Hopp til innhold

Norsk triumf i Marcialonga – «eldre herrar» stal showet

Magni Smedås gjekk i mål som einsam majestet i Marcialonga. Men undervegs i løpet var det utøvarar i tradisjonelt utstyr som vekka størst merksemd blant sjåarane.

PASSERT: Fleire gangar gjennom løpet blei utøvarar som dette med eldre skiutstyr passert av eliteløparane.

Dei norske kvinnene fekk vist seg fram frå si beste side. Smedås og Anikken Gjerde Alnæs stakk tidleg frå hovudfeltet, og ein dryg kilometer før målgang fekk Smedås også ei luke ned til Alnes.

Den gav ho aldri frå seg, og kunne ta imot kransen etter målgang, som eit bevis på at ho var raskaste kvinne, for første gang i langløpscupen Ski Classics.

– Ho har gjort eit nydeleg skiløp. Ho vinn eit av monumenta i idretten, sa Stoltenberg.

Ski Classics Marcialonga

NORSK TRIUMF: Magni Smedås kunne sleppe jubelen laus etter sigeren i Marcialonga.

Foto: Geir Olsen / NTB

– Dette var kjempegøy. Eg følte meg pigg i dag og hadde gode ski. Vi fekk heng på nokre mannfolk og plutseleg var det berre meg og Anikken. Då var det berre å ligge framfor og spare seg til bakken, seier Smedås.

Alnæs gjekk i mål eitt minutt bak Smedås, og gjorde at det blei dobbelt norsk med hennar andre pallplassering i Ski Classics.

På herresida var det Emil Persson som var sterkast i spurten, og sikra sigeren i den 50. utgåva av Marcialonga.

Svensken spurtslo Tord Asle Gjerdalen i den tøffe avslutninga av Marcialonga, og tok med det sigeren i det tradisjonsrike rennet.

– Det har vore nokre gode skiløparar i Ski Classics opp gjennom åra, men det spørst om dette byrjar å nerme seg noko av det råaste vi har sett, med seks av seks moglege individuelle sigrar så langt denne sesongen. Han er mannen alle ønskjer å slå, seier NRKs ekspertkommentator Simen Østensen om den svenske løparen.

– Heilt rått

Eksperten får også medhald hjå utøvarane sjølve.

– Så god som Emil er no, det er heilt rått. Eg trur ikkje folk skjønar kor godt han gjer det. Han vinn kvart løp, det er fantastisk bra, seier Andreas Nygaard som enda på 3.-plass.

– Emil Persson har vore, og er utruleg sterk i år. Han går taktisk, smart og er rett og slett betre enn oss, vi må berre innrømme det, seier Gjerdalen.

– Han er også veldig flink til å gå rundt andre. Det synest eg er veldig irriterande når eg går der ute, men det imponerer meg, og eg har stor respekt for ein løpar som kan å gå slike skiløp, legg han til.

Ski Classics Marcialonga

OMRINGA: Persson var omringa av nordmenn, men klarte likevel å sikre seg sigeren.

Foto: Geir Olsen / NTB

Sjølv om han var omringa av fem nordmenn i sluttspurten var det ingen som fekk has på den sterke svensken. Sjølv kjem han med ei klar oppmoding til nordmenna etter målgang:

– Dei får sende fleire neste gang, seier Persson med eit stort smil om munnen.

50 år gammalt utstyr

Gjennom løpet var det fleire sjåarar som la merke til utøvarar med eldre utstyrt og startnummer ute i løypa, og stussa over dette:

«Kven er dei eldre herrane med startnummer som stadig blir passert i løypa?,» spurte ein sjåar der ein kunne stille spørsmål til NRKs kommentatorar under løpet.

– Det må tilhøyre 50-årsjubileet, då det er 50. gang Marcialonga blir arrangert, svara kommentator Ole Kristian Stoltenberg.

– Det er ein klasse der ein går med tradisjonelt, godt gammaldags skiutstyr, la ekspert Simen Østensen til.

Denne klassa er reservert for 50 utøvarar, som skal gå heile løypa med ski og påkledning som er frå før 1971, som var året løpet blei arrangert for første gang.

Her må dei betale ei påmeldingsavgift pålydande 28 norske kroner, som er det same utøvarane måtte betale for å ta del i den aller første utgåva av Marcialonga.

Startskotet deira gjekk ein time før konkurranseklassa, noko som gjorde at ein gjennom dagen såg løparar i tradisjonelt utstyr bli passert av tetgruppa. Etter målgang fekk fleire Gjerdalen spørsmål om desse utøvarane:

– Du gjekk forbi nokre nostalgiske skiløparar, korleis var det?

– Ja, tenkjer du på Anders då, eller dei med gammalt utstyr også?, svarer han med eit glimt i auget, i siktar mot Anders Aukland, før han legg til:

– Det er berre hyggeleg, dei er med og skapar stemning og stemninga har mykje å seie i Marcialonga. Dei med retro utstyr var med på å lage fest, det er kjempegøy.

– Eg tok meg tida til å studere dei, det er stor respekt til dei for at dei går rundt her med treski, det trur eg blir langt, seier Smedås om utøvarane.

Ein av utøvarane som låg i hovudfeltet, og også kunne studere utøvarane med det tradisjonelle utstyret var Petter Northug. Han hadde sjølv sagt at han hadde eit mål om å kome inn topp 20, og heldt lenge følgje med tetgruppa.

Men opp den tøffe bakken i avslutninga fekk han det tungt. På den siste kilometeren tapte han eitt minutt til teten, og måtte ta til takke med ein 36.-plass, etter å ha spurtslått Anders Aukland.

Vi kriga litt på slutten. Han fekk bakskia mine i siste sving, så då måtte han ta meg, sa Aukland etter målgang.

Les også Kampen mot den biologiske klokken

Anders Aukland

Spørsmål til kommentatorane

Undervegs i løpet kunne ein stille spørsmål til NRKs kommentatorar. Her er nokre av spørsmåla dei svara på:

Gjestekommentator, og proffsyklist Carl Fredrik Hagen blei av ein sjåar utfordra på kor lenge han kunne følgt med gruppa i teten:

– Vi må hugse at eg har aldri staka som dei gjer no. Eg trur realistisk, dersom eg skulle stilt på start i dag og staka med teten, så hadde eg i botn gass følgt eit par kilometer, trur Hagen.

– Men det er ikkje kapasiteten det går på?, spør kommentator Stoltenberg.

– Det går på spesifikk styrke og teknikk i høg fart, så eg hadde falt gjennom, seier Hagen, som viser til eit romjulsrenn der han møtte løparar frå Team Ragde og var med på deira oppvarming der det skulle stakast.

– Det tok ikkje mange minutt før eg måtte hjelpe til med beina, og dei utøvarane varma berre opp, seier han.

Ein annan sjåar var nysgjerrig på kva type ski som blir bruka i eit renn som Marcialonga, der det blir staka gjennom heile traseen.

– Nokre utøvarar går på skøyteski, nokre går på klassiskski, medan nokre også går på nokre spesiallaga skøyteski, laud svaret.

«Jørgen Nordhagen er eit kjempetalent i sykkel og langrenn. Kor lenge er det mogleg å kombinere det, før ein må ta eit val?»

Eg meiner personleg at å vere allsidig så lenge som overhovud mogleg er viktig. Han må for all del ikkje slutte å gå på ski i den alderen han er i no. Men det er også viktig at han tek eit val som han har trua på, som han no har gjort, svarar Hagen.

«Kva er den klumpen på leggen til blant anna dei fremste damene?»

– Det er anten ein form for varmesole, eller varmesokkar dei har på seg, så er klumpen på leggen batteriet. Det kan bli frykteleg kaldt når ein står og stakar, då det er lite bevegelse i beina, og skoa med karbonsolar ikkje er dei varmaste ein har på seg, svarar Østensen.

«Er de overraska over at det framleis er så mange med? Det er ikkje mange km igjen til bakken,» lurte ein sjåar på, då det framleis var eit stort hovudfelt som låg samla i herreklassa sju kilometer før målgang.

– Det er litt overraskande er det at det er eit såpass stort felt som framleis er samla, men sånn er det når breidda i toppen er såpass høg. Og med eit høgt tempo, og når det er såpass stor fordel å ligge i hovudfeltet, så er det vanskelegare å kome seg av garde, seier Østensen.

Siste nytt

  • Kollen-beslutningen er tatt: Ingen femmil i 2025

    Det blir ingen tradisjonell femmil i Holmenkollen neste vinter. I stedet skal VM-heltene fra Granåsen ut på 10 og 20 kilometer i nasjonalanlegget i Oslo.

    Det ble besluttet da langrennskomiteen i Det internasjonale ski- og snowboardforbundet (FIS) møttes i slovenske Portoroz onsdag.

    Verdenscuprennene i Kollen neste sesong legges til 15. og 16. mars. Det er helgen etter at VM i Trondheim er avsluttet.

    Det har vært strid rundt planene om å skrote den tradisjonsrike femmila i Holmenkollen på terminlista for 2024/25. FIS har ikke ønsket en ny og kraftkrevende femmil uka etter at løperne har vært ute på samme distanse i VM.

    Nå er beslutningen om å legge inn kortere renn i Kollen tatt.

    Lørdag 15. mars skal det gås 20 kilometer fellesstart i fri teknikk, mens det er klart for 10 kilometer klassisk med individuell start søndag 16. mars.

    – Det blir fantastisk med verdenscuphelg i Holmenkollen rett etter VM. Vi får to dager med spennende konkurranser, sier landslagssjef i langrenn, Ulf Morten Aune, til NTB. (NTB)

    Verdenscup i Holmenkollen 2024
    Foto: Beate Oma Dahle / NTB
  • Skiskytterprofilen Dorothea Wierer (34) fortsetter karrieren

    Onsdag kom bekreftelsen at Dorothea Wierer fortsetter karrieren som skiskytter. Hun tok også et oppgjør med rykter i sosiale medier.

    – Jeg prøver å ikke lese for mye av sosiale medier, men noen ganger er det umulig. Det har vært mange som har sagt at jeg har vært gravid, at jeg ikke har det i meg lenger eller at gjør det for pengene. Noen har også sagt at jeg kun gjør dette for å være på TV. Alt i alt er jeg en atlet og jeg gjør alltid mitt beste i det jeg gjør, sier Wierer til NRK.

    Wierer forteller at hun har tatt to måneder pause hvor hun har trent minimalt og levd «det vanlige» livet. Nå ser hun frem til å fortsette karrieren.

    – Jeg har akkurat bestemt meg, sammen med forbundet og mine trenere, at jeg fortsatt har det i meg. Jeg vil fortsette frem til OL i 2026, sier Wierer på pressekonferansen og fortsetter:

    – Det ville vært synd å avslutte karrieren på denne måten, sier Wierer.

    Sesongen 2023/2024 ble preget av sykdom og søvnvansker for 34-åringen. Etter VM, hvor en 10.-plass på den blandede stafetten ble det beste resultatet, valgte hun å hoppe av verdenscupsirkuset for å finne tilbake til seg selv, sier hun på pressekonferansen.

    – Jeg ser frem til å fortsette, sier Wierer.

    Denne sommeren skal hun jobbe som ekspert for Eurosport/Discovery under OL i Paris.

    Dorothea Wierer
  • Bekreftet: Trener Eirik Horneland forlenget kontrakten med Brann

    Fotballklubben Brann er enig med trener Eirik Horneland og resten av hans team om nye avtaler.

    Klubben melder selv om signeringene i sine mediekanaler.

    – Vi er veldig glade for at vi har fått med hele trenerteamet på nye og lengre kontrakter. Det er et unikt fellesskap i trenergruppen, og de fungerer veldig godt sammen, sier sportslig leder i Brann, Per-Ove Ludvigsen.

    – De har komplementære ferdigheter og samarbeider godt både på det menneskelige og det faglige. Det er en ambisiøs gruppe som vi er veldig fornøyd med å ha med oss i de kommende årene, legger han til.

    Hassan El Fakiri (toppspillerutvikler), Helge Haugen (fysisk trener), Dan Riisnes (keepertrener) og Daniel Nordheim Pedersen (analyse) har i likhet med Horneland forlenget avtalen ut 2026.

    – Det er en voldsom trivsel, og det er utrolig kjekt å jobbe med alle som er i Brann. Spillere, støtteapparatet, administrasjonen og styret. I tillegg er det en enorm entusiasme rundt klubben med folk som er lidenskapelig interessert. Den entusiasmen betyr mye, og det er utrolig kjekt å jobbe med her når klubben betyr så mye for så mange, sier Horneland.

    Han har vært i Brann siden 2020, først som assistenttrener for Kåre Ingebrigtsen. Deretter fikk Horneland selv jobben som sjef.

    – Det er dyktige folk i støtteapparatet, og vi har vokst nært hverandre. Det er flinke folk, og vi utfyller hverandre, så det er en fantastisk gjeng å jobbe med, sier Horneland.

    49-åringen har tidligere ledet Rosenborg og Haugesund samt Norges G18-landslag.

    (©NTB)

    Eirik Horneland etter kamp mot Strømsgodset.
    Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Sendeplan

Kl. Program Kanal