Landslagssjefen: – Viktigast at Ødegaard får speletid på U21

Landslagssjef Lars Lagerbäck meiner Martin Ødegaard har best av å spele på U21-laget ei stund til.

Lars Lagerbäck

KREV DISIPLIN: – Eg godtek ikkje at spelarar blir sende på tribunen på grunn av unødvendige gule kort, seier Lars Lagerbäck, men tilvising til Selnæs' utestenging i fire kampar etter Aserbajdsjan-kampen i fjor

Foto: Peter Morrison / AP

18-åringen som er lånt ut frå Real Madrid til Heerenveen er ikkje med i landslagstroppen som er samla i Oslo denne veka. Dette hadde Lagerbäck ei forklaring på.

– Vi ser det slik at det er best at han får speletid på U21. Spelarane kvalifiserer seg på dei laga der dei spelar. Vi må sjå på kven som presterer både på A-landslag, U21-landslag og på klubbnivå, sa landslagssjef Lars Lagerbäck på pressekonferansen i dag.

Då hadde han gjennomført treningsøkta med 23-mannstroppen som er uttekne til heimekampane mot Tsjekkia (VM-kvalifisering) og Sverige (privatkamp) laurdag og tysdag.

MartiN ødegaard heerenveen

BEST PÅ U21: – Martin Ødegaard har det best på U21-laget der han får 100 prosent speletid, meiner landslagssjefen

Foto: NRK

Ødegaard har fått speletid i sin klubb Heerenveen på slutten av sesongen, men gjekk ei god stund utan å starte nokon kamp før det.

– Det viktigaste no er at han får så mykje speletid som mogeleg. Om Smerud (landslagssjef for U21) ikkje bestemmer noko anna, eller det skjer noko uventa, får han 100 prosent speletid på U21, sa Lagerbäck.

Tolererer ikkje fleire «Selnæs-utbrot»

Han fekk spørsmål om formasjonen på dagens trening fortel noko om kven som skal starte mot Tsjekkia laurdag.

– Nei, du kan ikkje dra slutningar ut frå det. Vi har visse tankar om kven som skal starte. No handlar det om at alle spelarane i troppen skal kome inn i det som vi meiner er det viktigaste.

Ole Selnæs er inne igjen i troppen. Han blei utestengd i fire konkurransekampar etter å ha kjefta på dommaren i kampen mot Aserbajdsjan i fjor haust. Det betyr at han berre er aktuell for privatkampen mot Sverige.

Liknande episodar vil ikkje Lagerbäck finne seg i.

– Eg vil ikkje akseptere at spelarar må sitje på tribunen på grunn av unødige gule kort. Slikt er uprofesjonelt. Eg veit ikkje kva som blei sagt då. Men disiplin er noko vi har jobba med i landslaget, seier Lagerbäck.

Han fekk også spørsmål om kor lang tid han gir seg sjølv til å byggje opp eit lag som igjen kan ta Norge til meisterskap.

– Eg gir meg sjølv ei kvalifisering etter dette. Det er fullt mogeleg å slåst om sluttspel ved neste kval. Så mange gode spelarar finst det i Norge, minst like mange som på Island, sa Lars Lagerbäck.

Siste nytt

  • England med sterk seier mot Spania

    England slo Spania 3-2 på bortebane mandag i nasjonsligaen. Dette er første gang Spania slipper inn tre mål i en tellende hjemmekamp.

    Raheem Sterling
    Foto: Carl Recine / Reuters
  • Kristoffersen-saken etter sesongen

    Henrik Kristoffersen får innfridd ønsket om å ha rettssaken i striden med Norges Skiforbund etter sesongslutt. Saken går i Oslo tingrett i mars neste år, melder Aftenposten.

    Henrik Kristoffersen
    Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Morgensport og musikk
Morgensport og musikk
Morgensport og musikk
Morgensport og musikk
Morgensport og musikk
NRK Sport Live
NRK Sport Live
NRK Sport Live
Sport i dag
Sport i dag
Nasjonsligaen: Norge - Bulgaria