Frå komande sesong må etter alt å dømme også dei beste i verdscupen gjennom kvalifisering for å få delta i renn.
– Det inneber meir press og belastning på hopparane, men det er positivt for hoppsporten som tv-produkt, seier landslagssjef Alexander Stöckl til NRK.
Han og hopparane er i Wisla i Polen, der plastbakkesesongen og Summer Grand Prix opnar med kvalifisering allereie i torsdag.
– Kan trakke godt ut i salaten
– Det bør ikkje å ha så mykje å seie sportsleg. Er du blant dei beste, skal du vere i stand til å kome gjennom kvaliken med god margin, seier Kenneth Gangnes.
Han er i Wisla for å konkurrere for første gong på nærmare eitt og eit halvt år etter skadefråvær.
– Men du mister eit treningshopp. Og du har sjanse til å trakke godt ut i salaten i større turneringar. Du er ikkje så skjerma som du eingong var, seier Gangnes.
Test i Summer Grand Prix
Ordninga skal nemleg prøvast ut gjennom Summer Grand Prix. Om det viser seg vellukka, vil det bli innført også for komande vintersesong, melder skispringen.com.
Det blir bestemt på haustsesjonen i det internasjonale skiforbundet.
Hovudårsaka er at tv-stasjonar som sender verdscupen i hopp ønskjer at kvalifiseringsomgangane får større sportsleg verdi. Med dagens reglar står ofte fleire av dei beste over kvalifiseringsomgangen, fordi dei uansett skal delta i rennet.
– Det er bra for produktet vårt, med tanke på sjåartal og interesse. Kvalifiseringane blir heilt klart meir interessante, og det er godt for hoppsporten, seier Stöckl.
– Dei som ligg på topp 10, er nok uansett gode nok til å kvalifisere seg med eit gjennomsnittleg hopp.
– Men det blir nok meir utfordrande for hopparane, fordi dei får eit konkurransehopp ekstra.
Ingen toppduellar i Hoppveka
Berre i den tysk-austerrikske hoppveka og den norske Raw Air, som blei innført i fjor, har kvalifiseringa direkte sportsleg konsekvens.
I hoppveka er kvaliken avgjerande for kven som skal møtest i duellane i første omgang av rennet.
– Då må alle delta, og då får vi ikkje duellar mellom to av dei aller beste, slik vi ofte har sett hittil når nokon av dei aller beste har stått over kvaliken, seier Stöckl.
I Raw Air er kvalifiseringsresultata ein del av samanlagtkonkurransen.