Hittil har dei ti beste vore automatisk kvalifisert. Det vil seie at dei har kunna stå over kvaliken, og likevel få delta i rennet.
– Det inneber meir press og belastning på hopparane, men det er positivt for hoppsporten som tv-produkt, sa landslagssjef Alexander Stöckl til NRK i sommar.
Regelen har vore prøvd ut i Summer Grand Prix, og med så gode erfaringar at det no er endeleg bestemt.
Utslaget kan bli størst i den tysk-austerrikske hoppveka ved årsskiftet. Der fungerer kvaliken som oppsett for dei spesielle duellane i dei fire renna. Om ein av dei beste hopparane har stått over kvaliken, skal han møte vinnaren av kvaliken i sjølve rennet.
Men frå komande vinter må alle kvalifisere seg. Det finst ingen førehandskvalifiserte.
– Du mister eit treningshopp. Og du har sjanse til å trakke godt ut i salaten i større turneringar. Du er ikkje så skjerma som du eingong var, sa Kenneth Gangnes før plasthopp-sesongen i sommar tok til.
Hovudårsaka til endringa er at tv-stasjonane som har rettane til verdscupen vil at kvalifiseringsomgangen skal ha større sportsleg verdi.
– Kvalifiseringane blir heilt klart meir interessante, og det er godt for hoppsporten, sa Stöckl i sommar.