Hopp til innhold

Derfor går Tandrevold alltid med tunga ute: – Eg slepp alt ut, som ein hund

POKLJUKA/OSLO (NRK): Det er sjeldan at fotografane får eit bilete av Ingrid Tandrevold i aksjon utan å få med tunga. Det er ikkje tilfeldig.

Skidskytte, Dam, Världscupen, Jaktstart, Hochfilzen

TUNGA UT: Dette er eit av triksa til Ingrid Tandrevold. No fortel ho kvifor.

Foto: JASMIN WALTER / GEPA PICTURES

Skiskyttar Ingrid Tandrevold veit å ta arbeidsoppgåvene sine på alvor. Blikket er retta mot VM i Pokljuka, og skal vi tru ho rett, vil det vere gode moglegheiter for å få eit nytt syn av tunga hennar i dei slovenske skogar.

For den siste tida har både TV-bilete og stillbilete vore pryda av tunga til Tandrevold. Det har blitt ei greie.

– Det er den nye stilen til Ingrid, seier lagvenninne Tiril Eckhoff til NRK.

Bileta i ettertid blir nok ikkje alltid dei flottaste, men det er heller ikkje poenget.

– Det viktigaste for meg er å prestere, så eg set det over forfengelegheit, seier Tandrevold.

Eit individuelt triks

Det er ikkje tilfeldig. No fortel hovudpersonen kvifor det er blitt slik.

– Då eg var på høgdesamling i haust, fann eg ut at eg fekk inn meir luft då eg hadde munnen meir open og tunga ut. Samstundes føler eg at eg slappar av meir i kjeven og skulderpartiet på den måten. Å berre sleppe alt ut, som ein hund, seier Tandrevold.

Ho syns at pusten går lettare og at fokuset blir ekstra skjerpa under sjølve rennet. Difor valte ho å ta med seg teknikken til konkurransane i låglandet.

– Måtte du tenkje ekstra over det i byrjinga?

– Nei. Det var jo slik det byrja. Eg såg på teknikkvideo og såg at «jøss, der var tunga veldig langt ute av kjeften». Særleg i høgda, der ein har fokus på å puste enda meir, så blei det tydelegare. Då fann eg ut at dette var ein naturleg ting eg gjorde for å ta inn meir luft, og tok det med meg vidare. For det er ein fordel å få inn så mykje luft som mogleg, seier ho.

At det kan sjå rart ut, er noko ho har sjølvironi på.

– Eg har byrja å ikkje bry meg så mykje om korleis eg ser ut. Det skulle eg kanskje gjort litt meir, når eg ser bileta av meg sjølv. Samstundes må eg berre ta konsekvensane av det i ettertid, for det er ikkje noko eg fokuserer på under skirenn.

Ukjent metode

Trine Stensrud, professor på NIH, har forska mykje på respirasjon- og arbeidsfysiologi, lungesjukdom og trening.

Ho har aldri høyrt om nokon som brukar denne metoden, og fortel at ingen forsking kan bekrefte at dette fungerer.

Trine Stensrud

EKSPERT: Trine Stensrud jobbar til dagen på NIH med temaet.

Foto: NIH

– Det vil ikkje ha noko å seie. Det har ikkje noko fysiologisk betyding. Vi får meir enn nok luft inn og ned i lungene ved normal pusting, seier ho.

Likevel forstår ho at Tandrevold har tatt i bruk ein slik metode, utelukkande på grunn av eit anna fenomen.

– Det finst ein tilstand der det lukkar seg i strupen, kalla eilo, før lufta skal ned i luftrøyret. Det er nokon som har problem med at det lukkar seg litt. Ofte skjer dette hjå jenter, seier Stensrud.

Dersom utøvarar har det problemet, blir det ofte anbefalt å gjere geispe-bevegelsar for å få opna opp skikkeleg. Det meiner ho kan relaterast til skiskyttaren sin metode.

– Mange av desse jentene som driver med topp uthaldande idrettar på høgt nivå, kan ha denne avgrensinga i strupen. Då kan det kanskje hjelpe det Ingrid driv med.

Professoren er derimot ikkje i tvil. Fungerer dette for Tandrevold, så bør ho fortsette med det.

– Det er forskjellige måtar å gjere det på. Å trene på å automatisere eit pustemønster som fungerer, det trur eg veldig på, seier ho.

Tandrevold er ikkje den einaste toppidrettsutøvaren som går med tunga ut. Også Sverige si langrennsstjerne Frida Karlsson føler ho fokuserer betre med tunga ut og har gjort det sida ho var liten.

Ingrid Tandrevold

I KJEND STIL: Ingrid Landmark Tandrevold med tunga ut.

Foto: Fredrik Sandberg/TT / NTB

«Zen» er viktig

Første konkurranse for Tandrevold er på laurdag. Då står 7,5 kilometer sprint på programmet.

Skiskyttaren har slite med hjartet. Under verdscupen i Oberstdorf kollapsa ho midt under konkurransen og måtte bryte.

No har ho vore heime på full hjartesjekk og kan legge det bak seg.

– Det var veldig godt å få ein tryggleik i korleis hjartet mitt fungerer og korleis det er. Og ikkje minst at det ikkje er noko farleg å konkurrere eller at det ikkje er noko skummelt. Eg er veldig glad for at eg gjorde det, for då eg er kvitt ei bekymring, seier ho.

Ho kallar seg sjølv DJ-Ingrid i eiga podkast. Det er fordi hjartet hennar bankar på same måte som dei høglydte basstonane ein ofte høyrer på utestadar og konsertar rundt omkring.

– Eg har nok eit hjarte som er disponert for stress, og det er noko eg prøver å jobbe med, for å få litt ekstra «zen», avsluttar ho.

Sportsnyheter

Narve Gilje Nordås og Per Svela hentes av Gjert Ingebrigtsen etter løpet i Huelva

Nordås hentet av Gjert Ingebrigtsen etter seieren: – En trist sak for alle parter

Narve Gilje Nordås sier han kan fortsette trenersamarbeidet med Gjert Ingebrigtsen selv om det har blitt ut tiltale mot treneren. Tirsdag kveld forlot de stadion sammen.

Siste nytt

  • Elverum klar for sluttspillfinale i håndball

    Elverum tok seg videre til finalen i sluttspillet i håndball etter at de vant 41-30 borte mot Arendal tirsdag kveld.

    Elverum møter Kolstad, som slo ut Drammen i sine semifinalekamper med 2-0. Første finalekamp i best av tre spilles mellom de to lagene 22. mai i Trondheim.

  • VG: Bård Finne får to kampers karantene

    Branns Bård Finne må utebli fra klubbens to neste kamper etter at han ble utvist i 0-0-kampen borte mot KFUM Oslo i helgen.

    Det bekrefter Eirik Lindstrøm, leder av NFFs disiplinærutvalg til VG.

    – Dette opplevde vi som en grei sak. Verken mer eller mindre enn to kamper, sier Lindstrøm til avisen.

    Brann-spissen ble sendt i dusjen etter en høy fot mot KFUM-keeper Emil Ødegaard. En VAR-sjekk gjorde at det gule kortet til Finne ble omgjort til rødt. Dermed måtte han ta den tunge veien over fotgjengerfeltet i Ekebergveien og i garderoben etter en snau halvtime.

    (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: KFUM Oslo - Brann
    Foto: Annika Byrde / NTB
  • Ryerson hylles før storkamp: – Som en pitbull

    Komplimentene til Julian Ryerson satt løst da Borussia Dortmund-sjef Edin Terzic og Emre Can møtte pressen foran årets viktigste kamp mot Paris Saint-Germain.

    Onsdag spilles den første mesterligasemifinalen mot det franske storlaget. Den 27 år gamle lyngdølen er eneste gjenværende nordmann på herresiden i Champions League.

    – Han gjør jobben for laget og løser også trange situasjoner godt, sa Terzic.

    – Alle lag trenger en spiller som ham. Han sier ikke så mye og jobber bare hardt. Han er som en pitbull på banen, sa lagkamerat Emre Can. (NTB)

    Germany Soccer Bundesliga
    Foto: Sven Hoppe / AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal