Hopp til innhold

Nye kjønnsreglar kan stoppe Semenya

Friidretten vil gjeninnføre den omstridde testosteron-grensa for kvinner. Det kan bety karriereslutt for profilen Caster Semenya (27).

Caster Semenya

SLUTTEN? Caster Semenya har vunne det meste dei siste åra. Men med dei nye reglane blir det langt vanskelegare for den sørafrikanske mellomdistanseløparen

Foto: SAEED KHAN / AFP

Sørafrikanske Semenya har ikkje tapt ein 800-meter på fleire år. Ho vann nyleg både 800 og 1500 meter under Samveldeleikane i Australia, og har to OL-gull og tre VM-gull frå før.

Ho er ein av dei største profilane innan friidretten, men no kan karrieren vere over for 27-åringen.

Det fordi ho har naturleg svært høge verdiar av det mannlege kjønnshormonet testosteron.

For det internasjonale friidrettsforbundet (IAAF) forslår no nye reglar for testosteronnivå for kvinner frå 1. november. Det gjeld løparar på mellomdistansane frå 400 meter til ei engelsk mil (1609 meter).

– Det har vi gått inn for lenge, og forslaget meiner vi er godt nok ut frå CAS' krav, seier Svein Arne Hansen, europeisk friidrettspresident og styremedlem i IAAF, til NRK.

I juli skal IAAF-styret ta endeleg stilling til forslaget, som Idrettens valdgiftsrett (CAS) tidlegare har konkludert med at er brot på menneskerettighetane.

Ny klasse

Testosteron er eit såkalla hyperandrogen, og frå 1. november blir grenseverdiane gjort gjeldande.

Det betyr at Semenya, og andre kvinner med for høge verdiar, tvingast til å bruke medisinar for å redusere verdiane til det som blir definert som normalt. Om ikkje må dei konkurere i ei ny klasse for utøvarar med «ulik kjønnsutvikling».

IAAF innførte testosterongrenser allereie i 2011. Men medisinane som blei brukte til å redusere verdiane, var ikkje gode nok. Derfor anka den indiske sprintaren Dutee Chand – som blei utestengd – saka inn for den internasjonale idrettsdomstolen CAS og fekk medhald i 2015.

CAS kravde då at IAAF skulle bevise at for høge verdiar gav utøvaren ein fordel.

– Ikkje godt nok bevis

I fjor sa professor Katrina Karkazis ved Yale-universitetet i USA ifølgje New York Times at materialet IAAF byggjer på, ikkje er godt nok bevis.

– CAS krev at det må ha 10–12 prosent prestasjonsforbetring for å kunne forsvare IAAFs grenseverdiar, og det er det langt unna, sa ho.

IAAFs medisinske leiar, Stephane Bermon, tilbakeviser desse påstandane. Det samme gjer IAAF-president Sebastian Coe.

Athletics Russian Doping

PRESIDENT: Sebastian Coe.

Foto: Ronald Zak / AP

– Vi har bevis no, meiner han.

Coe jamfører for høge testosteronverdiar med doping.

– All testosteron, både det som er naturleg og det som blir tilført kroppen, gir vesentlege prestasjonsforbetringar. Men Caster Semenya har ikkje gjort noko ulovleg, seier han.

Støtte fra Rodal

NRKs friidrettsekspert Vebjørn Rodal synest dette er ei vanskeleg sak.

– Eg heller mot at det er rett med ei grense, meiner han.

– Det er vanskeleg å seie til ein utøvar at du får konkurrere som du er, og til ein annan at du må ta medisin for å få lov, seier Rodal.

Caster Semenya sjølv har ikkje utfordra regelverket hittil, men har lagt ut denne tweeten:

Laster Twitter-innhold

Semenyas resultat blei også vesentleg dårlegare etter at grenseverdiane blei innførte, men ho tok likevel VM-gull i 2011 og OL-gull året etter.

Rett nok etter at den opphavlege vinnaren i begge konkurransane, Marija Savinova, vart diska for å ha dopa seg med anabole steroid.

Siste nytt

  • Ny deltakerrekord i Holmenkollstafetten – verdens største løp i 2024

    Mer enn 72.000 deltakere er påmeldt til årets Holmenkollstafett lørdag 4. mai, og arrangeren markedsfører seg som verdens største løp i 2024.

    I en pressemelding fra arrangøren Tjalve IL heter det at det igjen går mot en knusende deltakerrekord.

    Det er påmeldt rundt 72.000 deltakere fordelt på 4800 lag, og det er fortsatt mulig å melde på lag. I fjorårets stafett deltok 60.000 løpere fra 4093 lag.

    Med et deltakerantall på over 70.000 er Holmenkollstafetten verdens største løpsarrangement i 2024, ifølge arrangøren.

    (©NTB)

    3hDjhqCJX5U
    Foto: NTB
  • Thiago Silva forlater Chelsea etter sesongen

    Forsvarsveteranen Thiago Silvas (39) dager i Chelsea-drakten er talte.

    Mandag opplyser klubben at brasilianeren gir seg der etter inneværende sesong. Silva har spilt for Chelsea siden 2020, og han har blant annet vunnet mesterligaen med den engelske storklubben.

    – Chelsea betyr mye for meg. Jeg kom hit med intensjon om å bli i bare ett år, og det endte opp med fire år. Sønnene mine spiller for Chelsea, og vi er stolte over å være en del av Chelsea-familien. Jeg håper de kan fortsette karrierene sine her, sier Silva til Chelseas nettsted.

    (NTB)

    Premier League - Aston Villa v Chelsea
    Foto: Andrew Boyers / Reuters
  • Håndballkvinnene OL-åpner mot Sverige

    Norge innleder OL-turneringen for kvinner i Paris mot Sverige, mens Argentina er norsk åpningsmotstander i mennenes turnering.

    Det ble klart da Det internasjonale håndballforbundet la ut OL-programmet mandag.

    Slik spiller Norges kvinner i gruppe A:

    25. juli: Norge – Sverige 21.00.

    28. juli: Danmark – Norge 16.00.

    30. juli: Norge – Sør-Korea 11.00

    1. august: Slovenia – Norge 21.00.

    3. august: Norge – Tyskland 19.00.

    Slik spiller Norges menn i gruppe B:

    27. juli: Norge Argentina 16.00

    29. juli: Frankrike – Norge 19.00.

    31. juli: Norge – Ungarn 09.00.

    2. august: Norge – Egypt 21.00

    4. august: Danmark – Norge 19.00.

    Fra hver av de to gruppene tar de fire beste seg videre til kvartfinaler. Alle innledende kamper spilles i Paris, mens sluttspillet går i Lille.

    (©NTB)

    Henny Ella Reistad og Nora Mørk etter VM-kampen i hovedrunden mellom Frankrike og Norge i Trondheim Spektrum.
    Foto: NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal