjerna og manipulert informasjon og filer i databaser.
Det er første gang anklagene mot Russland er så konkrete.
Wadas Linda Hofstad Helleland, som deltar på styremøtet måndag, meiner at utestenging er den einaste vegen å gå.
– IOC pressa igjennom at Russland skulle godkjennast, utan at vi skulle få sjå at prøvar ikkje var manipulert. Så viste det seg jo at vi hadde blitt lurt. For at Wada skal gjenvinne tillit overfor utøvarane, men også overfor alle supportarar, så må vi følge regelkomiteens innstilling, og støtte at Russland blir utestengt, seier Helleland til NTB før møtet i Lausanne.
– Feil
Fourcade ønskar eit sterkt Wada, men meiner faren ved ei fullstendig utestenging er at det kan ramme vinteridretten hardt i Russland.
Han legg til at han vil dopingkulturen til livs, men ikkje ha færre konkurrentar i den populære sporten.
Frankrikes største vinterolympier ventar i spenning på resultatet.
– I skiskyting har det ikkje bare vore ei hending. Russland har gjort feil mange gangar i fortida. Sotsji-leikane var eit nokpunkt for meg. Det å ikkje gje ut data var også eit nokpunkt. Du kan ikkje gjøre det utan å bli straffa, seier Fourcade.