Det var ikkje fyrst og fremst manager Ole Gunnar Solskjær den store misnøya var retta mot. Etter at Burnley hadde gått opp i leiinga til 2-0 sette Old Trafford-publikummet i gang med «Stand up if you hate Glazers».
Ifølgje TV 2s kommentatorar reiste bortimot heile stadion seg.
Solskjær: – Det er hardt
– Ein giftig atmosfære, skildra tidlegare United-spelar, Darren Fletcher på BBC.
Glazer-familien er dei amerikanske eigarane som har eigd klubben sidan 2005. Solskjær måtte også gå i garderoben til piping frå tribunen da Burnley leia 1-0.
Mange reiste seg også og gjekk lenge før kampen var ferdig.
– Det er hardt, sjølvsagt er det det. Det er eg sikker på at spelarane i garderoben også synest nå, seier Ole Gunnar Solskjær til TV 2.
Han blei ikkje påverka av den store misnøya frå heimepublikummet.
– Det er vanleg at det er misnøye rundt omkring når det går dårleg. Nå konsentrerer me oss om bli friske til søndag. Det er ikkje vits i å synest synd på oss sjølve, seier United-manageren som gjekk på sitt fjerde tap på berre sju kampar i 2020.
Drøymemål sikra sigeren
Det var heller ikkje mykje å juble for heimepublikummet denne kvelden. United styrte mykje av spelet i den fyrste omgangen og hadde også dei største sjansane.
Likevel var det Burnley som gjekk opp i leiinga like før pause. Eit frispark frå midtbanen kom fram til Ben Mee som vann duellen mot Matic og heada ned til Chris Wood som sprang seg fri frå den ferske United-kapteinen Maguire.
Wood avslutta kontant og sendte Burnley, som før kveldens kamp var nede på ein 14.-plass, opp i leiinga.
United heldt fram med å styre spelet i andre omgang, men klarte ikkje å kome til meir enn halvfarlege sjansar.
Da var Burnleys Jay Rodriguez langt farlegare. Etter 56 minutt hamra han ballen opp i korthjørnet frå langt hald, bak ein sjanselaus David de Gea.
Fekk annullert mål
United øyna ein liten sjanse like før full tid, da Luke Shaw heada ballen i mål på innlegg frå Mata, men det blei blåst for frispark.
Dermed enda det med bortesiger til Burnley på Old Trafford for fyrste gong sidan 1962. United har framleis seks poeng opp til Chelsea på den viktige fjerdeplassen. Ned til Burnley og Newcastle på 13.- og 14.-plass er det berre fire poeng.
Leicester vann 4-1 over West Ham, medan Tottenham sikra tre viktige poeng med 2–1 siger mot Norwich i dei to andre kampane.